Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

             

Målrik avslutning

Av peedie pimp

 
VIL-supportarane, og frammøtte ellers, fekk valuta for billettpengane dei betalte i kveld. Heile 11 mål og mange underhaldande duellar markerte slutten på Veitastrond IL's fyste sesong i offisielt seriespel. Kveldens store helt var Sigbjørn Haugen (bilete), VILs faste keeper, som i 2. omgang kom utpå som spiss og scora heile 3 mål. Frank Beckham Heggestad imponerte også med ein del fantomredningar mellom stengene. Kven hadde trudd at det låg eit slik keeperpotensiale i den småhissige trenaren til VIL?

Det var såpeføre på det supp blaute dekke på Nye Leikvoll Stadion. Hadde det ikkje vore for dei 3,7 millionane VIL brukte på automatisk drensesystem under bana tidlegare i år, hadde det nok vært meir som eit symjebasseng der ute.

Og det glatte underlaget skapa fort problem for VIL-heltane. Etter kun 2 minutt fyrte ein nør av gårde eit pølseskot i stanga, ballen kom ut i retur, og ein anna nør satte ballen i mål.
0-1 til das nørs, og ein skrekkeleg åpning på kampen... 

4 minuttar ut i kampen fekk strondi sin fyste store sjanse. Dødballspesialist Emil Heggestad la corner frå venstre, ballen traff hovudet til Geir Årdal, men akk...

Minuttet etter fekk samtlige VIL-fans hjarte i halsen, då Sigbjørn skulle sparke vekk ballen frå boksen sin. Siggen blei nemlig ein smule Bambi, og sklei avgårde på glatta. Heldigvis var det ingen nørs som klarde snappe opp ballen.

Men eit halvt minutt etter, 5 og eit halvt minutt ut i kampen sat nok skrulleskot i nota. Ke pokker?
0-2 og det virkar som det blir meir.

7 minutt ut i fyste omgang tok Richard H. Nes ned sine pornmoves fra hylla, og feis avgårde eit slapt brassespark. Ballen gjekk diverre utanfor.

Minuttet etter fekk Norane ein stor sjanse, då Sigbjørn Slippyhands glapp ballen i feltet. Men nørene fekk seg ikkje noko denne gongen heller.

I det 11. minutt kom endeleg det fyste glimtet av siger. Toppscorar Ricky hadde ballen ute på høgresida, fyrte av frå spiss vinkel, og plasserte ballen fint til sides for nørekeeperen. Nydeleg.
1-2, bring it on!

Men ting snur seg fort, og minuttet etter kunne Norane sin legendariske og berykta panserspiss, Arne Ahlin, kline kula i nettaket.
1-3, dæggern...

14 minutt ut i kampen klinte Emil av eit nydeleg skot, men keeper fekk slått ballen ut til keeper.

2 minuttar etter klarde Richie å runde keeperen til das nørs, men vinkelen for skotet vart for spiss, og ballen gjekk i nettveggen.

I det 18 minuttet la Emil nok ein god corner. Arne Nes gjekk opp, men bomma. Geir fekk sjansen, men nei. Ballen gjekk ut frå feltet, og rett inn i føtene til Ole Petter Heggestad som mosa av på direkten. Himmelhøgt...

20 minuttar ut i fyste omgang skjedde ein av mange omdiskuterte situasjonar på Leikvoll i kveld. Frank Beckham moste eit frispark på nørekeeperen, som måtte gi retur. Ut av intet kom goalgetter Ricky og putta ballen i mål. Men trur du ikkje domaren annulerte målet pga "angrep" på keeper? Det trur eg...

Jimmy Hilleren fyrte av eit kanonskot i det 24. minuttet, men keeperen klarde å redde.

Etter å ha blitt takla stygt av Norane sin Helge Whatshisname, var Frank Beckham lettare irritert i det 29. minuttet og fann ut at han måtte ta ein liten payback. Og kva er bedre hevn enn ein solid rumpetakling? Dermed blei Helge fort lagt i bakken, av baken til Beckham...

OOOOOH WEEEEEE!!!!! I det 30. minutt. Richie Rich Richard Nes fyre av frå 20 meter, via den hårete leggen til Noranes sin Even Kvam, og i nota!!
2-3, og Norane sin kaptein og stjernespelar Jan Tore Slinde kjenne frustrasjonen bre seg.

Minuttet etter var Frank Beckham litt vel seint ute, og klyppte ned norane sin Even Vikøren. Styggedom, og eit fortjent gult kort.

37 minuttar ut i kampen vart Ricky mosa, og nøren bak ugjerninga fekk gult kort.

3 minuttar før pause rakk Emil akkurat å fyre av storsleggja. Men keeper klara å slå over til corner.

I pausen gjekk Rune Molland ut og VIL-veteranen Arvid Heggestad gjekk inn som høgreback. Eit meir radikalt skifte var at VILs største keepertalent og redning i fleire kampar, Sigbjørn Haugen gjekk fram som spiss, mens Frank Beckham tok på seg keeperhanskane, klar til kenguru-innsats mellom stengene. Korleis i alle dagar skal dette gå?

Og 1 minutt ut i andre omgang kom noranemålet. Eit bananskot traff stanga, og akkurat som i fyste omgang kom det ein nørd på returen, og satte den sikkert i mål.
2-4, dette kan bli skummelt.

Men Emil tok ansvar og byrja presset på norane att. 4 minuttar ut i 2. omgang klinka han kula like over mål.

i det 50. minutt gjekk Ole Petter Heggestad ut, og inn kom den mykje diskusjonsforum-omtalte Jonny Ølnes. Men før bytet var gjennomført satte dommaren i gang kampen att, og då han fekk beskjed om at han måtte vente, stoppa han spelet igjen og bestemte seg for å droppe ballen, heller enn å la norane starte på nytt på 5-meteren. Dette var kanskje vanskeleg å forstå noko av, tenk då på alt som skjedde i skallen til dommaren.

