|
Veitastrond - Sogndal 3 : 24. mai 2005. |
 |
Egentleg skulle eg starta referatet med å slengje litt drit om Sogndal 3. Men når laget som står oppført med Jon Erik Aasen som trenar, Vidar Vadseth som hjelpetrenar og Stein Wiggo Mørk som oppmann så er dette lite aktuelt. Eg reknar med dei har høyrt det meste som kan seiast om seg sjølve og laget sitt, så eg vél heller å sei at SIL3 er fyllt til randen av unge, vakre fotballspelarar med strålande framtidsutsikter innan norsk og utanlandsk toppfotball.
Eg må innrømme at eg sjølv ikkje kunne vere på kampen, verken som spelar eller journalist, pga ein totalt unødvendig eksamen neste dag. Likevel har eg fått ein del ulike synspunkt på kampen, og tykkjer sjølv at eg dermed har naudsynt informasjon til å skrive eit dugandes referat. I tillegg er det like greitt å ikkje vite alt, for då kan eg jo fylle inn stoff om korleis eg sjølv ser for meg at kampen var. Altså er dette nok eit referat basert på ein sann historie, akkurat som dei beste husmorfilmane TV Norge sender. Så finn fram kakaoen, ein øskje med eingangs-papirtørkle, sett deg tilbake i godstolen og bre over deg med det mjukaste kosepleddet du har, og les historia om korleis Veitastrond knuste Sogndal 3.
Veitastrond IL og den egentlige- og mentale sigeren over Sogndal - historier fra virkeligheten-
Del 1
"Detta ska mi klara guta", Emil Heggestad (bilete) stod oppreist i den overfyllte garderoben til Veitastrond IL og prøvde å motivere karane sine. Blond og fager stod han som eit fyrtårn for sine spelarar, og lyste ut kunnskap og erfaring. Han var den kjærkomne trenaren, han som spelarane kunne lytte til, men samtidig var han den dei kunne prate med om dei trengte det. Emil var nemlig ikkje redd for å setje skuldera si til disposisjon om nokon trengde å grine ein skvett. "Da viktigaste e å ha da moro, men taink ke mykje meir moro da hadde våre å slao Sonndal 3 i kveld!"
VIL-spelarane klappa, og ein kunne kjenne den smånervøse stemninga i rommet. Ikkje ei ekkel nervøsitet som skulle tilsei at spelarane var redde, men ein god nervøsitet, som ein unge som gledar seg til sirkuset, men er litt usikker på sine følelsar for svære, illeluktande elefantar. No var vel ikkje Sogndal 3-spelarane så store at ein trengde å bekymre seg over det, då var det veli så fall lukta ein kan bekymre seg for. "Kom'an kara!" ropte Even Kvam halvhøgt. Den høge, solbrune kapteinen til VIL, som er viden kjend for sin tøffe, men som oftast ærlige spelestil. Han klappa Gaute Olstad (bilete) på ryggen, som svarte med eit sjølvsikkert smil. Gaute hadde nemleg øvd inn ein ny innkast-metode dagen før, som han gledde seg til å prøve under kveldens kamp.
"Vent litt!" utbraut Richard Nes, "Eg ha nåke eg mao føtelja!" Den høgt profilerte stjernespissen hadde ei tåre i auget og dei andre spelarane rundt han såg fort at noko var gale. "Ke so e gale, kjære venn?" spurte Trond Frækaland (bilete). "Sett deg her me oss" fortsatte han og peikar på den ledige plassen på garderobebenken mellom seg sjølv og Rune Molland. Richard satte seg ned med eit sukk. Den stolte, staute, unge mannen, 187 cm høg ruva hans muskulløse figur vanligvis høgt i landskapet, eit av Veitastrond sitt store symbol på at tradisjonar og framgang går hand-i-hand i bygda. No sank han likevel saman og var tydeleg opprørt over noko.
