|
Veitastrond - Hafslo : 21. juni 2005. |
 |
Sist gong Hafslo tok mot til seg og møtte opp på Leikvoll til kamp, enda det med eit kraftig tap og beinbrot på indrebøgdingane. Kunne VIL klare å prestere på same nivå i kveld og sende ungdomen frå det urbane miljøet rundt Thune-bui heim med knust sjølvtillit og beinbygning?
Dette spørsmålet var det fleire enn eg som lurte på, og var nok grunnen til kveldens nye publikumsrekord på Leikvoll Stadion, med ca 117 tilskodarar. Inntektene på VIL-vafflene runda i følge rykta eit 6-siffra beløp, truleg grunna av at dei tilreisande Hafslo-bygdingane fann vafflene meir interessante enn kampen.
Før kampen fekk eg eit skummelt forvarsel om kva som kunne skje i kveld då eg plutseleg såg Joss'n, General for banemannskapet, møte opp før kampen antrukke ei hafslo-gul t-skjorte med matchande fiske-/bøtte-hatt. Kva i hutlaheitaste? Har Jossen ein liten hafslobøgding i magen? Er det ein stille protest mot dårleg løn? Vil han at styret skal gå til innkjøp av ny plenklippar-traktor? Spørsmåla florerte i hovudet mitt...
Hafslo møtte i alle fall opp, mannssterke som aldri før. Dei var vel rundt 30 i troppen med ein haug av folk til å bytte inn under kampen, mens VIL-benken berre bestod av primadonna'ane og bøllene på laget: Øystein Heggestad, Per Helge Hågvar og Arvid Heggestad. Sistnemnte slapp derimot å sitte lenge, då han faktisk fekk lov å gå på linja av dommar Torstein Kvam . Ring media...
Domaren starta kampen og VIL pressa på frå fyrste stund. Allereie etter 5 minutt måtte ein HIL-spelar ha medisinsk hjelp etter å ha vore i ein hovudduell med Even Kvam.
Hafslo kom likevel til ein liten avslutning i det 11. minutt, då ein HIL-spelar kom halvveges åleine mot Odd Einar Mollis i VIL-buret. Men Oddisen sklei, sleip og sexy som ein ål, langs bakken og plukka enkelt opp ballen før HIL-spelaren rakk å tenkje over kva han skulle ha til kvelds.
Minuttet etter kom det fyrste gule kortet, merkeleg nok til Hafslo. Ein HIL spelar blei så irritert at han skaut vekk ballen etter at dommaren hadde blåst av for frispark, dermed vanka det ein guling på han.
I det 15. minuttet fekk Ricardo Nes prøvd skotfoten, og den trengte litt finjustering. Han mosa nemleg av gårde eit frispark rett i muren. Jonny Ølnes plukka opp returen, la inn frå høgrekante, inn mot Emil Heggestad på bakerste som sklei ballen like utanfor mål.
Men det tok berre 2 minuttar til før det fyrste målet small i sikringsboksen. Bjørn Molland (bilete) viste tradisjonelle pornmovesdå han vendte hit og dit ca. 7 gonger, med 2 HIL-spelarar i ryggen, vendte opp mot mål, fyrte av og plasserte ballen smekkert i lengste hjørne. Utagbart for den hårete Hafslokeeperen.
1-0 til Veitastrondi bebe!
Men Bjørn var ikkje målmett nett ennå. I det 22. minuttet fekk han ein fantastisk pasning frå Emil ute på venstrekanten. Ballen blei passa på eit gjennomløp der Bjørn sprang mellom og ifrå Hafslo spelarane som ikkje ein gong prøvde å halde farten hans. Dermed kom sterken aleine mot keeper, og plasserte ballen enkelt til venstre, eller til høgre for keeper om du vil.
2-0 til VIL, ooooh yeah!
I det 31. minuttet fekk orlogskaptein Even Kvam (bilete) eit etterlengta gult kort han hadde jobba til tider hardt for å få. Even prøvde i denne hendinga å ta eit skikkeleg Kouakou-brassespark i HIL-feltet, men traff Terje Teigen (tidlegare VIL-spelar før han solgte seg billeg).
Even var på farten att 6 minuttar etter. Denne gongen på måljakt. Even sitt hovud er jo overalt når det kjem høge ballar, ikkje fordi han har eit unormalt svært vasshovud - det berre dukkar opp der det skal, og no også på corneren frå Emil som han heada like utanfor.
5 minuttar før pause prøvde Even seg nok ein gong, no med ein knallhardt skot på volley frå 20 meter som gjekk like utanfor.
PAUSE
1 minutt ut i 2. omgang heada Richard like utanfor med sin vakre skalle. Men 7 minuttar etter var det endeleg klart for Ricky-tid. Nok ein nydeleg passning frå Emil landa i føtene til Richard, han avanserte fram mot feltet, der Terje Teigen stod og tøffa seg. Ein kjapp liten vending av Ricky, og Teigen sat på røvi og skreik som ein 2-åring i sandkassen, dermed er det berre for Richard å sette ballen sikkert i mål.
3-0 til Veitastrondi. Kan da bli bedre enn detta?
Richard prøvde seg på nytt i da 60. speleminutt, då det slappe Hafsloforsvaret lot Ricky få den tida han trengde for å skyte. Dessverre gadd ikkje Richard å vente alt for lenge sjølv, og skotet gjekk like over tverren. Hafslo-trenaren blei no så rasande sint at han begynte å varme opp sjølv så han kunne ordne opp i det begredelige resultatet. Det same måtte underteikna gjere, ja varme opp altså, då Emil meinte det kunne være trygt å sleppe meg innpå ved ei 3-0 leiing.
3-0 leiinga vart til 4-0 ved Bjørn Molland, som dermed kunne innkassere ein feit Hattrick-bonus han har på kontrakten sin. Dermed tenkte eg kanskje at mi rolle som ulykkesfugl kanskje var over. Verre vart det når Hafslo plutseleg fekk inn eit lompe-mål, når dei i tillegg fekk score på ein "Europris"-straffe begynte eg å skjelve litt i dei vakre, blå VIL-sokkane mine. Heldigvis holdt sigeren tida ut, og VIL slutta sesongen med siger over vår argaste motstandar. Ein kjempekamp der Veitastrond kontrollerte kampen minst 90 % av tida. No kan gutane i blått ta ein velfortjent ferie fram til mandag, då får det jammen vere på tide å trene att, kva ellers skal ein finne på i sumar?
KAMPFAKTA
Laget som starta: Odd Einar Molland - Jonny Ølnes, Gaute Olstad, Ronny Sanden, Rune Molland - Frank Beckham, Even Kvam, Bjørn Molland - Emil Heggestad - Richard H. Nes, Geir Årdal.
Innbyttar: Pelle Hoggtann, Øystein Heggestad
Statistikk (inntill forfattaren kom innpao) Skot på mål: 8 (Hafslo 3) Corner: 2 (Hafslo 7) Offside: 2 (Hafslo 1) Frispark: 11 (Hafslo 13)
Raude kort: Frank Beckham, Even Kvam.
|