Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

0 - 0 I DEBUTEN

VIL Fotball - Bjørn 0-0

 

 

 

 

Det var 0-0 mot Bjørn i ein tøff debutkamp for VIL laurdag. Dette er eit resultat som var greitt utifrå spel og sjansar, der Strondi hadde dei største sjansane ved Richard, Arne og Ole Petter, medan Bjørn hadde eit skot i tverrliggjaren i 1.omgang. I 1.omgang var nok Bjørn det førande laget medan VIL tok meir over utover i 2.omgang etter at me la om til 4-4-2. Sidan dette er den første kampen vår denne sesongen, og fleire av spelarane aldri har spelt 11-ar fotball tidlegare skal me vera godt nøgde med resultatet.

Me viste i denne kampen at me skal bli ein tøff motstandar for dei fleste 6.divisjonslaga når serien startar. Dersom eg talde rett fekk VIL  tre gule kort, medan Geir Årdal måtte bytast ut tidleg i 2.omgang for to forseelsar som vart litt for mykje for ein god dommar, Pål Iversen.

 

Desse spelte for VIL:

Odd Einar,Ole Petter,Gaute,Per Helge,Arvid,Frank,Emil

Tarjei,Bjørn,Arne,Richard,Øystein,Johnny,Rune,Steffen

Sigbjørn,Per

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com