|
Veitastrond - Fjøra 2 18. mai 2005. |
 |
Etter den skuffande sesongåpninga mot Hafslo var det mange som skalv i trusene når VIL i kveld skulle møte Fjøra 2. "Fjøra 2, finst det og no?" kan du spørje - og ja det finst. Fjøra har nemleg teke på seg den barmhjertige jobben med å få med seg pensjonerte fotballspelarar frå gamleheimen i Sogndal, og la desse få spele saman med yngre spelarar SIL ikkje vil ha. Slik er dei med på å tenne livsgnisten i dei gamle kroppane, samtidig som dei får ekstra støtte av kommunen for lokal u-hjelp.
Men når Fjøra 2 kan stille med "eldre" heltar som Asle Hillestad og Jan Rune Årøy, spe på med dagsaktuelle stjernespelarar som Torbjørn Ylvisåker og krydre med "comic relief"-spelarar som Del Piero wannabe'en Jim Are Hansen, er dei ikkje til å kimse av. Når dette i tillegg var sesongens fyrste heimekamp, var mange redde for at Veitastrond skulle bli slakta og få ein marerittstart på Leikvoll.
Men kampen byrja overraskande bra for VIL. Dei 10 fyrste minutta var det mykje kjemping begge vegar, og det var lett å sjå at VIL vart godt tende, og hadde lyst på siger. Og det var etter 10 minuttar at den fyrste sjansen baud seg, denne gongen for Fjøra. Eit innlegg vart heada hardt mot mål, men ein lynkjapp Odd Einar "Mollis Senior" Molland (bilete)var raskt nede og redda med ein herleg beinparade. Allerede her satte han standarden for sitt forrykande keeperspel denne kvelden.
2 minuttar seinare prøvde Fjøra seg på eit innøvd frispark der Hillestad fekk ein hard pasning, som han la tilbake til ein medspelar som fyrte av mot mål. Men pytt, Mollisen Sr. redda nok ein gong.
Etter 17 minutt kom VIL sin fyrste store sjanse. Frank Beckham Heggestad la ein corner perfekt inn i feltet der hovudet til Even Kvam ruva høgast. Diverre gjekk ballen like utanfor krysset.
I det 25. minutt klarte Fjøra å spele seg gjennom og ein Fjøraspelar kom åleine mot keeper. Men keeperen heite Molland, Odd Einar Molland, og sklei spelaren elegant i møte og snappa opp ballen like enkelt som å snappe hjertemedisin frå ein pensjonist på gamleheimen.
Minuttet etter sprakk kondisen til den fyrste Fjøraspelaren og dei gjorde sitt fyrste byte for kvelden. 3 minuttar etterpå gjekk neste Fjøraspelar i bakken og måtte bytast ut på benken der materialforvaltar Wolffen stod klart med oksygenmaska.
Men så skjedde openbaringen alle strendingane hadde håpa på. I det 39. minuttet fekk Arne Nes ein pasning som burde vore snappa av Fjøra-forsvararen som stod framfor han. Arne var like overraska som forsvararen over å ha fått ballen i føtene, men i motsetning til forsvararen skaut Arne fart mot mål og satte ballen lett forbi målvakten og i mååÅÅÅL!!!
1-0 til Veitastrondi, og middels jubel frå eit skuffande stille Veitastronds-publikum.
Minuttet etter fekk Fjøra ein sjanse, då Fjøras morsommaste spelar, Del Piero Hansen faktisk fekk til eit brukbart skot. Det var likevel for enkelt for Mollisen, som slo den ut til corner.
Dermed vart det pause, og referatet stoppar nesten her. Men heldigvis for deg har nokon med ei feminin, godt lesbar skrift notert litt på arket mitt frå 2. omgang. Hjarteleg takk til den det var!
I det 55. minuttet utlikna nemleg Fjøra 2 ved ein stykk Lykkebø etter innkast av Hillestad. (Lykkebø var for øvrig godt hissig denne kvelden, det ryktas om at han måtte velgje mellom å få lykkepillen sin av sjukesøstera, eller spele kamp).
1-1 diverre. Korleis vil dette ende?
4 minuttar etter kom kampens fyrste gule kort, og det var Asle Hillestad som var den store, slemme ulven. Minuttet etter ville Even Kvam og vere med på leiken, og fekk servert ein guling han og.
Frank Beckham (bilete) vart Fjøra sin mest populære motspelar i det 70. minutt, då han fekk gult kort for ein neeeesten rein takling.
I det 75. minutt hadde Mollis Sr. nok ein kjemperedning. Kjære Odd Einar, dersom det er ditt manglande oppmøte på trening som gjer deg så god i mål, så ver så venleg å fortset med overtidsarbeidet og damene, og skulk alle treningar du kan!
Diverre var det ingenting Mollisen kunne gjere i det 78. minuttet. Nok ein gang kom innlegget frå Hillestad, då Lykkebø skåra sitt 2. mål for kvelden.
1-2 til Fjøra. Fortjent?
Og dette vart sluttresultatet. Kondisen til VIL måtte gi tapt mot rutina til Fjøra 2. Likevel ser me ein klar, gedigen, svær, storstilt, utopisk, fantastisk forbetring frå kampen mot Haflso, og då særleg 2. omgangen. VIL kjempar hardt og gir seg ikkje. Neste kamp går mot Sogndal 3, og denne skal VIL vinne med dagens innsats.
KAMPFAKTA
Laget som starta: Odd Einar Molland - Gaute Olstad, Ronny Sanden, Even Kvam, Sigbjørn Haugen - Bjørn Molland, Frank Heggestad, Geir Årdal, Tarjei Nordtveit - Richard H. Nes, Arne Nes. Utover kampen kom følgjande innpå: Per Helge Hågvar, Roger Nyborg (+ fleire?)
Tal og tull 1. omgang Skot på mål: 8 (Fjøra 10) Corner: 2 (Fjøra 4) Offside: 3 (Fjøra 1) Frispark: 9 (Fjøra 16)
Gule kort: Even Kvam, Frank Heggestad
|