Eit skaderamma VIL-lag reiste til Årdal med berre 13 mann, og tapte 3-1 mot JÅFK 3. Målet til Veitastrond vart skåra av Arne Nes. Veitastrond hadde for anledninga henta inn Lars Arne Nes som linjemann til kampen, og ein skulle tru dette skulle vere ei liti hjelp for Strendingane. Men Nes stod på siedelinja og sov då JÅFK skåra det andre målet, og ballen var ein meter utanfor sidelinja som Lars Arne hadde ansvaret for. Lars Arne jobbar i Årdal Kommune, og ein kan jo berre spekulere i om han fekk litt ekstra i lønningsposen for å sikra JÅFK 3 ein etterlenkta siger. Men dette blir sjølvsagt berre spekulasjonar.
Kampfakta:
JÅFK 3 - VIL Fotball 3-1(3-1)
1-0 10min
1-1 Arne Nes 20 min
2-1 30min
3-1 35min
Veitastrond (3-5-2)
O.Molland - G.Årdal, Øyvind Heggestad, J.Hilleren - S.Hilleren, E.Heggestad(T.Nordtveit), B.Molland, P.Christensen, L.Nes(S.Haugen 45min)(Øystein Heggestad 10min)- A.Nes, R.Nes