Onsdag stillte nesten heile troppen til kamp mot Kaupanger, i dag derimot møtte det opp så få spelarar, at VIL kun hadde 3 innbyttarar. Deriblant Arvid Heggestad som framleis er under restitusjon. Var folk slitne etter cup-kampen eller gidd dei berre ikkje møte opp? Nokre gonger er i alle fall oppmøte for dårleg.
Kampen åpna i alle fall jamnt. Sogndal pressa nok meir enn VIL, men klarte ikkje sette sjansane sine.
I det 10. minutt såg det ut som om VIL skulle ta ledelsen, då Per smokka av eit frispark frå ca. 20 meter. Beklagelegvis gjekk ballen mos i tverren.
I det 16. minutt fekk SIL ein korrekt idømt straffe, då Per Christensen kløpte ned ein SIL3 spelar innanfor 16-meteren.
Sindre Øgard, VILs pressevenn, satte ballen trygt og presist i mål. 1-0 til Sogndal 3.
I det 18. minutt fekk ein SIL spelar komme seg fri på venstresida, Sigbjørn Haugen i VIL målet kom ut for å møte, men skjønte fort at han var komme for langt ut. SIL spelaren lobba elegant over Sigbjøn, men rekna ikkje med spretten ballen ville få når den landa att. Dermed spratt ballen akkurat over tverrleggaren til VIL. Puh!
Sidan gjekk kampen att og fram, SIL3 pressa og pressa, men forsvaret haldt stand. VIL fekk ballen og gjekk i angrep, men mista som regel ballen pga for mange småpassningar og for lite egosentrisk spel(?)
Når dei endeleg fekk løyst opp spelet litt, og brukt sidene av bana gjekk det betre. I det 36. minutt kom ballen ut på høgresida, der Gaute Olstad hadde eit sinnsjukt løp frå bak midtbanestreken og heilt fram på vingen. Sist gang Gaute sprang så fort hadde han mor si (med kjevla i handa) etter seg. Gaute fekk lurt av ein SIL spelar og la ballen 45 grader ut. Som teke frå taktikkboka stod Arne Nes der og kunne plassere ballen forbi SIL-keeperen. 1-1 og VIL publikumet såg lyset i enden av tunnelen.
Stillinga haldt seg til pause. Og det vart no foregått eit byte. Tidlegare SIL spelar Eldar Åsebø gjekk ut, og inn kom Richard H. Nes.
Den umiddelbare byrjinga på 2. omgang var eit bilde på korleis resten av kampen ville gå. Tarjei Nordtveit fekk nemleg ballen klink i trynet og gjekk ned for teljing. Lettare omtåla kom han seg på beina att.
I det 51. minutt fekk SIL sjå styrken i panserspissen Richard H. Nes. Etter eit raid han tok på høgresida, som diverre vart stoppa ved 16-meteren, låg det 2 SIL spelarar nede for teljing bak han. Eit tydeleg eksempel på kroppsstyrken til VIL, noko som burde vore utnytta bedre blant alle.
Etter 54. minutt kom det fyrste gule kortet, frå ein ellers god dommar. Steig Åge (?) på SIL3 fekk kortet etter ein brutal nedkløpping. Denne guten bør ikkje bli frisør.
Så byrja elendigheita. Etter 58. minutt fulgte SIL3 i VIL sine lærebokeksempel. Ut på høgrevingen, 45 grader inn og ut i feltet, der stod Sigve Aaberge merkeleg umarkert, og klinka ballen i nota. 2-1 til SIL.
I det 60. minutt fekk SIL3 frispark på ca 25. meter. I følge Aasen, som er kjend for sin konstante munndiaré - på bana og ellers - meinte det var fordel og gav dommaren huden full. Dommaren gjekk utpå sidelinja og tok ein prat med Aasen, noko som sjølvsagt ikkje hjalp. Frisparket vart likevel teke, og i det som såg ut som ei skikkeleg lilleputt, eller kanskje mygg-klyngje fekk SIL3 sleiva ballen inn. VIL spelarane meinte det var angrep på keeper, underteikna har ikkje peil, målet såg berre idiotisk ut. Beklagar. 3-1 til SIL3.
I det 65. minutt hadde Gaute Olstad sprunge nok for i dag, forståele nok, og Eldar Åsebø fekk inn på bana att som høgreback. 5 minutt etter gjekk Emil Heggestad ut, og Jonny Ølnes fekk spissrolla.
Bjørn Molland var litt sein i ein takling i det 73. minutt, og vart belønna med eit gult kort.
Det blei for mykje sprik mellom midtbana og forsvaret til VIL, og i det 75. minuttet kunne Fredrik Skjeldestad krongle seg gjennom VIL forsvaret og putte ballen i mål. 4-1 til SIL3.
2 minutt etter hadde Tarjei ein klassisk, nydeleg finte på venstrevingen. Han berre sparka balen rundt forsvararen og tok den att i det han flisa guten. Diverre vart avsluttninga på mål litt baktung. 3 minutt etter tok krampa han, og Tarjei blei bytta ut mot Øystein Heggestad.
Geir vart "lettare irritert" i det 85. minutt og fekk eit gult kort.
2. minutt etterpå kom Stein Åge(?) på SIL3 og fekk fumla ballen i mål. 5-1 til SIL3, som stod seg til kampslutt.
Dette var ein av dei meir dårlige kampane til VIL. Med ein del spelarar vekke, nokon på fylla dagen før(?), og folk slitne etter cupkampen onsdag - var det likevel eit skuffande resultat. Men ein ting er sikkert, med fullt mannskap skal ein kunne slå SIL3, sjølv om dei neste gong og spelar med ein del SIL2 spelarar.
CA. KAMPFAKTA; VIL - SIL3
Corner 2 9
Offside 1 4
Skot på mål 10 20
(& litt utanfor)
Frispark 10 19
Gult kort Bjørn Molland 73m Stein Åge (?) 54m
Geir Årdal 85m
Mål Sindre Øgard 16m (str)
Arne Nes 36m
Sigve Aaberge 58m
???? 60m
Fredrik Skjeldestad 75m
Stein Åge (?) 87m
Laget:
Sigbjørn Haugen
Ole Petter Heggestad - Gaute Olstad(ut 65m) - Geir Årdal - Rune Molland - Eldar Husabø (ut 45m - inn 65m) - Per Christensen - Emil Heggestad (ut 70m) - Bjørn Molland - Tarjei Nordtveit(ut ca 80m) - Richard H. Nes(inn 45m) - Jonny Ølnes(inn70m) - Øystein Heggestad(inn ca 80m) - Arne Nes