|
Som vanleg byrja VIL sterkt. Dei pressa JÅFK, og fekk skapt ein del sjansar. Etter17 minutters spel sentra Gaute ballen over JÅFK forsvaret. Arne brukte sine lange, lekre lår og sprang frå forsvaret, fekk ballen og lada opp kanona si. Keeperen fekk ei hand på ballen, men den hadde slik fart at den gjekk bang i buret. 0-1 til VIL.
Diverre skapte JÅFK ein del sjansar også, og kunne etter 29 minutt lobbe ballen over Sigbjørn i VIL-målet. 1-1.
Men Veitastrond gav ikkje opp endå. Etter 33 minutt fekk Emil passa eit utruleg vakkert innlegg inn i feltet. Lekker-legget landa på hovudet til Arne som plasserte ballen erogent i krysset. 1-2 til heltane frå Veitastrond.
Men ein kan ikkje kvile på laurbæra, eller andre bær for den saks skuld. JÅFK var sugne på siger og fekk ein corner i det 38 minuttet. Denne vart løfta inn i feltet og havna til slutt over ved bakerste stolpe. Der fekk ein årdøl stå i fred og banke inn redusering til 2-2.
Og som ikkje det skulle vere nok, får Årdølene frispark minuttet etter. JÅFK skyt ei lompe, som på merkeleg vis går rett i nettet. 3-2 til JÅFK, og dei frammøtte VIL-supportarane byrjar å frykte tap.
Eit minutt ut i andre omgang blir Eldar felt stygt av ein JÅFK spelar som fekk gult kort for innsatsen. Ei rett avgjerd av ein imponerande og tilfredsstillande dommar.
I det 50 minutt må Arvid ut pga ein strekk, og Lars Magne bykser ut på bana. 3 minutt etter tek JÅFK ein corner, som etter klabb, babb og møljespel havnar på ein merkeleg måte bak Sigbjørn i VIL-målet... 4-2 til JÅFK.
I det 56 minuttet blir Veitastrond totalt rundspelt. Rundspelt i dei grader at nokre av publikum måtte sjå vekk for ikkje å bli merka for livet. ”Verre enn Jesus-filmen” kom det frå sidelinja. 5-2.
Men den flygande dansken skapte eit lite håp at i det 58 minutt, då han viste fram litt dansk dynamitt. Etter ein corner får han mosa ballen i lengste hjørne. Eit fint mål av ein (som vanleg) imponerande Per. 5-3.
VIL-stjernene fekk ein liten gnist, og pressa på minuttet etter. Richard fekk ein kjempesjanse, men ballen vart snappa opp av ein JÅFK forsvarar og peist framover. I løpet av 4 JÅFK trekk låg ballen i nota til VIL, eit dødeleg effektivt Årdalsangrep. Dermed gjekk lufta ut av VIL-laget, og oppdama hadde gløymt å ta med pumpa... 6-3.
I det 65 minutt kom Jonny Ølnes inn for Rune Molland.
Dagens mest morosame hending skjedde likevel i det 79 minutt. Ein JÅFK spelar med sans for potetgull, men som mangla fart, rakk ikkje å komme ut av offside. Dette hadde han slite med tidlegare i kampen, men meinte at dommaren hadde skulda for sin manglande akselerasjon. Han brukte dermed nokre ufine Årdalsgloser mot dommaren, som svara med eit raudt kort. Ein smule irritert måtte JÅFK-spelaren gå i dusjen. Minuttet fekk ein annan JÅFK spelar gult kort for munnbruk.
Ca. her kom Lars Arne inn for Eldar, men tidspunkt er uvisst då underteikna var oppteken med å stappa rotten full av snop frå ein godtepose. (Takk Silje og Anita)
Men det gjekk som det måtte gå, i det 84 minuttet kom det eit merkeleg sprett”skot” mot keeper Sigbjørn i VIL-målet. Sigbjørn prøvde å gi bånn gass i revers, men ballen spratt over han og Siggen klarde berre å få ein vetlefinger på ballen som havna i mål. 7-3.
I det 90 minuttet felte Gaute ein årdøl, og fekk eit heilt ålreit gult kort. Diverre førte dette til nok eit frispark som gjekk i lengste hjørnet. 8-3 til JÅFK, og ei dyster stemning blant publikum. Minuttet etter måtte Emil ut med strekk, og inn kom Eldar igjen. Jonny fekk dermed prøve seg som kaptein i det halve minuttet før kampen var slutt – og alle var einige i at Jonny gjorde ein god jobb som vikar.
CA. KAMPFAKTA; VIL - JÅFK3
Corner 2 5
Offside 3 8
Skot på mål 12 18 (& litt utanfor)
Frispark 15 7
Gult kort Gaute Olstad 90m ??? 46m & 80m
Raudt kort ??? 89m
Mål Arne Nes 36m ???? 29m Arne Nes 33m ???? 38m ???? 39m ???? 53m ???? 56m Per Christensen 58m ???? 59m ???? 84m ???? 90m |