Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Redusert Strondi senka Sogndal!

Av Pimp Styling

Veitastrond IL fekk sin historiske første siger på Nye Leikvoll Stadion i kveld (i seriesamanheng vel å merke). Sjølv om Veitastrond-laget mangla nøkkelspelarar, og var prega av sjukdom, klarde dei å rundspele eit tafatt Sogndal 3 lag.

Trenar og supersjef Frank "Beckham" Heggestad måtte stå over pga 3 gule kort. Kast-spesialist Gaute Olstad er på promotion-tur i Europa. Desse kunne derfor ikkje vere med i kveldens kamp. Nokre av dei som var til stades og kunne spele, burde kanskje ikkje spele likevel. Vende-ekspert Bjørn Molland og ving-warrior Tarjei Nordtveit var redusert av tette slimhinner og andre ulumskheiter. Arne Nes måtte sluke 47 piller før kamp, for diverse styggedom i kropp og sjel. Geir Aardal sleit med med vombiskinn og tarmslyng. Kun eit lite utdrag av kampens skadelidne.

Likevel byrja Veitastrond umiddelbart med eit gedigent press på Sogndals svarte får. Etter berre 2 minutt følte SIL3 spelar og fotball-veteran Geir Hoff seg så pressa at han ikkje tora anna enn å mose ballen ut til kast. Og når Geir Hoff, med sin rutine, skjelv slik i buksene etter berre 2 minutt, då lovar det godt!

Etter 4 minutt håpa alle på ein reprise av Tarjei-Arne samarbeidet me såg i sist kamp mot Syril. Tarjei kom ut på venstrevingen, la inn ein markkrypar som gjekk i eit SIL3 bein, men havna på bakerste der Arne kom heilt aleine. Diverre hadde Arne gløymt å barbere seg i bakhovudet i dag tidleg og var litt baktung. Skotet gjekk nemleg himmelhøgt over mål.

Tre minutt etter rota det panikkprega SIL3 forsvaret, og Arne fekk gå åleine mot keeper. Han fekk sett den til sides for keeper, men ballen trilla 3 milli utanfor mål. Og presset fortsatte, to minuttar etter fekk Richard lov til å skyte, men ballen gjekk utanfor.

I det 10. minuttet kom SIL3 seg gjennom forsvaret. Ein høg ball kom seg over hovudet til Geir og ut på kanten, til ein SIL-spelar. Men då han prøvde å legge inn snappa Ole Petter Heggestad kjapt opp ballen.

Minuttet etter prøvde Sogndal seg på ein corner, men Sigbjørn Haugen i VIL-buret plukka ballen lett ned fra lufta. Ballen gjekk fram til Tarjei som kom seg laus igjen på venstre flanke, men avslutninga hans gjekk diverre over og ut.

15 minutt ut i første omgang kom SIL3 seg gjennom på høgresida, dei fekk lagt inn på bakerste, men Erlend G. Tveit klarte å sette ballen over mål .Det var tydeleg at han, og nokre av dei andre SIL3-spelarane hadde vore på ryggsekktur til Tungestølen og Austerdalsbreen dagen før, for dei fleste skota til Sogndal gjekk høøøgt....

 
Tre minuttar etter fekk SIL3 prøve seg igjen. Eit innlegg/skot traff tverrleggjaren til Sigbjørn og blei etterkvart plukka opp av ein SIL-spelar. Men istaden for å putte ballen i nærast opent mål, venta han med å skyte til Rune spratt framfor han. Dermed gjekk ballen rett i Emil, og ikkje i mål. Men når SIL spelaren hadde Manchester United shorts på seg, er det vel ikkje anna å vente.

I det 21. minuttet kom havna eit VIL-kast av Emil ute på ca 20 meter. Emil lada kanona og fyrte av, men ballen strauk tverrleggjaren og gjekk over.

