Eller tapte Veitastrond rett og slett fordi Nye Leikvol Stadion er forbanna? Det går nemleg rykter om at bana ligg på ein gammal viking-gravplass, og at dette skapar ulykke og ufyselegheit hjå spelarane. Ikkje veit eg, men om dette er tilfelle bør ein kjøpe inn eit par harelabbar, for bana er alt for fin til å leggast ned.
Veitastrond åpna kampen godt. Dei klara å lage press mot kaupsingane, og haldt kampen gåande. Dessverre skjedde det, som aldri skulle ha skjedd. Ein kaupsing la seg ned innanfor 16-meteren, og synte skuespel som sjølvaste Jan Åge Fjørtoft ville misunt. Dommaren var dum nok til å bite på, og gav kaupanger straffespark. 6 minuttar ut i kampen kunne Stig Ove Rygg legge ballen til rettes på krittmerket, og fyre av. Men Sigbjørn Haugen i VIL-buret redda!! Og dei mange frammøtte strendingane jubla i ekstase i 3 sekund, då returen frå Sigbjørn vart sett i mål, på Rygg’s andre forsøk. 0-1 til Kaupanger 2.
Sjølv om KIL2 leda, hadde VIL fremdeles ein del føter innom spelet. Likevel fekk Kaupanger komme til litt for mange sjansar. I det 20. minuttet kom det til dømes eit nydeleg legg frå venstresida til KIL2, som gjekk i perfekt boge til bakerste. Dei 2 KIL spelarane der, skulle berre kunna sette ballen i mål, men istaden kræsja dei med kvarandre. Takk og lov.
4 minutt etter fekk VIL ein av kjempesjansane sine, på corner. Emil passa kort til Per på corneren, la inn, men ballen gjekk forbi alt og alle, og endte opp i kast på motsatt side av bana.
Nok ein 100% sjanse for kaupanger i det 30. minuttet. Høgrevingen til Kaupanger fekk ein perfekt løpeball, og sprang som ein galning. Han fekk nok av tid å avslutte, men valgte likevel å stresse, og å skyte ballen 2,4 km over mål.
6 minuttar etter var det nok ein gigantisk sjanse, då høgrevingen igjen fekk eit nydeleg legg han kunne breisida inn. Men denne gongen valde han å skyte ballen 3,6km til sidan for mål.
KIL2 pressa som galne no, og det var slitsomt å vere Veitastrond-stjerne. I det 40. minutt vart VIL’s Gaute Olstad litt for aktiv med handa, og KIL2 fekk frispark på omlag 20 meter. Veteran Skjerven lada opp storkanona og moste ballen rett i tverrleggaren. Både tverren og Sigbjørn skalv etter det skotet vil eg tru. Meir skjedde ikkje i løpet av 1. omgang.
I pausen gjekk Lars Magne Nes ut, og inn kom ein av Kouakougutane til VIL, Øyvind Heggestad. 1 minutt ut i andre omgang fann Gaute ut at høgrekneet trengte ein kvil, og Lars Arne Nes kom inn som høgreback.
I det 48. minuttet kom nok kampens finaste scoring. Ein lobbpasning kom høgt over VIL-forsvaret, der spratt Geir Ove Engebø opp i veret og på ein akrobatisk-apekattisk måte fekk han stussa ballen vidare med foten, og over Sigbjørn i VIL-målet. Eit elegant mål til feil lag. 0-2 til Kaupanger2.
Minuttet etter fekk Ole Petter sjansen til å utligne på frispark frå omlag 20 meter. Skotet gjekk hardt og fort, men KIL-keeperen fekk boksa den ut.
I det 54. minuttet fekk KIL2 corner. Ballen kom inn i feltet, til ein umarkert Stig Ove Rygg, som kunne breiside ballen inn i nota. 0-3.
Berre minuttet etter kom ein kaupsing seg laus frå forsvaret, og kunne plassere ballen til venstre for Sigbjørn. 0-4 til Kaupanger 2.
I det 60. minutt gaulte VIL-publikumet på straffe. Arne Nes gjekk nemleg opp for å heade ballen, då han blei nedslegen av KIL2 keeperen. Men istadenfor straffe, fekk han frispark i mot seg. Det er tydelegvis ikkje lov å la seg bli bli brukt som boksesekk. Berre eit av mange eksempel på dommarens manglande entusiasme når han tok domarkurset, og det faktum at han stort sett sov når dei andre hadde forelesning.
Det einaste gule kortet kom i det 63. minuttet, til ein av kaupanger sine lynraske flankespelarar. Dette hjalp tydeligvis på moralen, for minuttet etter kom det historiske første seriemålet på Nye Leikvol Stadion. Richard fekk nemleg eit nydeleg legg frå venstresida, som han stussa elegant og småsexy vidare til Arne Nes, som kunne plassere ballen frekt forbi ein forfjamsa keeper. Sidelinja eksploderte i jubel, og dei over 80 betatalnde frammøtte strendingane hadde fått valuta for pengane.
1-4.
Men sjølv om målet tende ein liten gnist blandt VIL-stjernene, slukna det fort att. For i det 66. minuttet scora Kaupanger igjen. 1-5.
2 minuttar etter var det kaostid igjen hjå VIL, og KIL’s Geir Ove Engebø kunne etterkvart snappe opp ballen og mose den i mål. 1-6, og ting byrja sjå veldig stygt ut.
Playboyane frå Strondi fekk frispark i det 74. minutt, og denne gong var det Frank ”Beckham” Heggestad som lada kanona. Men nok ein gang fekk KIL-keeperen boksa ballen ut. Likevel fekk VIL pressa på no, og skapte ein heil del sjansar. Minuttet etter hadde til dømes Richie Rich Richard eit skot like utanfor.
I det 76 minutt var det storbyte på gang i VIL laget. Rune, Arne, Frank og Ole Petter og ein til (men kven?) gjekk ut, og inn kom Øystein, Jonny, Eldar, Arvid og Terje. Om dette hadde nokon umiddelbar effekt, er noko uvisst. Det var i alle fall total panikk og hurlumhei i det 79. minuttet, som heldigvis ikkje enda i nok eit KIL mål. Lars Arne redda blandt anna eit skot på streken, så det var fine marginar på gang.
I det 85. minuttet gjekk Emil ut, etter ein stor kamp, og Lars Magne Nes kom innpå att.
Men kampen enda altså 1-6 til Kaupanger 2. Ein smertefull deby for Leikvol, men med eit så godt Kaupanger lag som VIL møtte i kveld, kan ein ikkje klage alt for mykje. Dessutan vardet ikkje berre negative ting med kvelden. Vafflene som vart solgte fekk skryt av dei frammøtte, og i 1. omgang kunne publikum kose seg med ein topplaus linjemann, nemleg eyecandy’et Arvid Heggestad. Publikum fekk i alle fall nok mål å sjå, sjølv om dei gjekk til feil lag. VIL-laget er sterkt og spelar god fotball til tider, dessverre knekk dei litt for fort saman når dei ligg under, men dette er berre ei rutinesak som vil komme seg etter kvart. Så det kan fort bli ein del sigrar på Leikvol utover hausten.
CA. KAMPFAKTA; VIL - Kaupanger 2
Corner 3 5
Offside 6 4
Skot på mål 9 13
(& litt utanfor)
Frispark 9 13
Gult kort ??? 63m
Raudt kort - -
Mål Stig Ove Rygg 05m
G. O. Engebø 48m
S. O. Rygg 54m
???? 55m
Arne Nes 64m
Hatletroll 66m
Engebø 68m