|
Frykta spredde seg fort blandt strendingane, då Syril 2 kunne sette inn sitt første mål allereie etter 4 minutt. Syril hadde nemleg fått ein corner, og etter ein del returar kom det til slutt eit skot som SigbjørnHaugen i VIL-buret ikkje såg utgangen på. Superdansken Per Christensen slengde seg ned etter ballen, i samme stil som når ishockeyspelarar prøver å blokke pucken med heile kroppen, men fånyttes. 0-1 til Syril 2.
Ein av dagens beste spelarar var likevel VIL-keeper Sigbjørn Haugen. Allereie etter 5 minutt av kampen kom han utanfor 16-meteren og heada vekk ein ball som var meint på ein Syril2 spelar som egentleg stod i offside. Minuttet etter kom Syril 2 på ein liten kåntring, men då kom Sigbjørn ut igjen og peiste ballen framover. Og trur du ikkje det samme skjedde i da capo, minuttet etter. Men det var ikkje siste gangen.
I det 15. minuttet sendte Frank "Beckham" Heggestad eit nydeleg legg til Arne Nes som kom springande inn i feltet. Diverre hadde Arne klippa tåneglene sine før kampen, og rakk akkurat ikkje fram til ballen.
Minuttet etter kom det nok eit nydeleg legg, men denne gongen frå Emil Heggestad. Ballen fann hovudet til Richard Nes, men havna like til sidan for mål. Laga var no veldig jamne, og kampen særs underhaldande, likevel kunne ein merke at domaren blåste litt vel lett i Syril 2 sin favør.
Ein lang ball fram i det 20. minutt, som var adressert til Arne blei akkurat snappa av keeperen, som gjorde at Arne kræsja rett i han. Syril-keeperen fekk seg ein smell og domaren kommenterte til Arne at han måtte ta det roleg. "Dette er ikkje VM", sa han. Nei, klart det ikkje er VM, dette er langt viktigare enn korleis det går med Marocco i puljespelet.
I det 21. minutt fekk Frank/Beckam fyrt av eit bananskot som gjekk høgt i veret med ein utruleg bra backspin, som sjølv Tiger Woods hadde blitt imponert over. Ballen gjekk høgt mot mål, keeperen undra seg på kor den skulle lande, det kom eit "ooooooooooooooh" frå publikum i det ballen dala, men ballen havna diverre like bak mål.
Minuttet etter vart Beckham tydeleg kroka av ein Syrilspelar. "Leikaringen" svara likevel på dommarfløyta med eit slapt "nei, nei, nei". Noko som gjorde at Frank sjølvsagt fekk ein halvtenning og utbraut: "NEI? E du heilt dust dao elle?". Ein sikker publikumsslager/crowdpleaser.
I det 24. minuttet var Sigbjørn lekkert ute igjen og moste ballen vekk frå ein angripande leikaring.
Men i det 25. minuttet skjedde den mest omdiskuterte hendinga under heile kampen. Etter ein duell mellom Tarjei Nordtveit og Steinar Eggum (syril2) bak på venstresida til Syril, som endte i kast til Syril, plukka Eggum opp ballen og kasta den i ryggen på Tarjei. Dommaren bles hardt i fløyta si, og når alle trudde det skulle komme eit gult kort, kom det eit raudt! Eggum fortvila saman med Syrillaget, strendingane vart litt sjokka, men såg sjølvsagt det positive i det, for Eggum hadde spelt bra i Syril sitt forsvar. Etter å ha foretatt ei personleg utgransking har eg fått følgande forklaring frå dei involverte. Tarjei meiner at han i duellen kom bort i brystkassa til Eggum med handflata, og at Eggum kan ha reagert på dette og ha trudd at det var med alboge, og med vilje til dømes. Eggum på si side seier at han ikkje hugsar heilt klart frå "gjerningsaugneblinken", men han meiner å hugse at Tarjei sa eit eller anna til han som han reagerte på. Uansett kva grunn, eller kva som skjedde - så var nok samtlige som var til stades, reint bortsett frå domaren, enige om at det var vél strengt med eit raudt kort.