"Eg ha so ildt inni meg", ei tåre var no på veg ned kjaken til Richard (bilete), og han løfta fort handa og tørka den vekk, i håp om at ingen skulle sjå den. "Ke so e gale dao? Ha du ildt i tarmtottadn? Ha du ete noke du ikkje ha tålt?" lurte Jimmy Hilleren. Han vart sjølv opprørt når han såg at leikekameraten frå dei svunne barndomsår ikkje hadde det godt med seg sjølv. "Da ekje da. Eg ha berre so ildt ao meg førr at eg ikkje va pao treningen fredag," Richard gløtta opp mot Emil for å sjå om trenaren ville reagere. "Eg ha egentle ikkje noke goe grunn førr at eg ikkje va dar helle skjønna di, va berre atte papan skolle ha bilen, men eg konne jo såte pao med nåken. Men eg ville ikkje vera ti bry". "Ikkje teink pao da Ricky", Rune la armen rundt Richard. "Mi ha alle vore vekke frao ein trening elle to. Neste gang skal du berre spørja meg om du kan sitta pao, eg hadde vårte stålte ao å hatt deg med i bilen."
Dei andre spelarane stod i halvsirkel rundt Richard. I ein slik situasjon ville kanskje nokon føle seg uvel ved synet av ekte følelsar, men karane på Veitastrond var og er ekte menn. Menn som ikkje er redde for å vise følelsar. Menn som føler eit felleskap, eit usynleg band som bitt dei saman i tjukt og tunt, i motgang så vel som medgang.
"Da e flott å sjao at du virkele bryr deg om laget so mykje at du faktisk faor ildt ao deg førr noke slikt Richard". Arne Nes (bilete) hadde alltid vorte sett på som ein av "storebrødrene" på laget, ein som dei andre spelarane kunne sjå opp til, eit eksempel til etterfølgjing. Ikkje berre på grunn av sin betydelige høgde, men på grunn av sitt rolige, trauste vesen. At han kunne sei noko slikt fekk Richard til å føle seg betre, og han kjende at dei rabiesinfiserte sommarfuglane frå helvete, som han hadde i magen, var byrja å flyge vekk.
"De gjer ikkje någe at du ikkje va på treninga" fortsatte Tarjei Nordtveit. Importstjerna frå Stavanger kjente at han kanskje skulle ha hatt dårleg samvit sjølv, for den eine gongen i fjor han ikkje var på treninga. "De e jo ikkje sånn at en kan forlanga at alle skal vera me på alle treningane", fortsatte han, mens han tenkte over om det var Richard eller seg sjølv han prøvde å berolige.
Emil klødde seg på det perfekt anlagte 3-dagers skjegget. "No gløyme mi detta folkens. Richard, detta ekje noke å tenka pao. Du hadde gått ao å ha fri fredag so du e ekstra utkvilt til i kveld. Dessuten kan ikkje du vera trist og ha ildt ao deg når du e so fine pao haoret vårte!" Richard tok seg til hovudet, den tidligare kastanjebrune manken var no maskinklippa vekk, og igjen stod det 4 millimeter høgt, nydeleg frisert hår. "Eg trudde ikkje nåken hadde lagt merke ti da eg", rødma Richard. "Men takk fø komplimange."
Spelarane gjekk frå garderoben og inn i bilane sine. På elegant, synkronisert rekkje køyrde dei til Leikvoll Stadion. På veg til bana vart spelarane sjølvsagt stoppa av ungar som ville ha autografar i blokka si, og barmfagre kvinnelige fans som ville ha autografen andre plassar. "Sånt någe hadde me ikkje når eg spelte får KFUM Stavanger", kunne Roger Nyborg konstantere. Jonny Ølnes (bilete) kunne på si side gi ut bilete han hadde signert på forhånd. "Eit lite triks eg ha lært frao tiden min i Sogndal Pøkkers, pao denna maoten e da berre å fresa gjøno køen uten å skuffa nåken, og dao kan eg bjønna å varma opp fortare". "Når eg spelte pao Noradn i fjor so pleidde eg å Even å skriva autografa ti kårandre," innrømte Ronny Sanden med eit smil.
Episoden med Richard var tydelegvis gløymt. Heltane fokuserte no 100% på kampen, og kunne kjenne korleis kroppane deira førebudde seg på å gi Sogndølene juling. "Detta ska bli so herle", Bjørn Molland (bilete) strauk høgrehanda over sin svulmande biceps. "Jøss, ha du trent elle?" spurte Frank Beckham. Det gifteklare midtbanegeniet fekk lov til å kjenne på muskelen til Bjørn. "Ja eg skjønna at du ha ite grauten din Bjørn" kunne han trygt bekrefte. "Men du ha no litt atte før du teke atte meg!" Frank hadde vore ein av heltane til Bjørn så lenge Bjørn kunne hugse. Han hugsa korleis Frank hadde respektert han og teke han med i "gjengen" då han var liten. Dette var noko han var evig takknemleg for.
