|
Grunna underteikna sin uduglegheit kom eg 20 minuttar ut i fyrste omgang. Då var stillinga 2-1 til Åheim. I følge trenar Frank Heggestad hadde VIL spelt godt i dei 10 fyrste minutta, men i staden for å score, hadde dei fått eit råtamål i mot seg. Men heltane på Veitastrond hadde ikkje gitt opp, og Emil klara å sette inn utlikninga til 2-1.
Sjølv om eg kom seint til kampen, føler eg på mange måtar at eg spelte ei avgjerande rolle i kampen, for då eg kom køyrande forbi bana var Jonny Ølnes i angrep for VIL. Sekundar etter låg han paddeflat i feltet og fekk straffe av Dommar Arvid Heggestad. Dei fleste på sidelinja var nok samde om at det var eit billeg straffespark, Jonny sjølv seier han var i ubalanse, men eg veit at det var eg som skaffa straffen. Sola skein nemleg sterkt på laurdag, og då eg kom køyrande forbi traff lyset dei kromma hjulkapslane mine og for rett i augene på Jonny. Stakkars Jonny blei så blenda at han for på snørra. Altså skaffa eg straffesparket, som Emil satte sikkert til sides for mål i det 22. minutt. 2-2. De treng ikkje takke meg.
Veitastrond hade mange flotte angrep, med utruleg gode kombinasjonar. Ja, det meste fungerte i dag, men framfor mål blei det litt for tafatt, og heltane sleit med å få ballen i nota.
Det tok berre 1 minutt av 2. omgang før Åheim gjekk opp i leiinga igjen. Eit kanonskot blei avfyrt og målt til 367 km/t. Når det i tillegg var sikta inn på krysset, hadde ikkje Even Kvam (innleigd keeper - til vanleg Norane-helt) i VIL-buret nubbesjangs.
I det 55. minuttet oppstod det full panikk, klabb og ein heil del babb på Veitastrond laget. Dette resulterte sjølvsagt i at Åheim kunne spele seg fram på bana og putte inn eit nytt mål, til 4-2.
I det 59. minutt var linjedommar Øyvind Heggestad kjapt oppe med flagget/skjorta, då det var kast. Det var ellers ein roleg dag for linjedommaren, med lite å vinke for. Men for ein reaksjonsevne når han først vinka!
Endeleg, i det 67 minuttet kom ei utlikning. VIL hadde spelt seg gjennom og var no 6 mot 1 framme hjå Åheimkeeperen. Bjørn Molland fekk til slutt æra av å sette inn 4-3 målet. Og dermed fekk kampen litt glød att.
I det 73. minutt var det litt byte. Øystein Heggestad gjekk inn for Jonny som spiss, og Terje Teigen gjekk inn for Frank i forsvar.
Sidan gjekk det litt fram og tilbake. Frank kom etterkvart innpå for Gaute Olstad, ellers var det mange VIL-sjansar, men ingen uttelling.
I det kampens siste minutt sendte VIL alle mann i angrep i håp om uavgjort. Og når eg skriv alle, så meinar eg alle. Inkludert den innleigde keeperen Even Kvam. Og når keeperen er i angrep, er ein mildt sagt sårbar bak. Så når Åheim etter kvart kåntra, var det bra fart på Even tilbake til buret. Ein Åheim spelar spelte seg fri, skaut, men Even fekk akkurat redda. Returen blei snappa opp av ein annan Åheim spelar, men også hans latterlige forsøk på angrep, blei mosa av den spretne leigesoldaten. Ein utruleg morsom prestasjon av Even Kvam i VIL-buret.
Even kunne dermed skyte ut ballen, som etterkvart hamna hjå Frank, som klinka kula i mål. Dermed stod det 4-4 og kampen enda slik ein vennskapskamp skal ende.
|