I det 29. minuttet vart Beckham påkøyrd av ein Syrilspelar, og vart godt forbanna. Ein kunne omtrent sjå det bobla litt i topploket hans. Mon tru om han bryggjar på ei lita lekse til domaren?
I det 34. minuttet kom Arne seg fri innanfor 16. meteren, men det vart ein sylskarp vinkel og Arne fekk ikkje avslutta skikkeleg.
Minuttet etter derimot fekk Arne det til. Tarjei fekk lagt inn frå venstrevingen, og ballen fekk krype langs bakken til bakerste, der Arne kom og kunne plassere ballen enkelt i mål. 1-1!!!!
Nok ei gudesendt gåve vart skjenka VIL i det 36. minutt. Etter mykje dribling innanfor fiendens 16-meter, blei Emil takla og tildelt straffespark. Emil plasserte ballen på krittmerket og lada kanona. Skotet gjekk mot høgre, men der hadde syrilkeeperen Jens Remø ein heil del flaks og litt dyktigheit - og redda ballen. Remø er forresten ein stor fan av www.clix.to/vil (altså denne sida) og les referata frå kvar kamp. Sidan han slektar frå Hafslo, har han ein draum om ein gong å få bli keeperen til strondi. Noko som ikkje burde vere umogleg, då får nemleg VIL teke ut Sigbjørn frå målet, og nytta farten hans i angrep.
I det 38. minuttet fekk Frank gult kort etter ein ganske ufseleg sklitakling. 2 minutt etter kom Richard Nes på eit fantastisk sexy dribleraid. Føtna og kroppen hans leika seg framover på bana i samspel med ballen, og det var nesten homoerotisk å sjå på. Diverre avslutta han angrepet med å mose ballen i stolpen og ut.
Men berre minuttet etter, i det 41. minuttet fekk Richard avslutta skikkeleg. Beckham la ein nydeleg corner frå høgre. Høgast i lufta ruva Ricky og heada ballen lekkert i mål. 2-1 til VEITASTROND, og høg partyfaktor på sidelinja.
I det 43. minuttet var det tid for Beckham frispark. Frank lada dei lekre låra sine om sendte ballen av gårde. Men syrilkeeper og VIL-fan Remø redda igjen. Han måtte rett nok gi ein liten retur, men klara å snappa den opp sjølv.
I pausen blei det ein del diskutering mellom dommaren og Syril-guru Norvald Kvam. Men sjølv om Norvald prøvde å bestikke domaren med Tom & Jerry brus, gjekk han ikkje tilbake på avgjerelsen om det raude kortet. Det er også verdt å merke seg at Syril supporterane nekta å betale inngangspengar til kampen. Dette er jo ytterst imponerande, og er med på å gi systrendingar eit godt rykte som gjerrigknarkar av skotsk kaliber.
Det gjekk berre 2 minutt av 2. omgang før ei ny råten dommaravgjerd vart teke. Tarjei var skulder til skulder med ein syrilspelar, og knapt nok det, innanfor eigen 16-meter. Men syrilspelaren trudde han spelte i den Italienske toppserien og la seg ned. Hadde ein berre blese på han, så hadde han nok lagt seg ned då og. Domaren beit sjølvsagt på, litt angrande på det raude kortet ville han vel kompensere litt, og dømde straffe. Skuespelaren tok straffen sjølv, Sigbjørn fekk ein finger på ballen, men det var ikkje nok. 2-2...
I det 49. minuttet kom Arne seg fri igjen og prøvde seg på ein pornografisk lobb over keeper. Men VILsupportaren i syrilmålet fekk akkurat klypa i ballen.
54. minuttar ut i kampen ville Tarjei følge opp bragden til Ricky, og satte avgårde på eit dribleraid. Han gjekk inn i feltet, lurde unda ein 3-4mann, ut av feltet og inn igjen, før han til slutt mista ballen. Lekker sak, men manglande avslutning.
