|
Haflso - Veitastrond 31.august 2005. |
 |
Det vart aldrig spennade på Hafslo Stadion i kveld, og me ante kva me hadde i vente då Bjørn Molland snurra rundt med Hafslospelarane å banka ballen i mål allereie etter 5 min. 0-1.
Men dette var berre starten på noko stort og uendeleg flott denne kvleden. Veitastrond hadde eit jamt køyr mot Hafslo gjennom heile første omgang, dei produserte sjansar i fleng og 2-0 kom etter ca 35 min då Geir Årdal steig eit hovud over alle andre på ein presis corner frå Emil og stanga ballen i noti.
3-0 kom etter at Richard vende på ein 20 kronersmynt, etter eit flott framspel av Gaute Olstad, og klinka ballen i lengste hjørna til keeper. Laga gjekk til pause med ein fortjent 3-0 siger til Strondi.
2.omgang starta slik: 46 minutt 4-0, Richard Nes. 47 minutt 5-0, Gaute Olstad. 48 min 6-0, Richard Nes som dermed fullbyrda sitt hattrick. "Det er av sine eigne ein skal ha det" sa Ketil Hamrum (speaker på Hafslo Stadion) etter at sonen Åge trilla inn 7-0 etter 50 minutt. Åge er forøvrig badnabadne te han Olav Kjos, som neppe likte det han såg på Stadion i kveld. Det siste målet kom etter eit skot frå Emil Heggestad som keeperen til Hafslo rota i mål. I frå det 70. minutt gjorde VIL fleire byte, og Øystein, Arne og Tor Olav fekk seg nokre minutt på denne festkvelden.
Hafslo hadde og ein sjanse i kveld, straffespark! Men det skaut Geir Arne Lomheim 5 meter over, og 3 meter utanfor mål...
Dette vart vel neppe på denne måten Hafslo hadde tenkt å feira 50 års-jubileumet av Hafslo Stadion, men det har i grunn liten betydning for oss strendingar. Hafslobygdingane hadde og skipa ei tevling i pausen denne kvelden, straffesparkkonkurranse. Her var det to klassar, og vinnarane her: kl over 50 år Rolf Navarsete frå Sogndal. Kl 40-50 år Arvid Heggestad frå Veitastrond. So det vart ikkje Hafslosiger her heller.
Det er ikkje lett å plukka ut banens beste i dag, sidan heile laget gjer ein kjempejobb! Likevell må vel Richard Nes trekkast fram med sine tre skåringar, og eit skot i treverket.
Dagens kommentar: "Kefør reise ikkje folk heimatte her før kampen e slutt, slek so di gjere i Sondal". Ein oppgitt HIL-trenar Geir Johnny Sviggum etter at VIL har gått opp til 8-0.
Kampfakta:
Hafslo Idrettslag - Veitastrond Idrettslag 0-8 (0-3)
0-1 Bjørn Molland
0-2 Geir Årdal
0-3 Richard Nes
0-4 Richard Nes
0-5 Gaute Olstad
0-6 Richard Nes
0-7 Åge Hamrum
0-8 Emil Heggestad
Hafslo(4-4-2)
A.Knutsen - K.Hauge,M.Sviggum,K.Karlsson,K.Tomasgård - T.Tveite, V.Søhoel, R.Bøyum, E.Linde - H.H.Nes, T.Dyrdal
Benken(Fritt byte): T.Teigen, G.A.Lomheim, N.Søhoel, A.Hess
Gult kort: Knut Hauge
Veitastrond(4-2-3-1)
Odd Einar Molland - Tom Idar Kvam, Ronny Sanden, Even Kvam(kaptein), Johnny Ølnes - Emil Heggestad, Geir Årdal - Bjørn Molland, Gaute Olstad, Tarjei Nordtveit - Richard Nes
Benken (fritt byte): Åge Hamrum, Arne Nes, Tor Olav Berge, Øystein Heggestad
Gule kort: Bjørn Molland og Tor Olav Berge
Dommar: Torstein Kvam (Meget god) Assistentdommarar: Stian Holm og Kristian Indrevær Brandsøy ( Meget gode) Artig å spele med dommartrio og spesielt når dei gjer ein så god jobb som desse tre gjorde i kveld
Tilskodarar: ca 130.
|