Alt låg til rette for ein kjempekamp denne onsdagskvelden på treningsfeltet på Hafslo. Sol, blå himmel og velbygde Veitastrondkroppar skaffa eit rekordoppmøte på ca 22 betalande, samt ein heil del snylterar (stort sett Kaupangerfans).
Veitastrond IL fekk byrje kampen med to straffar. Dette avdi Kaupanger ligg to divisjonar over VIL, altså i 4. divisjon. Desse straffane blei sikkert satt inn av Geir Årdal og Emil Heggestad. 2-0 og eit godt utgangspunkt i ein kamp der fansen var redde for stortap og rundspeling frå KIL si side.
Men den gang ei. Kaupangerspelarane hadde nok vore for lenge ute i sola, for VIL byrja presse frå start. Likevel vart det redusering 2-1 etter 4 minutt av Preben Strypet. Målet kom på heading etter eit innlegg frå høgrevingen.
VIL fortsatte å presse. Sola gjorde dei ellers så forfrosne strendingane godt, til tider var det slike sambatakter i laget at ein kunne tru dei var på eit diskotek i Mallorca. Etter 18 minutt sendte Arne Nes (bilete) avgårde ei lompe. Keeperen rygga litt for å ta i mot ballen, snubla i halen sin og datt bakover – saman med ballen – i mål. 3-1 til Veitastrond og stor latter frå publikum. Ein keepertabbe ein skulle hatt på video til seinare vorspiel. No såg det lyst ut for strondi igjen.
Men sjølv om VIL haldt eit jamnt press, og til tider utspelte Kaupanger, var KIL meir effektive framfor mål. I det 23. minutt vart ballen spelt tilbake til Ole Petter Heggestad, som hadde ein KIL-spelar i røvi. OP sentra tilbake til Sigbjørn Haugen i VIL-buret, som feilberekna ballen og lompeskaut den til Preben Strypet. Strypet lot seg ikkje be to ganger, og satte ballen i mål. 3-2.
I det 25. minutt var Emil litt frustrert og fekk gult kort av dommaren, som vil bli kommentert seinare. 5. minutt etter tok Gaute Olstad ein superlativ og knallhard takling på ein kaupsing som for veggimellom. Diverre fekk Gaute foten til kaupsingen på ankelen og måtte ut. Inn kom Bjørn Molland.
Etter 35 minutt kom det eit nytt innlegg frå høgrevingen til Kaupanger. Denne gangen var det Frode Kvam som var høgast oppe i lufta, og kunne nærmast kontrollere den forbi VIL-keeper. Diverre eit fint mål, til feil lag. 3-3
2. minutt seinare slo dommaren til igjen. KIL fekk ein straffe som var så billig, at ”Max20” kunne solgt den. Ole Christian Løvik var arrogant som vanleg, og satte ballen sikkert til sides for Sigbjørn. 3-4.
I det 43. minutt, etter 13 minutt på bana fekk Bjørn Molland gult kort, frå den elskelige dommaren.
Resultatet stod seg til pause. Då spratt Arvid Heggestad på beina og byrja ta inngangspeng frå dei frammøtte. Det må seiast at han var litt slapp i formuleringen då han spurte kvar enkelt om dei ”ville” betale... slikt blir det ikkje mykje peng av. Jan Heggestad vart imidlertidig Veitastrondi IL’s historiske første betalande publikum. Han vart dermed med i kamplotteriet: trekningen av ein eksklusiv fottur til Kaldakari.
I pausen var det 2 spelarskifte, Frank Heggestad og Tarjei Nordtveit gjekk ut, og inn kom Steffen ”Speedy” Hilleren og Rune Molland. Like etter vart målscorar Geir Årdal bytt ut med Terje Teigen.
VIL fortsatte å presse, men klarte ikkje å sette sjangsane. Dermed kom kaupanger og scora, totalt ufortent i det 51. minutt. 3-5 var resultatet, målscorar var eit anonymt krøllehovud.
