Det vart tap 3-1 for VIL Fotball i seriepremieren mot Balestrand på det nye flotte anlegget på Kreklingen.
VIL spelte ein dårleg første omgang, og var heldige som gjekk til pause med 1-0 til Balestrand.
I 2.omgang klarte VIL å løfta spelet, og det var fullt fortjent då Gaute Olstad kriga inn ein corner. Etter dette skapte VIL fleire brukbare sjansar, men fekk ikkje ballen i mål. I staden utnytta Balestrand eit sovande VIL forsvar og gjekk opp til 2-1. Mot slutten kasta VIL alle mann i angrep, noko som resulterte i at Balestrand kontra inn 3-1 i sluttminutta.
Kampfakta
Balestrand - Veitastrond 3-1(1-0)
1-0 25min
1-1 55min Gaute Olstad
2-1 65min
3-1 89min
Veitastrond (4-4-2)
S.Haugen - G.Olstad(R.Molland), Øyvind Heggestad(O.Molland), F.Heggestad, J.Hilleren(J.Ølnes) - S.Hilleren(T.Nordtveit), E.Heggestad, B.Molland, P.Christensen - A.Nes, R.Nes(Ø.Heggestad)