Veitastrond tapte måndag 8-2 mot Bjørn. VIL hang bra med i 1.omg. og leia 2-1 etter ca 15 min etter to skåringar av Richard Nes. Resten av omgangen var jamnspelt, og Bjørn reduserte rett før pause etter å fått eit litt billegg straffespark. Mot slutten av omgangen vart Ole Petter Heggestad skada og måtte forlate bana. Og når Emil Heggestad vart utvist ca 25 min. ut i 2.omg. rakna det heilt for Strondi og Bjørn fekk lett spel og stogga ikkje før dei hadde sett 8 mål bak Sigbjørn Haugen, og reservekeeper for dagen Nils Tore Heggestad.
Kampfakta:
Bjørn - VIL Fotball 8-2 (2-2)
1-0 8 min
1-1 12 min R.Nes
1-2 15 min R.Nes
2-2 30 min
3-2
...8-2
VIL Fotball (4-4-2)
S.Haugen- R.Molland, G.Årdal, O P Heggestad(Ø.Heggestad 20 min)(T.Teigen 35min), J.Hilleren- L M Nes(N T Heggestad 25 min), S.Hilleren, F.Heggestad, E.Heggestad- B.Molland, R.Nes