I det 56. minuttet kom Frank Beckham til avslutning då han fyrde av eit skot, men ein syrilspelar fekk ei tå på ballen og den gjekk like utanfor krysset.
3 minutt etter leikte Bjørn Molland seg med den tidligare nemnde skuespelaren. Bjørn er jo kjend for sine piruettar, og lurte først unna leikaringen ein gong, men då systrendingen fulgte etter han snurra berre Bjørn ein gang til, og skuespelaren låg att svimmel.
I det 61. minuttet kom Ole Petter Heggestad inn i forsvaret for Rune Molland. Minuttet etter kom Emil til avslutning med eit kjempeskot like over mål, til tross for at han vart sparka på leggen av ein leikaring.
27. minuttar ut i andre omgang kom Lars Magne Nes inn for Tarjei på venstrevingen.
Så til ei merkeleg hending. I det 77. minuttet fekk kaste-eksperten til VIL, Gaute Olstad, idømt feilkast!!! WAS WAS??? Feilkast av Gaute? Her må noko være feil. Det er nesten som å sei at Petter Solberg er dårleg til å køyre automobil. Petter kan bil, Gaute kan kast!
I det 80. minuttet fekk underteikna ein liten trommevirvel i hjarta då eit kast gjekk tvers gjennom VIL-forsvaret, men heldigvis gjekk kastet gjennom syril-spissane og, så det vart ingen målsjanse.
I det 84 minuttet kom Jonny Ølnes inn for Frank Beckham.
Men akk.. I det 86. minuttet fekk Syril corner. Innlegget kom inn i feltet, Geir Aardal heada det ut, men der var også Sigbjørn Haugen for å bokse ballen ut. Med andre ord manglande kommunikasjon mellom forsvar og keeper. Ballen havna på 16-meteren hjå Syrils Per Sindre Aaland, og med Sigbjørn ute på ein liten bærtur kunne Per Sindre plassere ballen i motsatt hjørne. 2-3 til Syril 2, og huff så skummelt
Minuttet etter kom VIL i angrep, ballen gjekk mot VILsupportar-keeperen som måtte gi retur. OG DEER, ut av intet kom VIL-helten, sponsoren og sexsymbolet Emil Heggestad! Han snappa opp ballen, drog seg forbi keeper, og satte ballen sikkert i nota frå ein halv meter. 3-3 takk og lov.
I det 87. minuttet holdt det på å gå gale i forsvaret att. Syril hadde fått kast og ballen kom inn i feltet til VIL. Opp går Geir igjen, men denne gangen traff han ballen litt skeivt på hedna, så den gjekk mot det lengste hjørnet på VILs eige mål. Heldigvis spratt Sigbjørn opp i lufta og plukka ned den ballen. Det kunne blitt eit nydeleg sjølvmål...
I det 89. minuttet hadde VIL ein fantastisk overgangsmuligheit som garantert hadde gått pang i nota, hadde det ikkje vore for leikaringen Jon blabla Rømmen. Han saboterte sjølvsagt muligheiten ved å mose ned ein VILspelar. Rømmen fekk gult kort, men VIL skulle fått blitt tildelt eit mål.
Dermed enda kampen 3-3, i ein fantastisk avslutning. Til og med Arild måtte innrømme at det hadde vore ein god kamp. Ei viss mor påstod likevel at det ikkje var så elegant spel å sjå på, og at det ikkje akkurat hadde vore sambafotball, men ho såg meir på vaflene ho åt på enn på kampen, så det tek me ikkje så seriøst.
CA. KAMPFAKTA; VIL - Syril 2
Corner 4 7
Offside 1 4
Skot på mål 8 4 (& litt utanfor)
Frispark 20 13
Gult kort 38m Frank Beckham Heggestad 89m Rømmen
Raudt kort - 25m Steinar Eggum
Mål ??? 04m Arne Nes 35m Richard Nes 41m the actor 47m (str) Per Sindre Aaland 86m Emil Heggestad 87m
|