Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

              

Veitastrond - S.A/Fagernes jr. 4 - 3

Veitastrond står framleis utan tap etter at eit litt tungt strandalag slo juniorane til Fagernes 4-3 søndag.

Som vanleg hittil i sesongen starta VIL svakt og kunne fort ha lege under etter det første kvarteret. Men laget heva seg og tok leiinga etter ca 20 min. då Arne Nes nikka inn eit overlegg frå Richard Nes. Etter dette vart VIL litt passive, og Fagernes utlikna etter 30 min. Men mot slutten av omgangen hadde VIL god kontroll og kunne gå til pause med 3-1 leiing etter to flotte headingar av Sigbjørn Haugen.

I 2.omg. vart det mykje kriging på midtbana, og behaldninga for Veitastrond var Bjørn Molland si perle frå ca. 35 meter! Då han skrudde ballen elegant forbi ein feilplassert Fagernes-keeper.

Alt i alt så var det ein fortjent siger til Veitastrond som fortset med det som er viktigast i fotball; å skåre fleire mål enn motstandaren!

 

Kampfakta

 

VIL Fotball – Sør Aurdal/Fagernes jr. 4-3 (3-1)

 

1-0 Arne Nes(20)

1-1  (30)

2-1 Sigbjørn Haugen(35)

3-1 Sigbjørn Haugen(45)

3-2 (60)

4-2 Bjørn Molland(74)

4-3 (80)

 

VIL Fotball (4-4-2)

Odd Einar Molland – Rune Molland(Per Helge Hågvar 18min), Gaute Olstad(Johnny Ølnes 18 min), Ole Petter Heggestad, Jimmy Hilleren(Frank Heggestad 45min) – Sigbjørn Haugen(Tarjei Nordtveit 45min), Steffen Hilleren(Per Christensen 45min), Bjørn Molland, Emil Heggestad – Arne Nes(Øystein Heggestad 18min), Richard Nes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com