I lett regnver og ei matte som var meir sleip enn ei glattkøyringsbane, gjekk strendingane tidleg til verks under kveldens kamp. Det var tydeleg å sjå at heltane var tende og ville gå av bana med siger. Kva spelande trenar Frank Beckham Heggestad har sagt eller gjort med spelarane i garderoben før kamp, veit eg ikkje. Ikkje veit eg om eg vil vite det heller, men det funka i alle fall.
Berre 10 minuttar ut i kampen fekk Ricky servert ein nydeleg ball på pannebrasken, som han lett kunne plassere i mål.
1-0 til VIL.
Diverre gjekk det berre 7 minuttar før Sigbjørn Haugen i VIL-målet fekk sin første, av ekstremt få utfordringar denne kvelden. Ein årdøl fekk eit perfekt treff på ballen (sikkert flaks) og dundra den i undersida av tverren og i mål.
1-1.
Minuttet etter kom Arne til ein avslutning etter å ha drege unda eit par årdøler. Men for å skape litt spenning i kampen, og ikkje knuse årdølene allereie, valgte Arne å sparke opp torva framfor ballen.
Geir vart litt for kjælen i det 11. minuttet, og vart idømt eit gult kort i det han nærmast antasta ein aliminiumsunge.
21 minuttar ut i kampen fekk Richie Rich fyrt av eit skot, keeper måtte gi ein miniretur, men klarte å plukke den opp att.
4 minuttar etter hadde Ricky nok eit skot mot mål, denne gongen i stolpen. Arne var raskt framme på returen, men braste rett inn i keeperen som akkurat klarde å snappe kula.
Arne vart spelt nydeleg igjennom forsvaret av Emil i det 30. minutt, men skotet mot mål vart litt i det slappaste laget, og jotunkeeperen plukka den opp.
29 minuttar ut i kampen hadde Tarjei eit nydeleg lite dribbleraid frå venstrekanten og inn mot midten. Han passa ballen vidare til superdansken Per, som fekk stå forholdsvis åleine, men skotet enda opp like utanfor mål. "Hvæ fæ'n læver de mænn?"
3 minutt etter fekk Bjørn eit gult kort for ein liten ugjerning. Underteikna fekk i grunn ikkje med seg kva den gjaldt, så då må den ha vore liten.
I det 33. minuttet fekk VIL frispark. Emil la ballen klar, sendte ballen inn i feltet, og der - heilt åleine og i kneståande - kunne Ole Petter Heggestad heade ballen sikkert og uforstyrra i buret. Årdølene banna og steikte på kvarandre, og skjønte ikkje kva som hadde skjedd. Ole Petter var godt fornøydd med sitt nye dverg-triks, der han listar seg inn i feltet på kne, så ingen legg merke til han.
2-1 til det rette laget.
Etter dette hadde Veitastrond eit utall sjansar, men som alltid var det ikkje like lett å omsette desse i mål. Stillinga haldt seg i alle fall til pause.
Årdølene hadde hatt seg ein grundig gjennomgang av taktikkboka i pausen. Noko som faktisk hjalp. For 4 minuttar ut i 2. omgang scora dei. Då var det ei rein maurtue av VIL-spelarar og årdøler inne i feltet. Det var full panikk og kaos hjå begge lag, og ei mølje eg ikkje har sett makan til sidan eg spelte myggefotball. Til slutt kom det ein hydrofot på ballen, og dommar Frode Ølmheim måtte dømme mål.
2-2 og huff a meg.
Etter dette var det ein ganske jevn kamp. Sjølv om strondi hadde klart flest sjansar, pressa også Hydro united ein heil del.
Men i kampens 65. minutt byrja det skje saker og ting att. Då klina nemlig Richard inn mål nummer 2 for dagen. Ikkje hugsar eg korleis, men eg reknar med det var artistisk nydelig utført, som alltid.
3-2 og Hilleren showet var i gang.
Arne fyrte av storslegga si, keeper måtte gi retur, men Ricky klarde på mystisk vis å sette returen utanfor mål.
Dette retta han (Rich) likevel opp på då han moste av gårde eit sensuelt bananskot over keeper og lekkert i mål frå ca 20 meter i det 70. minutt.
4-2 GO RICKY, GO GO - GO RICKY!!!
2 minuttar lobba Bjørn kula elegant over forsvaret og keeper, men ballen gjekk sjølvsagt i stanga... sukk
75 minuttar ut i kampen var det Rickytid igjen. Richard sprang nemleg forbi forsvaret, og plasserte ballen perfekt til sides for ein slapp jotunkeeper. EKTE HATTRICK på Richie Rich Ricky Richard, og ein enorm bonus på veg til kontoen hans.
5-2, ooooooooh weeeee!!!!
Med sigeren i boks, gjorde VIL eit storbytte. Arne, Frank og Gaute gjekk ut - inn kom Arvid, Jimmy og Jonny.
I det 80. minuttet kom Bjørn til avslutning, men ballen ville ikkje i mål denne gongen heller. Minuttet etter fekk endeleg Jonny (bilete)eit av sine delmål oppfyllt. Etter å ha godt å masa om at han ikkje ein gong har fått eit gult kort - tok han saken i eigne hender. Det vil sei, han tok ballen med sine eigne hender, og Judge Ølmheim måtte flekke opp kortet. Gratulerar Jonny.