Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Veitastrond - Sogndal 3 19. august 2005

Tysdag 16.august kl. 22.05. Telefonen ringer heime hjå assistentrenar Frank Heggestad, det er hovudtrenar Emil som ringer. Emil: "Ja, ke seie du te ditta". Frank: "Nei, ke ska eg sei, flautt." Emil: "Ja, inkått mao gjerast, me kan ikkje sleppa inn so mange maol, lure pao om me ska prøva 4-2-3-1 i nest kamp mot Sogndal 3 fredan". Frank: Ja kefør ikkje, me ha iallefall ikkje nåke å tapa pao da."

Slik starta trenarduoen førebuingane til kveldens kamp mot Sogndal 3, og ein kan ikkje seia anna enn at dei lukkast. No skal ikkje de ha æra for at det vart tre velfortjente poeng i kveld, for dette var verkeleg ein lagsiger. Kvar og ein av spelarane gjekk i seg sjølve, og stod på i samfulle 90 minutt, og drog i land ein fullt fortjent siger mot eit, på papiret, sterkt Sogndal 3 lag. Men VIL stilte og med eit sterkt lag på papiret i denne kampen, der bl.a. Per Alfred Holte endeleg fekk sin debut, samstundes fekk forsvaret til Sogndal 3 merke at Arne Nes er frisk att! Her kjem dei viktigaste hendingane i kampen, referent er VIL-oppkvine, og den nye dronninga på Lægreidspuben; Hildegunn Heggestad.

2 min. SIL hadde ein kjempesjanse, men skaut utafør.

3 min. Dobbelsjanse te VIL, men da vil seg ikkje.

7 min. Sogndalspelar aolaina i jøno, Gaute ordna opp!

22 min. Per Alfred hadde ein stooore sjanse, men skyte utafør.

23 min. Richard burde ha skåra, men keeper (Ole Brumm) klarde akkurat å fao tak i badl, Veeeldig ner!!!

27 min. Dommaren fekk føre seg at Per Alfred handsa. Straffe te SIL 3, sett inn av Jostein Mo. 1-0 te SIL 3.

33 min. Kjempesjanse te Even, men han hedda utaofør.

34 min 1-1, Richard Nes!

45 min. Pause 1-1.

58 min. Gaute ut, Tom Idar inn.

59 min. Per Alfred ut, Arne inn.

63 min 1-2, Arne Nes. Kanonskot pao halv volley frao 35 meter so gaor i ein fin boge øve keeper.

70 min 1-3, Arne Nes. Klabb og babb inne i feltet, Arne faor te slutt håve pao badl.

81 min. Bra sjanse te VIL, men keeper redda.

89 min. Kjempesjanse te Richard, men skåt gjekk like utaofør.

90 min. Gult kort te Geir.

Kampen enda 3-1 te Veitastrond. Ein fullt fortjent seier, og endele fekk Veitastrendingadn vist litt av da so bur i ditta manskapet. Solid forvarspel, kompakt midtbane, og giftige framover. Må og takast med at Nils Tore gjer ein viktig jobb på sidelinja med å ropa og dirigera.

Kampfakta:

Sogndal Idrettslag 3 - Veitastrond Idrettslag Fotball 1-3 (1-1)

1-0 27 min Jostein Mo (straffe)

1-1 34 min Richard Nes

1-2 63 min Arne Nes

1-3 70 min Arne Nes

Gult kort: Geir Årdal (VIL)

VIL Fotball (4-2-3-1)

S.Haugen - Gaute Olstad(Tom Idar Kvam i 32 min), Even Kvam, Ronny Sanden, Frank Heggestad - Geir Årdal, Emil Heggestad - Tarjei Nordtveit, Bjørn Molland, Per Alfred Holte(Arne Nes i 31 min) - Richard Nes

På benken: Øystein Heggestad, Nils Tore Heggestad, Johnny Ølnes.

Sogndal 3 ( 4-4-2)

Tor Erik Eide - Stian Solberg, Gaute Aasen Slinde, Mads Andre Therkeldsen, Torstein Fardal - Rein Isane, Johann G. Sunde, Vidar Hille, Johan Salveson - Kristian Uglum, Jostein Mo

På benken ( Fritt byte) Eirik Skorpen, Arve Bø, Jørgen Langeland.

Dommar: Ein ung urutinert kar får Sandane, som gjorde ein ok kamp, bortsett frå straffa som han gav til SIL 3, som ingen andre enn han skjønte noko av.

Neste kamp er tysdag 23.08. mot Fjøra 2. Med same lagmoral og disiplin då, kan det bli tre nye poeng til VIL. Tiden vil visa!

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com