|
Veitastrond - Fjøra 2 23.august 2005 |
 |
Kampen starta som det to føregåande kampane, eit billeg mål tidleg til motstandaren. Ballen for som ei flipperkule inne i straffefeltet før den på ein eller annan måte dala ove Odd Einar i VIL-målet. 0-1. Men reprisen frå dei to føregåande kampane helt fram då Emil på herleg vis lobba ballen elegant over Nes i Fjøra 2-målet, kveldens flottaste skåring. 1-1. Og like etterpå vart Asle Hillestad for lett i ein duell med Ricard Nes, som banka ballen forbi Morten Nes i Fjøra 2 målet. Fjørene meinte sjølvsagt at dette var frispark, men her vart nok Asle "før lette i broki", som me seier på Strondi. 2-1. Like etter vart Geir Årdal snytt for 3-1, då han stussa ein elendig klareiring frå Eldar Myren enkelt i mål, men dommar for kvelden Jarle Andersen meinte han rygga inn i keeper, og bles frispark. Feil dømt hr. Andersen, som ellers gjorde ein ok jobb. Stillinga til pause var 2-1, etter at Strondi hadde full kontroll i først omgang, og var det førande laget. Srondi måtte i andre omg. gjera nokre omrokeringar, og Fjøra tok meir over kampen utover i omgangen. Men etter omlag 10 min ut i andre omg., laga Strondi straffespark igjen, det 4. på 3 kampar, er ikkje enkelt å vinna fotbalkampar då: Jan Rune Årøy sette straffen kontant i mål. 2-2. To minuttar etter fekk Trond Helgesen stå dønn åleine inne i feltet til VIL, og på to minuttar hadde Fjøra snudd kampen frå 1-2 til 3-2. Men Strondi svarde kjapt, Arne Nes, som kom inn for ein dritatrengd Johnny Ølnes, fekk ballen på 16 meter klinka til med venstre! så ballen knalla i tvarliggjaren, på returen dukka Tom Idar Kvam opp og sette den utagbart forbi keeper, 3-3 og ny spaning. Men etter dette datt VIL bakpå Fjøra sette tre mål på 15 min, og avgjorde kampen med det kampen. Sjølv om Arne Nes sette kveldens an finaste skåring då han klinka ballen på volley, og den dala fint over Nes i Fjøra målet. Frank Haukareid avslutta skåringsshovet, med skåring etter corner, og fastsette sluttresultatet til 4-7. Strondi må skjerpa seg på defensiv dødball, slepp motstandaren altfor lett til. Dagens bestemannspremie, må vel delast mellom Emil Heggestad og Richard Nes, desse stod fram og kjempa som løver i 90 minutt.
Kampfakta:
Veitastrond Idrettslag Fotball - Fjøra Fotbalklubb 2 4-7(2-1)
- 0-1 Knut Almås
- 1-1 Emil Heggestad
- 2-1 Richard Nes
- 2-2 Jan Rune Årøy (str)
- 2-3 Trond Helgesen
- 3-3 Tom Idar Kvam
- 3-4 Knut Almås
- 3-5 Tore Madsen
- 3-6 Frode Kvåle
- 4-6 Arne Nes
- 4-7 Frank Haukereid
VIL ( 4-2-3-1)
O.Molland - Gaute Olstad, Even Kvam, Ronny Sanden, Tom I. Kvam - Emil Heggestad, Frank Heggestad(Johnny Ølnes 25 min)(Arne Nes 35min) - Geir Årdal, Bjørn Molland, Åge Hamrum - Richard Nes
Fjøra (4-1-3-2): Morten Nes - Eldar Myren, Ørjan Høgi, Asle Hillestad, Jarle Flugheim - Jan Rune Årøy - Knut Johan Almås, Trond Helgesen, Tore Madsen, Frode Kvåle og Frank Haukereid
Innbyttar: Tom Wolff Navarsete
Gule kort: Tom Idar Kvam (VIL), Ørjan Høgi og Knut Almås (Fjøra 2)
|
|
|
|