Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Lusen Lærdalssiger

Av tuta-gjengen

Vil spelarane virka lite tende og motiverte i store delar av kveldens kamp. Til tross for god utteljing framme på bana, lot VIL Lærdal få komme alt for lett til på sin eigen banehalvdel.

Lærdal fekk den fyrste sjansen. Etter 3 minutt fyrde høgrevingen til Lærdal av eit dårleg skot, men som gjekk rett inn i feltet mot bakerste. Heldigvis dukka det ikkje opp ein lærdøl der, og skotet gjekk ut.

 

Minuttet etter fekk Bjørn sjansen etter rot i Lærdalsforsvaret. Frå kort hold fekk Bjørn hæla ballen mot mål, men keeperen stod perfekt plassert og kunne lett snappe ballen.

 

Ole Petter fekk æra av å ta VILs fyrste frispark for kvelden i det 5. minutt. Men frå ca 20 meter blei skotet for svakt og lett for keeperen.

 

I det 10. minutt gjorde kommunikasjonssvikt i VIL-forsvaret til at Lærdal fekk gå opp i lufta og få ein avslutning på mål. Men headinga på legget frå venstre gjekk heldigvis utanfor.

 

Men minuttet etter gjekk det ikkje så bra. Venstrebacken til Lærdal sendte ballen framover langs bakken, og ballen fekk rulle fredeleg forbi både midtbane og forsvar, før den enda opp av ein lærdøl som kunne plassere ballen sikkert  i mål. 0-1 til Lærdal.

 

15. minuttar ut i kampen fekk Frank Beckham servert ein ball som kom ut frå Lærdalsfeltet. Frå omlag 20 meter klinka han til ballen med keiva, men ballen gjekk utanfor.

 

2 minutt etter fekk Beckham sjansen att på eit frispark, men ballen gjekk litt for høgt.

 

I det 19. minuttet fekk VIL corner. Ballen kom inn i feltet og blei handsa av ein lærdøl. Men gode, gamle Hestun fekk nok ikkje heilt med seg den, merkeleg nok.

 

Minuttet etter var kampens fyste ”pornmoves”. Richard hæl-flikka nemlig ballen vidare til Tarjei som kom til skot, men skotet gjekk i ein lærdøl og ut til corner. Emil la corneren, inne i feltet ruva Geir høgast, men headen gjekk like utanfor mål.

 

24 minutt ut i kampen sparka Gaute både ballen og ein lærdøl, og vart liggande strak. Dermed måtte Rune byrje oppvarminga og hoppe innpå bana.

 

Minuttet etter kom Richard til ein ny avsluttning, men skotet gjekk utanfor.

 

Kampens styggaste takling kom i det 27. minuttet, då Bjørn meide ned ein lærdøl bakfrå. Ein takling han angrar på den dag i dag. Taklinga var mindre populær av lærdølene, og denne gongen fekk også dommaren med seg kva som skjedde. Bjørn fekk dermed eit velfortjent gult kort.

 

Etter dette hadde lærdal spelet i fleire minuttar, og VIL-stjernene virka sørgjeleg tafatte.

 

32. minuttar ut i kampen fekk Richard likevel ein ny sjanse, men skotet gjekk utanfor mål, igjen.

 

Tarjei kjempa seg gjennom lærdalsforsvaret 2 minuttar etterpå. Sørlendingen fyrte av skotfoten, men keeper fekk akkurat slått ballen ut til corner.

 

 
Minuttet før pause var Tarjei innblanda igjen, i det han spelte Richard nydeleg igjennom. Ricky hadde berre å sette ballen forbi keeper, og gjorde det. JIHAA!!!
1-1 og eit viktig mål før pause.

 

3. minutt ut i andre omgang byrja Richard igjen. Etter eit nydeleg nedtak på 16-meteren mosa han ballen av gårde mot buret. Men keeperen, som trena med VIL i fjor, fekk ei hand på skotet og gav retur. Arne gav full gass mot returen, men blei skubba! vekk frå ballen. Skubba som i skulder mot skulder. Og når nokon klarar å skubbe denne mannen frå ein returball, må det vere noko gale? Mannen er jo 2,50 høg og sterk som ein russisk brun-anabol-bjørn! Eit lite teikn på at VIL var litt slappe i dag...

 

I det 49. minuttet fekk Per god tid til å fyre av eit skot, men importstjerna vart litt baktung og satte ballen over mål.

 

Minuttet etter vart VIL snytte for straffe.Tarjei blei meid ned innanfor 16-meteren, men dommaren stod godt plassert i midtsirkelen, og dømde frispark like utanfor.

 

I det 52. minuttet heada Richard ballen elegant ned til Arne som fyrde av på direkten, med keiva frå 16-meter. Men keiva blir kalla keiva av ein grunn, og ballen gjekk ut.

