For eit lignande åpningsshow har aldri før vorte vist fram på Leikvoll Stadion, berre så dumt at dommaren starta kampen så tidleg, slik at ikkje alle publikum hadde rukke å møte opp og fekk sjå det vetle showet.
Og Veitastrond opna med eit pang. Allereie 6 minutt ut i kampen fekk Tarjei sendt av garde eit kjempeskot, som diverre gjekk i nettsida.
Berre minuttet etter fyrte Ricky av eit fantastisk skot frå 16 meter. Ballen gjekk lekkert til sides for keeper og i måååÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅL!!!
1-0 til VEEEEITASTROOOOOOND. HOOONK HOOONK!!!
I det 9. minuttet kom Richie Rich nok ein gang på avslutning. Denne gongen med eit skot frå 20 meter som gjekk rett på keeper.
11 minutt ut i kampen fekk Balestrand sin fyrste sjanse. Frå spiss vinkel ute på venstresida si, meide ein balles (sjå: mann frå balestrand) kula i stanga og ut.
I det 14. minutt fekk Emil lagt inn ein av sine perler frå venstrekanten. Men inne i feltet var var det kun glattbarberte Arne som kun klara å sneie ballen med skallen. Du må nok skaffe deg afrosveis Arne...
Etter ein del klabb i VIL-feltet redda Emil eit skot på streken i det 19. minutt. PUH! My hero...
2 minutt etter prøvde Per seg på eit pornmove a la Raoul Kouakou – og brassa ballen like over Balle-buret.
23 minuttar ut i fyrste omgang fekk ein balles komme heilt aleine med Sigbjørn i VIL-målet. Heldigvis satte ballesn lærkula lekkert over mål.
I det 29. minuttet fyrde Per av eit erotisk nydeleg skot, men balleskeeperen hadde ei sensasjonell einhandsredning.
Tarjei var litt for snill i det 41. minuttet, og i staden for å mose ballen i mål, plasserte han den heller svakt like utanfor mål.
Omdiskutert og sjebnesvanger situasjon for kampen i det 44. minuttet. Sigbjørn sklir ut og snappar opp ballen med hendene, mens han ligg nede kjem ein balles og sklir i han. Eit klart keeperangrep som gjer at Siggen mistar ballen, og syndaren frå balestrand rullar den i mål. Men me får vel sette vår lit til den profesjonelle dommaren som stod plassert i midtsirkelen og myste med auga.
I pausen gjekk Jimmy ut og Jonny inn.
Bjørn opna 2. omgang med eit skot via ein balles og like over det lengste krysset. Uten ballesn i vegen hadde den nok gått inn.
Balles svara med eit håplaust skot i det 53. minuttet.
Etter dette var det mykje kriging – fram og tebage – uten noko særleg å skriva heim om.
I det 67. minuttet fekk likvevel balles ein kjempesjanse. Ein balle blei spelt fri på første, men Sigbjørn stod perfekt plassert og snappa kula.
28. minutt ut i andre omgang gjekk Rune ut og inn kom ein etterlengta mann – Arvid HeeeEEEGESTAD.
74 minutt ut i kampen fekk Jonny komme til avslutning. Men ballekeeperen redda skotet, og det var ingen framme på returen.
2 minutt etter hadde Frank Beckham eit skot like over mål. Taktikken gjekk no på å skyte så fort du kunne, då ballekeeperen vart ein smule undervurdert.
I det 78 minuttet fekk ein balles stå inne i VIL-feltet og mose kula mot mål. Men ein alltid like imponerande Sigbjørn tok hand om das bøll.
Pornmoves i det 81 minuttet. Bjørn spelte vegg til Tarjei, som spelte Bjørn nydeleg igjennom. Diverre gjekk skotet like utanfor mål.
Eit halvveges innøvd frisparktrekk gjekk like over mål i det 83. minuttet. Arvid la frisparket til sides og ut til Beckham som fyrde av kanona.
Minuttet etter fekk Bjørn eit nydeleg lite tilbakespel av Jonny, men Bjørn satte skotet like over mål.
I det 85. minuttet gjekk Jonny ut, og Jimmy kom inn igjen.
Emil la nok eit nydeleg frispark inlegg minuttet etter. Inne i feltet ruva Richard høgast, men headinga gjekk over mål. Det var nok sjansar å ta av i denne kampen ja....
Like etter fekk VIL corner. Det blei ein kortvariant ut til Beckham, som knuste kula mot mål, men trur du ikkje ein balles klarde å redde på streken? I alle fall i følgje dommaren, ein del andre meiner kula var godt over mål og at VIL vart snytt for seieren.
2 minuttar før slutt fekk ein balles fyrd av eit skot, men Siggen redda snexy og suverent. Minuttet etter kunne det likevel enda gale, då ein balles lurte unna Sigbjørn litt og prøva å lobbe ballen over han. Men takka være Allah gjekk ballen like over tverr og mål, og kampen enda 1-1.
CA. KAMPFAKTA; VIL - Balestrand
Corner 9 4
Offside - 3
Skot på mål 12 5
(& litt utanfor)
Frispark 11 5
Gult kort - -
Raudt kort - -
Mål
Ricky 7m
??? 44m
??? 39m