Veitastrond skulle til Kaupanger å revansjere den begredelege innsatsen mot Balestrand tysdag. Men som vanleg starta VIL dårleg og KIL 2 hadde fleire store sjansar i 1.omgang, men dei leia berre 1-0 til pause. Geir Ove Engebø vart utvist på slutten av fyrste omgang for å ha sparka etter Øyvind Heggestad. Ei korrekt avgjerd av ein ellers god dommar, Terje Blomseth.
Med 11 mot 10 mann i 2.omg skulle alt ligga til rette for opphenting frå VIL, men så skjedde ikkje. Det einaste VIL skapte var ein annulert skoring frå Richard Nes og nokre halvsjansar.
VIL viser i denne kampen totalt mangel på innsats og vilje til å vinna. Dersom laget ikkje skjerpar innsatsen og spelet framover kan det bli ein tung sesong.
Kampfakta
KIL 2 - VIL 3-0(1-0)
1-0 30 min
2-0 60 min
3-0 82 min
VIL Fotball (3-5-2)
S.Haugen - Øyv. Heggestad(J.Ølnes i 15 min), F.Heggestad, G.Holstad(J.Hilleren i 30min) - A.Nes, E.Heggestad, B.Molland(Eldar Åsebø i 10min), P.Christensen, T.Nordtveit - G.Årdal(L.M.Nes i 20 min)R.Nes(Øys. Heggestad i 15min)