Dommaren blas i fløyta og ville ha spelarane inn på bana. Før Even Kvam, kapteinen til VIL, var kommen i nærheiten, vendte dommaren seg til SIL3 kapteinen og kviskra, "Eg ska gjera alt eg kan førr att di vinne, nett so di ha betalt for". Slutt på del 1.
Del 2:
"Velkåmmen ti Laikvåll dåmmar", Even strakk ut handa og helste på dommaren i ei munter tone. "Da e kjekt at du teke deg tid til å dømma åss. So faor mi håpa pao ein spennande og rettferdige kamp". Dommaren smilte med eit jævelsk glis. "He, he.. Ja spennande isofall", tenkte han inni seg, mens han lurte på kva han skulle bruke SIL-pengane sine på.
Leiinga i Sogndal fotball hadde tydeleg følt seg trua av det sterke Veitastrond-laget, og hadde derfor kalla inn heile A-laget til kampens kveld. "Lykke ti i kveld dao", Even tok no Sogndal sin kaptein Kjetil Ruthford Pedersen i handa. Pedersen helste igjen med eit psykopatisk uttrykk i ansiktet. "Eg ska fa'an meg dreba deg din homo", sa han med låg, roleg stemme mot Even, mens han sleika seg om kjeften.
Dommaren spurte Pedersen kva side han ville ha, og lot han så få starte med ballen. Even (bilete) sa ikkje noko imot, då han hadde slik tiltru til laget sitt, at han visste at det var totalt likegyldig for spelarane kva side dei spela på uansett. Pedersen sentra ballen til Anders Stadheim, før han tok rennafart og sparka Even Kvam i ballane med snyta. Even Kvam såg seg nøydd til å bøyge seg litt framover og hoste to gonger. "Datta va no vel ikkje so nødvendigt", sa han til Pedersen. "No e da best du helde kjeften din!" tordna dommaren mot Even mens han drog fram det gule kortet. "Eg ha eit gult aitt ti, so du kan fao åm du ikkje skjerpa monnbruken!" Even vart litt paff. "Du kan no vel visa meg da samma gula kortet ain gang ti?" tenkte han inni seg, uforståande for kvifor han skulle få gult kort for å ha motteke jungeljuling på forplantningsorganet sitt.
Kampen var i gang, og Sogndal spelte uvanleg rått denne kvelden. Frank Beckham (bilete) var tidleg oppe i ein hovudduell mot Anders Stadheim. Oppe i lufta hamra Stadheim laus med albogane sine, og Frank landa att på føtene med 3 blåveisar og venstrearmen ute av ledd. Frustrert over situasjonen utbraut han, "Nei søren og altso..." Dette var nok til at dommaren på ny reagerte kraftigt, og viste Frank det gule kortet. Frank måtte berre innsjå at stabelen hans av gule kort fortsatte å stige, mens han fekk hjelp av Ronny til å sette armen på plass att.
Med dette som utgangspunkt for kampen, seier det seg sjølv at VIL spelarane måtte trø varsamt. Sogndal spelarane på si side fortsatte sine overtramp, vel vitande om at det ikkje vanka nokon sanksjonar på dei. Tommy Øren koste seg når han kunne skli, med knottane først, rett inn i knehøgde på Geir Årdal. Men Geir brydde seg ikkje om at det kom knaselydar frå kneet, i det det vart bøygd 90 grader motsatt veg. Han berre beit tennene saman og reiste seg oppatt. Geir hadde vore ute i harde taklingar før. Sjølv satte han pris på flott pasningsspel og vakker brasiliansk fotball med finslepne teknikkar. Rå, fysisk fotball med stygge taklingar og uærleg spel satte han lite pris på. Likevel respekterte han at det beklagelegvis var ein del av spelet, alle ting har jo som regel ei bakside.
