Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Oppsummering Debutseesongen 2004

Av Frank Beckham

Frank Beckham Heggestad oppsummerar debutsesongen.
Gode fotballvener!

Spelarar, supportarar, dommarar, støtteapparat, presse og kringkastning!

 

Ja då er debutsesongen over, og det er på tide med eit lite tilbakeblikk.

På eit spelarmøte før sesongen vart me enige om at målsettjinga var å bli blant dei tre beste laga i divisjonen. Med den stallen me rådde over og resultata me hadde vist i treningskampane hadde me tru på at dette kunne vere eit realistisk mål. Det viste seg at det vart i det tøffaste laget. Det vart 17 poeng og 6.plass på tabellen. (red: kremt, det er verdt å leggje merke til at web-sniken Pelle sin kommentar, var at me skulle vere nøgde dersom me klarde å få 2 lag under oss på tabellen, kremt - Pelle)

 

Fulle av forventning tok me turen over Esefjorden og til sesongens lengste tur, bortekamp mot Balestrand. Det var nyopning av Balestrand sitt flotte anlegg, med ei nydeleg kunstgrasbane. Sjølv om me var fullt på høgde med Balestrendingane vart det tap 3-1.

Nedturen fortsatte i neste kamp der det vart 3-0 tap mot eit middels Kaupanger 2 lag.

 

Årets fyrste 3-poengar kom i kampen mot Syril 2 på Hermansverk. I denne kampen viste me ein heilt annan innstilling og hadde verkeleg lyst til å vinna kampen. Men sigeren sat langt inne, men me vann 4-3. Herleg!

Etter sigeren mot Syril 2 gjekk me inn i det svartaste kapittelet så langt i VIL Fotball si korte historie. Tre stygge tap på rad, 1-5 mot SIL 3, 1-7 mot Lærdal og 3-8 mot JÅFK 3.

 

Sesongens andre siger kom mot Norane, der me vann 4-2  på Ylvisåkergrusen.

Me tok ferie etter ein skuffande vårsesong med fattige seks poeng.

 

Onsdag 11.august var det duka for fotballhistorie i Sogn og Fjordane. Den fyrste ordinære seniorkampen gjekk av stabelen på Leikvoll. Men det som skulle vere ein fest for spelarar og publikum på Strondi, enda med eit stygt 1-6 tap mot avdelingsvinnar KIL 2, som stilte med seks spelarar frå a-laget sitt.

 

Det fyrste heimepoenget kom mot Syril 2, i ein kamp som enda 3-3, men som vil bli hugsa for dei mange sjansane Strondi brende, samt det særdeles billige straffesparket Syril fekk av dommar Tostein frå Årdal, for øvrig den beste dommaren me har hatt på Strondi i år. Og det må seiast at det er skremmande å sjå kor lågt nivå det er på dommarstanden her i fylket. Dommarar som Rømmen, Hestetun og Midtun er totalt hjelpeslause, og gidd ikkje å følja med på det som skjer ute på bana. Det blir tilfeldig om dei dømmer det eine eller andre, og dette fører igjen til at spelarane fort blir frustrerte og heite i toppen. To konkrete situasjonar er Bjørn Molland si takling på ein Lærdalspelar og underteikna si takling på ein Noranespelar, taklingane kvalifiserer til direkte raudt kort. Men det er frustrasjon som oppstår på grunn av at domarane ikkje får me seg stygge situasjonar som skjer rett i forkant.

 

Etter kvart byrja vi endeleg å vise det potensialet som vi veit bur i oss. Kampen mot Sogndal 3 enda med 4-2 siger, og det var årsbeste av laget, som og her kunne ha skåra mange fleire maol.

 

Me spelte ein brukbar kamp mot Lærdal og men tapte ufortjent 5-4, etter tre stolpeskot og lite hjelp frå ein møkkamann i svart Anders Hestetun (72).

 

Kampen etter var årsbeste med 6-3 siger over JÅFK 3. her viste me kva som bur i laget, og rundspelte årdølene etter alle kunstens reglar. Dette gjekk faktisk så hardt inn på bussjåføren til JÅFK, at han nekta å takka for kampen, og då underteikna ikkje kunne dy seg å kalla han for dårleg tapar, kom han med ein kommentar eg ikkje trudde var mogleg frå ein mann på rundt 30: ”Gå heim å p.. sauen din”. Lavmål!!!

 

Den siste kampen mot Norane vart meir som eitt gjørmeslagsmål, som me til slutt vann 6-5 etter tre mål av keeper Sigbjørn Haugen, som bytte plass me underteikna i pausen. Og då fekk me vel sjå at me begge har spelt på feil plassar i årets sesong. Han spelte mykje betre enn meg  som utespelar. Og redninga som underteikna gjorde på skotet til Even frå Norane er slikt som ein som regel berre ser på TV, og knapt nok der!

 

Emil Heggestad, divisjonens klart beste midtbanespelar!
Det har vore svært gledeleg for meg som trenar å sjå den utviklinga me som lag har hatt i frå våren til no i haust. Og sjølv om mange spelarar har vore gode, må eg må få trekke fram tre spelarar som verkeleg har heva laget, og vist at dei er uunnværlege både på og utanfor bana.  Richard, Bjørn og Emil! Emil er rivjarnet på midten med erfaring frå bl.a Fjøra og SIL 2. Divisjonen sin beste midtbanespelar! Bjørn med tekniske finessar og stikkarar som berre Zidane gjer han etter. Richard er murbrekkaren på topp som har dunka inn 13 mål på 14 kampar, kan han bli ein ny Van Nistelrooy? I tillegg til dette har dei lagt ned enormt med dugnadsarbeid for klubben. Og dette er noko som har vore alt for lite fordelt denne sesongen, det er dei same seks-sju personane som har gjort det meste av arbeidet. Eg må og få takke Hildegunn som har gjort ein kjempejobb som oppkvinne, håpar du blir med neste sesong og ”Gunny”.

 

Det er mange som skal takkast og som har gjort ein kjempejobb for laget i år, men ein som har gjort sesongen artigare og meir inspirerande er Pelle Pimp. Ein fantastisk jobb med heimesida vår, ein jobb som krev mykje meir enn kva mange trur, referata er heilt fantastiske!

I tillegg har han vore med på å lage god stemning på heimekampane våre med sine mange sprell. Og når det gjeld heimekampane våre må eg få takke verdens beste publikum. Den støtta me har fått frå dei har vore over all forventning!

 

 

Til slutt vil eg få takke for meg. Det er ikkje alltid like lett når ein skal vera trenar for over 20 kompisar. Nokon blir skuffa kvar gong, men eg har ikkje høyrt ein negativ kommentar frå nokon som er blitt vraka eller ikkje blitt vurdert som gode nok for laget. Sjølv om det har vore både artig og inspirerande å prøva seg som trenar så avsluttar eg med desse orda:

 

”Eg vil takke for meg

for denne gong,

nokon andre får ta over

neste sesong.

Sjølv om det ikkje

vart så mange poeng,

håpar eg me har gleda

både pike og dreng”

 

 

Frank.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com