Det var duka for vårsesongens siste kamp. Kampen mot det einaste laget som låg under VIL på tabellen, Norane. Bortsett frå litt vind, var veret flott og la alt til rette for ein fotballfest på grus/sandbana.
Norane pressa VIL i byrjinga av kampen, og allereie etter 9 minutt kunne Norane skåre sitt fyste mål, rett nok på offside... 1-0 til Norane.
VIL kom etter kvart meir inn i kampen, sjølv om enkelte av Noranespelarane ikkje ville det. Even Kvam hadde til dømes ein rekke alvorlig stygge taklingar denne dagen, men vart aldri premiert med kort - frå ein dommar som lot kampen få utvikle seg til eit slagsmål til tider. Gaute Olstad vart blant anna liggande stiv i eit halvt minutt etter ein hovudduell med Even Kvam i det 12 minuttet.
I det 15. minuttet fekk Bjørn Molland ballen ut på 20 meter, og fyrte av eit kanonskot som fekk dei tilreisande VIL-supporterane til å skrike av beundring. Eit rekordstort VIL-publikum som skapte maksimal stemning på tribuna - til dei 3-4 Norane supporterane sin ergelse. Beklagelegvis fekk keeperen snappa skotet i tide.
Men i det 22 minuttet fekk VIL-publiken det dei hadde venta på. Richard H. Nes fekk tufla ballen i mål etter ein kårner. I alle fall trur eg det var Richard, for i ei slik mølje som det var foran mål, var det ikkje lett å sjå kven som fekk den siste tåa på ballen. Keeperspelet til Norane var i alle fall forferdeleg. 1-1.
Sidan gjekk kampen slag i slag fram til pause.
4 minuttar ut i 2. omgang var Richard målkåt igjen. På eit lekker gjennomspel kunne Richard motta ballen og lobbe den elegant over keeperen til Norane. Jubelbrøl frå VIL-publiken.
1-2 til VIL!
Minuttet etter var Geir Årdal litt vel treig inn i ein takling, og fekk eit korrekt idømt gult kort.
Men det var ingen grunn til å slappe av sjølv om VIL leda. 2 minuttar etterpå oppstod det ein særs merkeleg situasjon. Tidligare omtalte Even Kvam vart kreditert eit mål, etter at han hadde jukka målet ut av stilling. Like før vart Geir mosa i ein hovudduell og fekk ein Norane spelar over seg. Årdal tende på ein halv plugg, og gav Noranespelaren eit lite slag i røvi, noko Geir fekk eit nytt gult for - og dermed RAUDT! Det var dette som markerte den bråe overgangen til dommaren, frå ein ganske godt dømt 1. omgang, til ein sterk favorisering av Norane i 2. omgang.
2-2.
Likevel fekk VIL eit frispark i det 57. minuttet. Ballen låg på ca. 22,7 meter frå mål og Frank "Beckham" Heggestad lada storkanona. Ballen skrudde seg over og forbi muren og BADABOOM i mål. Keeperen stod berre og lurte på kva han skulle ha til kvelds. Han skjønte tydelegvis ikkje kva han skulle gjere... Eit nydeleg mål.
2-3 til VIL!
I det 70 minuttet fekk ein STOR Norane spelar gult kort då han prøvde å køyre over Sigbjørn Haugen i VIL-målet.
Med 3 mål totalt etter denne kampen ville Richard H. Nes komme på delt 1. plass på toppscorar lista, saman med Arne Nes. Men Arne hadde ikkje tenkt å høyre på skrytet til Richard heile sommaren, og fann ut at han måtte gjere noko. I det 78. minuttet kom han seg framover på bana, blei halvegs tryna av ein Noranespelar, men kjempa seg vidare og fyrte av frå ca. 18,3 meter. Klin i krysset!!! Ei erogen bølgje slo over VIL-publiken og dei braut ut i ekstase. 2-4 til VIL og Arne Nes kunne igjen trone toppscorarlista åleine.
I det 87 minuttet vart Jonny Ølnes satt inn for Steffen Hilleren, og Eldar Åsebø inn for Emil Heggestad. 3 minutt etter kom Lars Arne Nes inn for Rune Molland og Lars Magne Nes inn for Richard.
Jonny Ølnes hadde ein megasjanse på slutten, då han dribla seg gjennom Norane-forsvaret. Men i det han tok ein tunnel på ein nør, og skulle ta att ballen på den andre sida hoppa Arne Nes inn og mosa ballen over mål. Me veit du har lyst å dra frå på toppscorarlista Arne, men denne gongen kunne du la Jonny ha scora :o)
Etter 4 minutt overtid kunne dommaren endeleg blåse av, og VILs andre seriesiger var i boks.
Ut frå statistikk og ellers er det lett å sjå ei forbetring i VIL laget, sidan seriestarten. Laget har vorte meir rutinerte allereie. Dei mange stygge taklingane tidleg i sesongen har teke slutt, og antall fargekort har blitt betydeleg redusert. Det samme har frisparka. VIL har i dei 2 siste kampane laga mindre frispark enn motstandarane. Laget prøver å få meir flyt på spelet, og unngår dei store enkeltmannsraida som ikkje endar i noko. VIL har vokst betydeleg som eit lag, og det skal bli utruleg moro å få sjå resten av kampane - NO PÅ HÈIMEBANE!!!
Nye Leikvoll stadion har fått eit nydeleg dekke, og VIL kan no skryte av å ha den finaste bana av samtlige lag i serien.
Tusen takk til alle dei frammøtte supporterane under kveldens kamp. Me håpar at de fortset å fylgje laget på bortekampane neste sesong, og me håpar de dreg med dykk alle de kjenner på heimekampane i haustsesongen.
VEITASTROND IL YNSKJER ALLE GOD SOMMARFERIE ENN SÅ LENGE, ME SNAKKAST PÅ NYE LEIKVOLL STADION 11. AUGUST, TIL FOTBALLFEST AV DIMENSJONAR - MOT KAUPANGER 2!!
CA. KAMPFAKTA; VIL - Norane
Corner 3 3
Offside 4 2
Skot på mål 17 12
(& litt utanfor)
Frispark 23 17
Gult kort ??? 70m
Raudt kort Geir Årdal 51m
Mål offsidemål 09m
Richard H. Nes 22m
Richard H. Nes 49m
Even Kvam 51m
Frank Heggestad
pornofrispark 57m
Arne Nes 78m