4 minutt etter fekk Bjørn ballen etter eit slapt forsøk på angrep av SIL3. Bjørn skaut fart framover på bana, finta seg inn i midten og spelte Arne nydeleg igjennom. Arne fekk komme aleine mot keeper, og putta ballen sikkert i mål! OOOOOOH!!! Lat festen byrje.
1-0 til Veitastrond!

I det 28. minuttet fekk VIL frispark. Ole Petter tok det, og ballen gjekk rett på keeper. Men SIL-keeperen hadde antagelegvis ete gele med hanskane sine før kampen, for han klarte ikkje å halde på ballen. Richard var kjapt framme med ein fot på returen, men traff stolpen og ut.

Berre 2 minuttar etter var det på tide med VIL-show igjen. SIL3 forsvaret rota det til på venstresida si. Under sterkt press klara ein SIL spelar i desperasjon og sende av gårde ein tversoverpasning, med keeperen sin ute av posisjon. Emil var akkurat der han skulle vere, og plukka ned tversoveren, og lobba ballen fint over eit par SIL spelarar og rett i nota. Ein alldiles nydele scoring.
2-0 til VIL! Give it to me baby!!!

SIL3 kom med eit slapt angrep att i det 35. minuttet. Men som vanleg gjekk avslutninga over mål. I det 38. minuttet hadde VIL frispark. Inlegget kom, Arne var airborne og heada, men ballen gjekk på keeper som måtte gi retur. Arne klara å snappe opp ballen, men satte den rett på keeper att.

Minuttet etter fungerte endeleg noko for Sogndal 3. Ein liten forsvarstabbe av VIL gjorde at ballen fekk ligge litt i ro på ein ca 20 meter. Dermed blei den snappa opp av ein SIL3 spelar, og havna etter litt om og men bak Sigbjørn som var sjanselaus i VIL-buret.
2-1, må VIL hjelpe Sogndal med å score?

I det 44. minuttet hadde Ole Petter eit skot like over, etter at ballen kom ut til han frå feltet. Tid for pause.

Dommaren ville tydeligvis heim til Friends, og satte kampen fort i gang att. Ein dommar som forresten kan få mykje omtale, men sidan han dømte feil i begge, og alle retningar, let me det gå.

Etter å ha byrja fyrste omgang med eit gigantisk press, la Veitastrond seg litt bakpå i byrjinga, noko underteikna satte lite pris på, og dermed begynte få litt angst-skjelving i kroppen. Men etter 2 minuttar spelt tok det seg opp att. Richard kjempa seg fram på høgresida, med SIL's Hoff i ryggen, fekk akkurat lagt inn til Per Superdanske. Per la eit hardt innlegg til Tarjei på bakerste, som fikk æra av å mose kula i mål!!!
3-1 til VIL. Somebody stop me!!!

I det 50. minuttet kom Richard åleine med keeper, men satte ballen utanfor mål. Visste du forresten at Richard vatnar fotballskorne sine før kvar kamp? I følge Jonny Ølnes er det visst nok for å unngå måltørke.

Veitastrond fortsatte å skape panikk i SIL-rekkene, for berre minuttet etter var Arne luftbåren att og heada ballen frå corner, like over mål.

53 minutt ut i kampen fekk Per endeleg lov til å fyre av kanona, men ballen gjekk på keeper, som kunne puste letta ut. Minuttet etter gjekk Lars Arne Nes ut, og vart erstatta av Øyvind Heggestad på høgresida i VIL-forsvaret.

Dei friske leggane til Øyvind, og hans karismatiske vesen hjalp moglegvis på lagmoralen, for minuttet etter sveva Geir høgt i lufta, og heada cornerinlegget til Emil i kassen.
4-1 til VIL. You talkin' to me?

Og presset berre fortsatte, Ricky moste ballen like utanfor i det 58. minutt.

I det 65. minuttet kom Jonny Ølnes inn på venstrevingen, for å erstatte Tarjei.