Men sjølv om ting gjekk mot VIL slik dei høge herrar hadde konspirert seg fram til, kunne dei ikkje stoppe Veitastrondsmaskineriet frå å skape sjansar. Allereie 11 minuttar ut i fyrste omgangen head'a Arne Nes like utanfor mål. Veitastrond viste at dei hadde full fysisk kontroll over Sogndal, sjølv om dei måtte vere ytterst forsiktige kor langt dei gjekk, då dommaren bles i fløyta ved deira minste berøring av SIL spelarane.
Sogndal fekk alt opp i hendene, men klara likevel ikkje å skape sjansar. I staden skapte Veitastrond store muligheitar til stor glede for dei vel 5200 oppmøtte tilskodarane på Leikvoll Stadion. Jubelbruset eksploderte då Rchard Nes stussa ballen i føtene til Arne Nes, som enkelt kunne plassere ballen forbi Bjarte Hovland i Sogndal-målet. Dommaren var nær på å annulere målet, men hadde mista fløyta si på bakken, og var dermed for sein til å registrere at det vart mål. Dermed måtte Sogndal starte frå midtstreken.
Men før Rune Bolseth fekk summa seg hadde Richard snappa ballen frå han, dribla seg gjennom heile forsvaret og klint ballen i krysset. Diverre hadde dommaren fløyta i munnen no, og dømde offside. Veitastrond skjønte ingenting sidan Richard hadde hatt ballen sidan midtsirkelen, men lot det gå. "Mi kan ikkje fao førr mange kort i dag, da e jo tråss alt fleire kampa," tenkte Emil. Utanpå var han engasjert og hadde ei munter tone, slik ein leiar skal vere. Inni seg var han djupt rysta og irritert, men ville ikkje vise svakheit foran spelarane sine, han hadde full sjølvkontroll akkurat slik ein sterk leiar skal ha.
Dommaren blas til pause etter 30 minutt, då han merka at Sogndal spelarane var tydeleg andpustne og sleit med krampar.
Mens det lokale korpset underholdt i pausen (bilete) snakka Emil med spelarane sine. "Eg tykkje di e flinke kara, da ekje lett å leda 1-0 me ain slike dåmmar", han klappa Arne på skuldera. "Men mi kan ikkje gi oss endao, mi e nøyddes å prøva pao 3 poeng i kveld. Mi ligge gått an, men so di ser so ska Sonndal byta ut heile laget sitt no".
Borte på Sogndal-benken sat dommaren med ei pils i handa. Rundt han sat 2 blonde skjønnheiter og strauk på han medan dei fniste av alt han sa. Ikkje fordi det var morosamt, men avdi dei var betalte av SIL for å gjere det. Rundt han gjorde spelarar som Cedergren, Knarvik, Hellesund og Flo i ferd med å varme opp.
Dommaren starta 2. omgang. Sjølvsagt fekk Sogndal starte med ballen no og. Hellesund og Flo fekk omtrent ikkje gjort meir enn å sentre fram og tilbake, før dommaren plutseleg sprang av bana mot næraste busk. Ølet han hadde drukke i pausen var tydelegvis av typen som rann rett gjennom, og dommaren kjende at naturen kalla. Spelet gjekk derimot fortsatt, og Arne Nes drog seg fri og fyrte av eit kanonskot frå ca 20 meter. Ballen tolte ikkje krafta frå Arne sine leggmusklar og punkterte i lufta på meg mot mål. Keeper Bjarte Hovland fekk ikkje eingong slengt seg før gjekk på innsida av stolpen, tvers over og traff innsida på motsatt stolpe, spratt opp og traff tverrleggjaren, ballen gjekk så utover - traff bakhovudet til SIL-keeperen og rett inn att i mål. Eit vilt, forhistorisk dinosaurbrøl kunne høyrast frå tribunene, då ca 5200 menneske braut ut i jubel samtidig. Mot absolutt alle odds og bestikkelsar leda Veitastrond 2-0 over Sogndal.
Dommaren kom springande inn må bana, godt irritert med shortsen halvvegs på knea. Nok ein gong hadde hans personlige tabbar gjort at han ikkje kunne hindre VIL i å skåre. Håvard Flo tok dommaren til sides. "Me hatkje betalt i dyyre dåmma får at du itje ska gjæære jåbben din. No får du jaggu blåse åffsaid på resten av angrepa deira!" Flo var tydeleg irritert over situasjonen. Men han fekk det som han ville. Resten av kampen vart kvart einaste av VIL sine angrep blåst for offside, som du kan sjå av statistikken seinare.