SSSSiiiiiiiiiiiiiiiigggYYYYYYYYYYY!!!! 51. minutt: På bakerste kjem keeperfantomet Sigbjørn sklidande inn og puttar innlegget fra Emil sitt frispark.
3-4, er Sigbjørn svaret på alle våre bøner?

53 minutt ut i kampen, Emil tek frispark og ballen hamnar inn i noranefeltet. Desperate og livredde nører slenger føtene rundt seg - verre enn sparkepiker frå Las Vegas. Ballen hamnar nesten i buret, men dei får avklart til slutt.

Minuttet etter klabbar Ricky til ballen, men keeper plukkar den ned.
Men eit halvtminutt etter hamnar ballen på bakerste, og kven andre enn Mr. Jiggy Siggy kjem springande og mosar ballen i nota!!!!!!!!
4-4, og full julbel på den rosa VIP-tribuna.

 
Norane gjekk rett i angrep, og fyrte av eit monsterskot frå ca 20 meter, men underas tid var ikkje over i kveld. For opp i lufta sprang Mr. Frankers! Som ein kenguru i brunst hoppa han på ballen. Ein fantastisk feberredning som truleg vil gå ned i den lokale historieboka.

2 minuttar etter var Beckham på plass igjen, og slo ein corner over tverren. Men ikkje nok med det, minuttet etter fyrte nemlig Even Kvam av gårde eit skot målt til 142 km/t, men Superfrank redda lett. Kva pokker gjer du i forsvar Frank? Du veit din plass frå no av...

I det 61. minuttet gjekk playboy og supermodell Tarjei Nordtveit ut, og inn kom strondi sitt unge, vakre håp for framtida: Lars Magne Nes.

 

Og etter berre 2 minuttar på bana skaffar Lars Magne VIL eit straffespark, då han blir takla innanfor 16-meteren. Emil plasserar ballen på krittmerket, tek eit par steg, og set ballen iskaldt til sides for nørdskeeperen.
5-4 til STRONDI, publikum går galne og vaflene susar gjennom lufta i gledesrus!

67 minuttar ut i kampen fekk Jonny sin fyste sjanse, då han dribla seg gjennom norane forsvaret, men foten blei litt for kort på slutten, og han får ikkje avslutta skikkeleg på mål.

Dei neste minuttane pressar Norane som galne, og strondi har meir enn nok med å rydde opp i eige forsvar.

Etter 75 minutt får Norane ein 167% sjanse. Ein nør har berre å sette ballen i mål frå 5 centimeters avstand, men utruleg nok klarer han å mose ballen halvvegs til jupiter. Gi mannen ein medalje.

2 minuttar etter klarer han likevel nesten å rette opp att feilen, då han kjem trippande inn i beste chickenwalk stil på bakerste, får ballen perfekt servert, og puttar den i mål.
5-5, vinn da for pokker!

33 minuttar ut i 2. omgang går Gaute Olstad og Jimmy Heggestad ut, og Øystein Heggestad og Terje Teigen går inn på bana.

Minuttet etter kjem det nok eit Richie skot. Denne gongen klarar han å treffe skrått på tverren frå 15-meter, slik at ballen returnerar på motsatt side.

82 minuttar ut i kampen får norane sin Even Kvam gult kort, for eit  brotsverk mindre enn mange av dei han hadde utført tidligare i kampen.

Eit halvt minutt etter får Jonny sjansen for 2. gang, men set ballen i ein nørespelar og vidare i nettveggen. Men kva gjer vel det når han tek corneren sjølv, og plasserar den på hovudet til Sigbjørn, som stuper inn 6-5 TIL VEITASTROND!!!
Du kan berre blåse av no dommar...

Eit minutt på overtid fekk Jonny æra av å avslutte Veitastrond ILs fyste sesong i seriesystemet med eit skot like utanfor mål.

6-5 enda altså kampen, i Veitastrond sin favør.
Veitastrond IL vil gjerne få takke sponsorar, støttespelarar og særleg alle som har møtt opp på borte- og heimekampar i løpet av sesongen. Særleg kjekt er det å sjå at så mange har teke seg tid til å komme og sjå heimekampane våre. Det har vore med på å løfta laget fram, og gitt både VIL sine, men og andre lag sine spelarar minnerike kampar dei seint vil gløyme. Me håper og ber om at de óg vil ta turen til Leikvoll Stadion neste sesong, og heie gutane frå "geitabygdi" fram. Og viss ryktene om at Hafslo startar opp att i 6. divisjon neste sesong, er de hjarteleg velkomne til eit par beinknusande hatkampar det kjem til å lukte svidd av.
Takk for ein ualminneleg vellykka første sesong, og hjarteleg velkommen til neste sesong!!!

A. KAMPFAKTA;                     VIL                          -         Norane

Corner                                  11                                         6

Offside                                  1                                          4

Skot på mål                            23                                        8
(& litt utanfor)

Frispark                                   16                                       9

Gult kort                                Frank 31m
                                                                                   ??? 37m
                                                                                   Even Kvam 82m

Raudt kort                             -                                             -                                      
                                   

Mål                                                                          ??? 2m
                                                                               ??? 5m
                                 Ricky 11m
                                                                               Ahlin 12m
                                 Ricky 30m                                            
                                                                               ???? 46m
                                 Siggy 51m
                                 Siggy 55m
                                 Emil 63m (strf)
                                                                                ??? 77m
                                 Siggy 83m

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com