(med forbehald om grove feil)
Med ein forrykande pangåpning sette Veitastrond lista for kampen. Importstjerna frå Stavanger, Tarjei Nordtveit, fekk etter ca 1 minutt av kampen ballen på foten, og mosa til. Rett i nota bak ein forvirra Systrending/ "Leikaring"-keeper Erling Fykse. 1-0 til VIL.
Like etterpå kom VIL si andre importstjerne, denne frå Danmark, Per Christensen på ein kåntring og satte like godt ballen i nettet han óg. 2-0 til VIL.
Og VIL-stjernene fortsatte å presse på. Frank Heggestad var som alltid middels (kremt) engasjert og fekk eit fint gult kort, gratis, av dommaren i det 30 min. Grunnen var litt knufling, samt eit ord som han neppe vil lære vekk til junior.
I det 34 minutt, sleit Sigbjørn Haugen seg fri frå ein forsvarar og dunka ballen til sides for keeper, ja faktisk neeesten i krysset. 3-0 til VIL.
Etter dette slappa nok VIL litt av. Syril la seg frampå og byrja å yppe, og i det 36. minutt, etter mykje lilleputt-klyngespel innanfor 16-meteren til Odd Einar Molland, kom det eit kanonskot som definitivt skulle ha gått i nota... Hadde det ikkje vore for at Øyvind Heggestad rekte hendene i veret, og redda fabelaktig. Berre så synd han ikkje stod i mål. Dommaren gjorde som han (diverre) måtte, og drog fram det raude kortet. Mykje tyder på at eldste Heggestad overvurderte sin eigen høgde og trudde han skulle få ballen i trynet.
"Da (skotet) va no so jævla hardt mann" - var i alle fall kommentaren frå syndaren.
Dermed var det duka for straffe for Leikaringane. Erlend Husabø gjekk opp til krittmerke og satte ballen til sides for Odd Einar Molland, som tøtskja ballen med fingertuppane. 3-1 til VIL.
I beste Sogndalstil knakk dermed VIL litt saman, slik me har sett dei har gjort før i år når motstandaren har fått mål. Og i det 40 minutt kunne ein ukjend Syrilspelar lure ballen forbi eldste Molland. 3-2 til VIL, som heldigvis klarte å halde leiinga fram til pause.
Etter pause hadde VIL gjort eit skifte, ut gjekk Bjørn Molland - den mellomste bukkene Molland, og inn gjekk Richard H. Nes - panserspiss.
Og etter pause var det Syril som tok initiativet. Dei pressa og pressa, til mesteparten av safta deira seig ut. Lars Aardal på Syril vart så sliten at han skaffa seg eit gult kort i det 67. minuttet, sikkert for å muntre seg sjølv opp litt.
Arne Nes vart, etter eit utall taklingar, til slutt straffa med eit gult kort i det 70. minutt.
Etter å ha sprunge som ei bloddopa gaselle på venstrevingen enda det med krampetendensar for Tarjei N. i det 71. minutt, og han vart bytta ut med Steffen Hilleren.
I det 87. minutt var det på tide med meir friskt blod, denne gongen gjekk Arne N. ut og inn kom løpsmaskin og kondiskongen Lars Magne Nes.
Dette førte tydelegvis til ein pirring i skotfoten til Richard, for minuttet etter kom han seg forbi Syrilforsvaret og klinka ballongen i mål. 4-2 til VIL. Richard tenkte for seg sjølv at dette var spikaren på kista og reiv like godt av seg drakta på overkroppen. Eit strippeshow som kunne gått rett inn på ei luguber bule i Thailand.
Diverre ville domaren det anleis. Han likte å legge på godt med tid. Det hjalp heller ikkje at arbeidsjern og målscorar Per Ch. gjekk ned for telling etter ein hovudduell. Dansken fekk eit djupt kutt i panna, og blødde meir enn eit slakteri. (Rykter seier at han gjordes på det for å sikre seg ei fast drakt, for den drakta blir aldri rein att. (Sterke bilder kjem seinare))
Dei 90 minuttane gjekk, og me gjekk over til tilleggstiden. Og for ei tilleggstid.
I det 91. minuttet, mens Veitastrondfansen var godt nøgde, klarde sjølvsagt Syril å putte eit lompemål i buret. 4-3 til VIL, og veitastrondfansen skalv no i kne og samtlige ledd i kroppen. Presset til Syril var direkte skummelt å sjå på frå sidelinja, og sikkert enda verre å føle på bana.
Endeleg, etter bortimot 10 minuttar overtid, bles dommaren i fløyta, og VILs fyrste seriesiger var i boks! Ein historisk dag me håpar det blir fleire av.
Forresten artigt å sjå at nesten alle kasta til VIL blir teken av Gaute Olstad, uansett kor på bana kasta blir tekne. Denne stjerna blir dirigert frå høgre back fram på venstre ving for å ta kast, og han spring frå kast til kast. Kondis!
Takk til alle oppmøtte, fortset slik!!!
KAMPFAKTA:
VIL - SYRIL
Corner 8 4
Skot på mål 15 8
Frispark 5 11
Gult kort F. Heggestad Lars Aardal
A. Nes
Raudt kort Øyvind "Kouakou"
Heggestad
Mål T. Nordtveit 1. min. E. Husabø 37. min.(str.)
P. Christensen 2. min, - 40. min.
S. Haugen 34. min - 91. min.
R. H. Nes 88. min
Desse var med:
Odd Einar Molland
Gaute Olstad/Frank Heggestad (litt inn og ut desse) - Sigbjørn Haugen - Ole Petter Heggestad - Øyvind Heggestad (fyfy 36. min) - Geir Årdal - Per Christensen (aua 90. min) - Arne Nes (Lars Magne Nes 87. min) - Emil Heggestad - Bjørn Molland (Richard H. Nes 45. min) - Tarjei Nordtveit (Steffen Hilleren 70. min)
Gløymt nokon?
(Høyrt frå sidelinja: "Det blir i alle fall ikkje nedrykk i år".)