Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Veitastrond - Lærdal : 31. mai 2005.

Været var nydeleg, Emil Heggestad var tilbake på bana, grasmatta skein i sollyset, lærdølene såg redde ut. Alt låg til rette for ein flott fotballkamp der VIL endeleg skulle få visst at dei kunne klare å få 3 poeng. Dommaren virka profesjonell i det han sjekka måla grundig, og påpeikte at noko av nettet måtte fiksast, noko Jimmy og eg sjølvsagt var enige i med våre sukkersøte smil. Vidare var han ivrig i å få kampen i gang, og VIL-benken lurte på om dette faktisk kunne vere ein ung, fremadstormande og dyktig domar som visste kva han gjorde. Men me slapp å lure lenge.

01. min. - Herr Klabb og Frøken Babb i forsvaret til VIL, Even Kvam ser seg nøydd til å avklare med eit høgt spark, noko som endar i frispark frå ca. 18 meter. Heldigvis skyt lærdølen udugeleg langt over.

6. min. - Geir Årdal kjempar til seg ballen og smokkar ballen frå ca 20 meter. Ballen gjekk raskare enn bilen til Bjørn og small i tverrleggar-krysset. Irriterande at slike ikkje skal gå inn.

8. min. - Emil Heggestad tek eit frispark frå vel 25 meter som endar opp med å komme ut at etter retur frå domaren. Emil kan dermed legge nydeleg inn på bakerste, men passive VIL-spelarar er ikkje der dei skal vere.

10. min - Arvid Heggestad som var VIL sin "linjedommar" (kvart lag er ansvarlige for å ha ein som står på linja og vinkar kast) fekk ikkje lov av domaren å stå på linja, ettersom domaren meinte han var partisk då han kommenterte ei horribel domaravgjerdsle. Partisk? Arvid er irriterande upartisk og alt for ærlig syns no eg personlig, særlig om han til dømes er enig i at det er frispark til motstandarane - noko eg og egentleg skjønnar - men dei er jo motstandarane! Dessuten er jo heile ideen om at det skal vere ein "linjedomar" frå kvart lag basert på at ein er partiske og slik sett jamnar det ut. Heldigvis var det i alle fall god plass på benken i lag med dei andre innbytarane, der Arvid kunne sette seg ned og få ein klem.

! 16. min - Emil passar fint til Richard Nes (bilete) som lobbar ballen lekkert over keeperen som er på veg ut for å stogge han. Jubel på benken og Richard har endeleg fått slutt på måltørken sin.

1-0 til VIL.

19. min - Geir Årdal får gult kort for armbruk. Richard Nes kjem då med kommentaren til lagkameratane at ein "ikkje ha brøk før hendedn"... Nuvel Richard, du hadde vore ein anspent mann du då.

25. min - Inne i boksen mistar Geir balansen og skjermar då ballen sittande. Lærdalsforsvaret sparkar etter ballen, men sparkar også i Geir. Han er jo som kjend ekstremt lett antenneleg og brannfarleg og sparkar ein lærdøl attende. Dommaren plukkar bjørnebær og gir Geir hans 2. gule kort for kvelden, og dermed det raude.

! 30 min. - Den eine av VIL sine 2 cornerar gjennom kampen blir lagt. 80 cm over alle andre (i følge Arne) ruvar Even Kvam, og set ballen lett i nota med pannebrasken.

2-0 til VIL og vaflene blir slengt i lufta i rein glede blant publikum.

45 min - Rot, ommøblering og masse søppel i forsvaret gjer at Lærdal får lov til å redusere like før pausen.

2-1 og benken byrjar å bli redd for nok eit klassisk VIL-tap.

46. min - Even Kvam får gult kort for armbruk. Richard har funne ut at hender kan vere greitt å ha, så han held kjeft.

Pause

47 min. - Lærdal kunne redusert til 2-2 då Odd Einar Molland hadde vaselin på hanskane og knota litt på eit innlegg. Han fekk heldigvis snappa opp att ballen før lærdølene.

50 min. - Richard spelte Bjørn Molland nydeleg fri, og Bjørn kunne mose av eit skot. Diverre stod keeperen der han skulle, og plukka ballen enkelt.

52 min. - Lærdal har innkast, inne i feltet blir ballen stussa vidare og perfekt i føtene til ein lærdøl på bakerste. Sidan ingen VIL spelarar tek ballen frå han, set han den enkelt i mål.