4 minutt etter kom KIL’s Strypet igjen og fekk lobba ballen over VIL keeperen. 3-6.
I det 57. minutt fekk dei betalande tilskodarane litt valuta for pengane. Det gikk eit begeistra gisp blandt publikum då banens beste, den danske dynamitten, Per Christensen prøvde seg på eit brassespark. Minuttet etter fekk Arne Nes ei nydeleg pasning frå Emil Heggestad. Han sprang frå KIL forsvaret og lobba ballen snabelaktig over keeperkløna til Kaupanger. 4-6.
Øyvind ”Kouakou” Heggestad (biletet) blei bytt ut i det 60. minutt, og inn spratt sjefen sjøl, Frank Heggestad. Han var då så oppgitt over dommaren, at han måtte innpå så han kunne vise sin misnøye litt klårare. Diverre hjalp det ikkje, dommaren fortsatte med sin apartheidpolitikk og gav Kaupanger den eine fordelen etter den andre. VIL skulle hatt 2 straffar, blandt anna ein då Ole Petter Heggestad vart riven ned på 5-meteren. Men sidan drakta var blå og ikkje grøn, vart det ikkje ein dritt.
I det 71. minutt oppstod det ein særs artig episode, då ein avklaring frå Ole Petter Heggestad (?) gjekk inn i ein annan VIL spelar - rett tilbake i stanga til Sigbjørn Haugen og ut at i rein flipperspelstil.Bing - bam -boom.. Vel verdt 30 kroner i billettpris berre det.
Frank bytte seg derfor ut igjen i det 77. minutt, saman med Arne Nes. Inn kom Jonny Ølnes og Lars Magne Nes. Det var på tide å satse offansivt. Men sjølvsagt flaksa KIL seg framover på bana, og minuttet etter kunne ein umarkert Frode Kvam sette inn sitt andre mål for dagen. 4-7.
2 minutt etter satte Strypet inn ein ball med hovudet. Også denne grunna markeringssvikt. Uekte hattrick, 4-8 og cupdraumen hadde allerede satt seg på bussen og reist.
Arne Nes og Richard H. Nes vart bytta ut i det 83. minutt, inn kom Øystein Heggestad og Tarjei Nordtveit. Men gjestene måtte sjølvsagt få eit mål til, og nok ein bastard hattrick. Frode Kvam scora i det 87. minutt.
Kampen enda 4-9, i ein kamp der Veitastrond dominerte mesteparten av kampen. Ein KIL-spelar som vil vere anonym pga frykt for represaliar kunne innrømme til underteikna at ”Me (KIL) spelte utruleg dårleg i dag” og at VIL spelte stimulerande godt. Men diverre er det måla som tel i fotball, og KIL klarte å omsette fleire sjansar enn Veitastrond.
Likevel kan me med handa på hjertet sei at dommaren må ha hatt ein av sine dårligaste kampar nokonsinne. Ja i dag var han råten som ein rakfisk. Kvar gong han var i tvil om noko bles han frispark til KIL, i 90% av VIL sine angrep bles han offside (berre for å vere sikker), KIL fekk billig straffe – VIL fekk IKKJE straffe på to klare overgrep... Årdalsdommaren er visst nok både fotball og handball dommar, men i kveld trur eg han dømte curling. For dette hang ikkje på greip, sett frå VIL sitt standpunkt. Beklagar, men sannheita svir.
Banens beste var som sagt Per Christensen. Importstjerna jobba som ei hyperaktiv duracell-kanin på speed, og var overalt på bana. Hjernerystelsen han fekk og dei 5 stinga han måtte sy etter kampen mot Syril har tydelegvis berre forbetra guten ytterligare. Ja det er dejlig å ha ein danske på strondi.
(Høyrt frå publikum: ”detta va snårpåsedømming”.)