 
71. minutt ut i kampen fekk linjemann Arvid Heggestad stor applaus, då han foretok ein elegant einhandsredning då ballen var på veg som eit skot ut sidelinja. Det går no rykter om at A-laget til Sogndal har kontakta han om ein muleg keeperplass på laget.

4 minuttar etter feberredninga fekk Arne ein gavepakke. Eit innlegg landa perfekt framfor han, men istaden for å dempe ballen skikkeleg og bruke den naudsynte tida, følte Arne litt scoringspress og fyrte av på direkten. Diverre ein smule utanfor mål... Slapp av Arne, pust ut og inn, og ut og inn.... Etter angrepet gjekk Jimmy Heggestad inn for Rune Molland som venstreback, og Øystein Heggestad inn for Arne som superspiss.

Sogndal 3 var tydeleg frustrerte. Etter ein hard duell med  Bjørn, måtte SIL's Erlend G. Tveit virkeleg ta seg i skinnet og vise sjølvkontroll. Han var nemleg eit millisekund frå å kroke Bjørn bakfrå med vilje etter duellen. Men han viste seg som den mannen han er, og trakk seg i siste nanosekund. Verre var det med SIL's Tarjei Tveite, som etter ein rekke mindre vellykka angrep mot VIL vart så irritert, at då VIL fekk kast på sidelinja, sparka han ballen rett i Jonny. Ølnes prøvde å forklare SIL-spelaren om at det ikkje var så veldig naudsynt, men då berre spytta han på bakken attmed Jonny i rein arroganse. Ja, ja... han lærer vel han og med tid og stund.

SIL3 fekk nok ein gong lov å prøve seg i det 76. minuttet, men Sigbjørn "Spenst" Haugen spratt opp i veret og fekk redda ballen over mål. Ein feberredningpå lik linje med Arvids tidlegare storprestasjon, om ikkje betre!

Men Veitastrond-heltane slappa av litt på slutten. Etter ein del tullball og dårleg kommunikasjon i det 79. minutt, kunne SIL3 si trønderstjerne, Stein Viggo Mørk, heade ballen over keeper og i mål.
4-2, gjesp..

Men VIL gav seg ikkje. 5 minutt før slutt hadde Ricky eit skot like utanfor mål.
2 minuttar etter vart Sigbjørn overkøyrd av ein målkåt og mykje omtalt Erlend G. Tveit. Men etter litt risting på huggu og teljing av fingrar, var Sigbjørn på beina att.

I det 89. minuttet kom Richie Rich igjen til avslutning, men valgte å sette ballen i nettveggen, for ikkje å gjere heilt narr av Sogndølene.

Eit såpass redusert Veitastrondlag, som stort sett klarte å rundspele og luremuse Sogndal 3 noko vanvittig - varma i ein ellers småkald kropp. Det er den beste kampen Veitastrondi har spelt spør du meg. Truleg fordi VIL tidleg byrja med eit høgt press, og klara å halde det oppe. Blir dette den nye taktikken til Veitastrond? I så fall kan det bli moro å vera strending i haust! Takk alle Veitastrond-stjerner! 40 kroner for å få lov til å sjå dykk mose SIL3, er ingen pris for eit slikt privilegium.

Sogndals Geir Hoff kunne etter kampen sei, med handa på hjartet,at det beste laget hadde vunne. Sjølv om han ikkje likte det. Han var og særs imponerte over publikum, som skapte god stemning på sidelinja.

 

Ca. Kampfakta (basert på ein sann historie)

CA. KAMPFAKTA;                     VIL                          -          Sogndal 3

Corner                                    4                                            10

Offside                                   5                                            3

Skot på mål                            14                                           9
(& litt utanfor)

Frispark                                   7                                           10

Gult kort                                -                                             -

Raudt kort                             -                                             -                                      
                                   

Mål                                                                          
                                 Arne Nes 25m
                                 Emil Heggestad 30m
                                                                                     ??? 39m 
                                 
                                 Tarjei Nordtveit 47m
                                                                             Stein Viggo Mørk 79m

                                 Geir Aardal 54m

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com