 

Minuttet etter kom lærdal med eit innlegg frå høgrevingen deira, som fekk springe merkeleg åleine. Inne på første fekk nok ein lærdøl stå åleine og heade ballen sikkert i mål.
1-2 til Lærdal.

 

Dette målet gav ein liten knekk i VIL-laget, og det hjalp heller ikkje at Geir nesten havna i slagsmål etter ein krangel med ein lærdøl som skaut vekk ballen etter at dei hadde fått idømt offside. Og når spelarane byrja bruke krefter på andre ting enn dei skal, er det fort det går gale.

 

58 minuttar ut i kampen hang VIL-forsvaret langt etter, og eit nytt innlegg frå høgrevingen gjekk inn på nærmaste, der ein lærdøl kunne heade inn nok eit mål, på samme forp** måte som sist mål.
1-3 til Lærdal.

 

Heldigvis klarde Veitastrond å løfte seg i det 63. minutt. Bjørn dribla seg nydeleg ut på høgresida, til tross for at han var nær ved å bli kløpt ned. Ute på sida fekk han lagt inn til Richard på første, som satte ballen sikkert i mål.
2-3 Er strondi på veg opp att frå kjellaren?

 

I det 69. minuttet gjorde Per eit nydeleg forarbeid. Han kriga og kjempa hardt som vanleg, og fekk fyrt av eit skot frå ca 16 meter. Skotet gjekk knallhardt og tvang keeper til å gi retur. Inne i feltet var Tarjei som plukka opp og mosa ballen i tverren og inn i mål!!!
3-3 Er det mogleg? Was was? Er det lys der borte i tunellen?

 

Minuttet etter la Tarjei inn frå venstrekanten. Arne kom sklidande inn, men ballen gjekk like utanfor. Like etter fekk Tarjei fyrt av eit nytt skot, og strondi holdt no eit godt press på lærdal. Dei hadde tydelegvis vakna ein del frå dvalen tidligare i kampen.

 

Då 73 minutt var godt fekk Bjørn flikka eit innlegg vidare mot mål frå ca. 7 meter, men ballen gjekk på innsida av tverren, ned og ut. Om ikkje anna, så skapte det i alle fall stor furore på sidelinja.

 

I det 80. minuttet oppstod det ein utruleg merkeleg situasjon alle helst vil gløyme. Ole Petter skulle skjerme ein ball bak til keeper, så Sigbjørn kunne plukke den opp med nevane. Men kommunikasjonen svikta hardt, og etter å ha blitt pressa hardt, mista Ole Petter ballen i det Sigbjørn var på veg ut. Lærdølen trilla dermed ballen forbi Siggen og scora.

3-4 til Lærdal. Banna bein...

 

Det blei eit meir offansivt byte i det 81. minuttet. Frank gjekk ut og etterlot forsvarsplassen sin til Jimmy, mens Rune gjekk ut og inn som ny angripar kom Jonny. Vil gjekk dermed over frå 4-42 til ein meir offansiv 3-5-2 / 3-4-3 taktikk.

 

I det 83. minuttet kom det eit nydeleg legg bak frå venstre av Per, Arne gjekk opp i lufta, men blei trekt ned att, Tarjei fekk dermed ballen på bakerste – men keeper fekk slått avslutninga ut til corner.

 

Corneren blei teken av Emil, ballen gjekk inn i feltet og kom ut igjen, der fekk Emil fyrd av eit skot, men ballen gjekk i tverren og over.

 

I det 85. minuttet fekk Lærdal frispark. Innlegget kom inn i feltet på bakerste, ein lærdøl var oppe og heada ballen ned til ein annan lærdøl som fekk stå heilt aleine på fyrste og plassere ballen i mål. For enkelt...
3-5 til lærdal.

 

Men strondiheltane gav ikkje opp. Minuttet etter kom eit Emil-legg frå venstre. Richard var oppe og heada, men ballen gjekk i stanga!!! Arrgh...

 

Eit minutt før slutt la Emil eit av sine nydelige frispark. Ballen gjekk mot lengste, der ruva Geir nok ein gang og plasserte ballen lekkert i motsatt kryss!!!
4-5 men altfor liten tid til å klare noko meir.

 

 

CA. KAMPFAKTA;                     VIL                          -          Lærdal

Corner                                    9                                           3

Offside                                   -                                            6

Skot på mål                            20                                          14
(& litt utanfor)

Frispark                                   11                                         6

Gult kort                                Bjørn 27m
                                            Geir 81m                                  -

Raudt kort                             -                                             -                                      
                                   

Mål                                                                          Fabian? 11m
                                 Ricky 44m
                                                                               ??? 53m
                                                                               ??? 58m
                                 Ricky 63m                             
                                 Tarjei 69m
                                                                               ??? 80m
                                                                               ??? 85m
                                 Geir 89m

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com