Dermed låg det på nytt til rette for at Sogndal skulle få skåre. Dei tok ut keeperen av bana, sidan dei ikkje hadde bruk for han meir, og sendte alle spelarane fram for å angripe. Til tross for dette sleit Sogndal hardt med å skape sjansar. Men etter at halvparten av 2. omgang var gått, og SIL begynte å bli temmeleg slitne, og det var då dei fann opp ein ny angreps-teknikk. Dei laga ein pilspiss formasjon med spelarane sine, med ballføraren i bakre rekke. Etterkvart som Veitastrond sine forsvararar prøvde å stoppe angrepet, vart dei fysisk overfalte og sparka på strategiske plassar av SIL-spelarane. På denne måten klarte Sogndal omsider å skåre to mål. Ikkje eingong Sigbjørn Haugen (bilete) i Veitastrond sitt mål kunne stoppe angrepa.
Dette var dropen for Frank Beckham, som roleg forlot bana i skjult sinne, og overlot plassen sin til Åge Hamrum. Gaute Olstad kjenner sine eigne begrensingar godt, og for ikkje å få gult kort valde han også å bli bytt ut mot Jonny Ølnes.
Ronny Sanden (bilete) på si side klarte ikkje å styre seg. "Onnskyld dåmmar. Eg veit ikkje eg also, men e da egentle låv å spela pao danna maoten so dai jere", spurte han dommaren forsiktigt. "Ke ha eg sagt om drittpreik?!?!?!?" skreik dommaren med eit illraudt, overkokt fjes. "Nai eg berre lure also..." forsvarte Ronny seg. "HÅLD KJEEEFT!!", dommaren gav Ronny ein øyrefik og drog fram det raude kortet. Ronny gjekk mutt av bana. På sidelinja vart han teken imot med opne armar av Roger. "Det vakje någe du konne gjera" trøsta han.
Det siste angrepet hadde kosta for mykje energi for Sogndal-spelarane, så dommaren fann ut at han ville stoppe kampen etter ein knapp halvtime. VIL spelarane gjekk sørgmodiga av bana, mens mesteparten av SIL spelarane fortsatt låg på bana og hiva etter pusten. Kampen hadde enda uavgjort, eit resultat så horribelt i forhold til korleis det burde vore, at dommaren burde vore straffa av Haag på lik linje med krigsforbryterar frå 2. verdskrig. Men Veitastrond let seg ikkje knekke så lett. Neste kamp er mot Lærdal, eit lag som ikkje har økonomi til å bestikke dommaren. Endeleg skal VIL få spele ærleg, profesjonell fotball med ukorrupte dommarar og motspelarar som sjølve set pris på spelet. Om ikkje Veitastrond fekk vart vinnaren av alle 3 poenga, fekk dei i alle fall 1 poeng i kveldens kamp, og det som betyr så uendeleg mykje meir: Veitastrond var kveldens moralske vinnar. Utan juks og stygge taklingar viste dei mot ved å halde seg for god til å synke ned til Sogndal sitt nivå. Dei moralske vinnarane kan sove godt om nettene, vel vitande om at dei er positive førebilete for utruleg mange born og unge i denne verda. The end...
KAMPFAKTA
Laget som starta: Sigbjørn Haugen - Gaute Olstad, Ronny Sanden, Even Kvam, Rune Molland - Bjørn Molland, Frank Heggestad, Geir Årdal, Tarjei Nordtveit - Richard H. Nes, Arne Nes. Utover kampen kom følgjande innpå: Jonny Ølnes (inn for Gaute), Åge Hamrum (inn for Frank)
100% korrekt statistikk frå kampen: Skot på mål: 98 (SIL: 2) Corner: 43 (SIL: 3,7) Offside: 867 dømde, 1 reell (SIL: 367, derav 0 dommaren faktisk blåste for) Frispark: 0 (SIL: 63)
Gule kort: Even Kvam, Frank Beckham. Raudt kort: Ronny Sanden (flinke gut!)
|
|
|
|