Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Haflso - Veitastrond 10. mai 2005.

Så var dagen komen for premiera av Veitastrond fotball sin 2. sesong. Alle som har sett godfilmar som Die Hard, Skrik, Dødelig Våpen og liknande, veit at oppfølgjaren til ein god nr. 1 alltid er vanskeleg. Så korleis skulle det gå med VIL i dag og framover i sesongen?

Som vanleg var det mykje slenging med kjeften og store ord før kampen, slik det skal vere. Og sjølv om ein del VIL-spelarar og fans var store nok i kjeften, så hadde og Hafslo gjort seg til litt underdogs før kampen. Likevel var det klar tale frå trenar Emil Heggestad før kamp: Haflso er ikkje til å le av (med mindre det gjeld utanfor fotballbana sjølvsagt -Red.)

VIL satte i gang kampen i eit forrykande tempo, og tok tidleg kontroll over kampen. Det visste seg fort at begge laga ville vinne, for det vart ein del taklingar, men i fyrste omgang var det VIL som fekk herje ifrå seg.

Etter 12 minuttar vart Geir Årdal liggande nede etter ein hovudduell på ein corner. Duellen enda i ein ny corner som Sigbjørn Haugen stupheada like utanfor mål. Ein kjempesjanse utan like.

I det 16. minuttet fekk VIL frispark, og Frank Beckham Heggestad sendte ballen like over tverrleggaren.

Minuttet etter hadde Hafslo sin einaste reelle sjanse i 1. omgang, då dei med eit slapt langskot tvang VIL-keeper Odd Einar Molland til å sette seg ned på kne og plukke opp ballen.

Sigbjørn fekk vise kvifor alle backane er livredde denne karen i det 23 minutt. Då sprang han nemleg 60 meteren på ny verdsrekord, med ball, på høgresida og la inn i feltet. Der stod Richard H. Nes og Arne Nes klar, og det var Arne Nes (bilete) som kunne klakke ballen i mål, i ein episode som får fram gode minner frå Maradona, Argentina-England, VM i fotball 1986.

0-1 til Veitastrond!

Geir Årdal, kanskje kampens beste spelar, moste eit frispark like over mål i det 26. minuttet.

3 minutt etter var Sigbjørn i gang igjen og stupheada nok ein gong like utanfor mål etter eit corner-inlegg.

Richard prøvde seg med storslegga i det 32. minutt, men ein innleigd og god Gøran Fimreite i Hafslo-buret redda.

I det 39. minuttet fekk Veitastrond ein dobbelsjanse. Målscorar Arne kom sklidande inn mot Hafslo-keeperen som fekk blokkert ballen med føtene. Ballen hamna hjå Sigbjørn som moste kula av gårde mot buret, men Gøran Fimreite spratt opp som eit utrydningstrua rovdyr og redda fenomenalt nok ein gong.

Så var det pause, og VIL-spelarane fekk pusta ut litt og roa seg ned. Og det var nok dette eg, personleg, vil tru var noko av feilen. For ut i 2. omgang var laget for roleg. Hafslo kom inn i spelet og kunne etterkvart ta over meir og meir av spelet. Ikkje hjalp det at underteikna kom inn på bana heller, for like etter vart det Hafslo-scoring etter dårleg markering av venstrebacken. Kremt.

Kampen enda altså 1-1. Og dersom ein skal vere voldsomt politisk korrekt, kan ein vel innrømme at Hafslo nesten fortjente eit poeng. Dei hadde i alle fall overtaket i 2. omgangen når VIL fekk ein kollektiv svikt i heile laget. Kanskje VIL heller burde satse på ein aktiv pause, som Arne foreslo for meg i bilen på veg heim? Alt anna enn å sette seg ned i ein heit og lun garderobe og snakke om følelsar og mjuke augneblink?

Sesongstarten enda i det minste med 1 poeng i bagasjen. Sjølv om VIL burde hatt 3 poeng etter alle sjansane i 1. omgang, må ein vel likevel sei seg nøgd med det. Neste kamp vert mot Fjøra 2, eit lag som på papiret skal vere ein del hakk betre enn Hafslo. Men kven veit? Sidan me no er underdogs kan det jo hende me klarar å bite ifrå oss. I tillegg går jo kampen heime på Leikvoll Stadion, og me håpar på ny publikumsrekord.

No har me i alle fall lagt lista, og satsar på at det uansett resultat skal verte betre utover sesongen, meir kan ein ikkje be om.

Personleg vil eg takke Even Kvam for at han fekk kommunikasjonen i forsvaret til å gå betre enn eg nokonsinne har opplevd før. Om det fortset slik kan dette berre gå ein veg. Eg skjønnar godt kvifor du er kaptein.

KAMPFAKTA

Laget som starta:
Odd Einar Molland - Gaute Olstad, Ronny Sanden, Even Kvam, Jonny Ølnes - Sigbjørn Haugen, Bjørn Molland, Frank Heggestad, Geir Årdal (ut 45. min - Tarjei Nordtveit) - Richard H. Nes, Arne Nes.
Utover kampen kom følgjande innpå:
Emil Heggestad, Rune Molland, Per Helge Hågvar og sikkert fleire og, men... ikkje lett å skriva referat pao banao.

Tal og tull 1. omgang
Skot på mål:
9 (Hafslo 2)
Corner: 5 (Hafslo 3)
Offside:
4 (Haflso 3)
Frispark:
12 (Hafslo 5)

Gule kort: Frank Heggestad i alle fall. (Minst 3 Hafslo-spelarar)

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com