2-2 og marerittet kan byrje.

58. min - Lærdal tek ein kopi av sist mål. Stuss i feltet frå innkast, vidare til bakerste og i mål.

2-3 til Lærdal

65. min - Richard passar eit kjempelegg til Tarjei Nordtveit som fyrer av frå 20 meter. Men keeperen til Lærdal har trena med VIL i vinter, og redda enkelt.

66. min - Straffe til Lærdal. Ein lærdøl kjem seg forbi Even Kvam som held han i skjorta. Even slepp taket og lærdølen får sjansen til å skyte, men skyt utanfor. Då bles domaren i fløyta og skal plutseleg ha straffe sjølv om lærdølen fekk skyte. Noko omstridt dømming, men ingenting å gjere med. Straffen blir teke, ein utruleg dårleg straffe som Mollis Senior reddar lett. Likevel er skotet soppass hardt at han må gi retur, og straffetakaren klarar å rote returen i mål.

2-4 til Lærdal. Nok no...

70. min. - Bjørn får fyrt av eit middels hardt pingleskot som keeper reddar.

71. min - Even Kvam reiar ned ein lærdøl bakfrå. Lærdal-benken kokar og domaren gir han kveldens andre gule kort. Som resulterer i kveldens andre raude kort. VIL ligger under med 2 mål og har 2 mål mindre. Jo da...

76. min. - Lærdal får frispark frå ca. 20 meter. Det vert eit halvslapt skot som kjem innover mot mål. Mollis Senior boksar ballen, men den rullar på knytteneven hans og havnar i krysset istaden.

2-5 til Lærdal

78. min - Richard fyrer av frå 22 meter, men LIL-keeperen reddar alt for lett.

80 min. - Emil mosar ballen frå ca 22 meter han også, men keeper er korrekt plassert og snappar ballen.

81 min - Ein lærdøl kjem seg fri og får gå åleine mot Odd Einar, men Mollis Sr reddar flott.

Kamp slutt

Kva kan ein sei om denne kampen? Nok ein gong ledar VIL klart, og virkar til å ha kontroll over kampen, men av ein eller annan grunn er det som om gummistrikk-motorane tek slutt, og spelarane synk saman. Taklar me ikkje å lede ein kamp? Er det slik at me helst må få eit mål i mot oss først for at me skal vinne? For dersom me ledar og får eit mål i mot oss, sjølv no når me leia med 2 mål, då knekk heile laget. Kvar spelar må nok gå i seg sjølv og finne ut kva som motiverer ein. Sjølvsagt er ein med for å ha det moro, men dersom det kun er det som er ambisjonen, kvifor seier me då at "i år skal me vere blandt dei 3 beste i 6. divisjon"? Kondisen og treningen er ikkje problem for dei fleste, og nivået på ferdigheitane til laget ligg minst like høgt som Lærdal, Haflso og Sogndal som me har møtt hittil. Det er på det psykiske planet at me slit, og der slit me skikkeleg. Me treng ein motivator, nokon som har ei naturleg evne til å heve innsatsviljen, noko som ikkje er lett.

Ein annan ting er dommaren. Sjølvsagt skal me vere glad for at nokon gidd å dømme kampane våre, men likevel. Denne dommaren, som gjekk inn for at kampen skulle vere upartisk då Arvid ikkje fekk stå på linja, var utruleg partisk. Lærdal fekk frispark for den minste ting, sjølv fekk me nesten ingenting. Sjølv om VIL sine spelarar er store og fysisk sterke, får dei like ildt som dei små lærdølene når nokon sparkar dei.

Gratulasjonar til Lærdal i alle fall, som sikkert satte kursen direkte mot "Laksen" for å feire sigeren.

 

KAMPFAKTA

Laget som starta:
Odd Einar Molland - Trond Frækaland, Roger Nyborg, Even Kvam, Rune Molland - Bjørn Molland, Sigbjørn Haugen, Tarjei Nordtveit, Emil Heggestad - Richard H. Nes, Geir Årdal

Innbyttar:
Arne Nes

Statistikk
Skot på mål:
9 (Lærdal 8)
Corner: 2 (Lærdal 1)
Offside:
2 (Lærdal 2)
Frispark:
8 (Lærdal 21)

Raude kort: Geir Årdal, Even Kvam.

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com