Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Veitastrond - Sogndal 3 6.september 2005

Det var eit VIL-lag i form som møtte optimistisk opp mot eit sterkt Sogndal 3 tysdag kveld, og som dei to forrige møta mellom desse to laga skulle det bli ein jamn og tøff kamp. Det var Sogndal som kom best i gang, og dei kunne faktisk ha skåra allereie etter 8 sekund! Rett frå avspark fekk Thomas Svardal ein kjempesjanse åleine med Mollis, men ballen fauk over.

Den neste store sjansen kom til Strondi og Tarjei Nordtveit. Han fekk ballen på 20 meter og klinka den i krysset og ut. Uflaks!

Kveldens første skoring kom til Sogndal 3 etter ca 30 min. Sogndal sin gode stoppar, og banens beste i kveld Mads Andre Therkeldsen fekk ta rennafart frå 16 meter, utan at det var ein Strandaspelar i mils omkrets, og stanga ballen enkelt i nota bak ein sjanselaus Mollis. 0-1, som og var pauseresultatet.

I 2.omgang starta Veitastrond best. Og det vart utteljing då Emil la eit presist frispark på pannebrasken til Richard Nes, og 1-1.(Det vil sei eg veit ikkje heilt kva som skjedde i situasjonen, for eg stod å kjøfte meg kaffi akkurat då).

Rett etter dette hadde Tarjei Nordtveit nok ein gong ballen i treverket, men heller ikkje denne gongen ville den inn, var uheldig i dag unge Nordtveit.

Neste skåring kom etter ca 25 min av 2.omgang, og denne var svært billeg. Vesle Rein Isane(ca. 140 cm på sokkalesten) vinn ein hovudduell på 16 meteren, og ballen går inn til Odd Einar som ikkje klarar å halde ballen og Jostein Mo snappar den opp og set den i det tomme målet, 1-2.

Men Strondi ville ikkje gje seg, og fekk utteljing berre fem minutt seinare. Tarjei Nordtveit gjekk på eit av sine mange raid langs venstrekanten, og la eit perfekt legg til Arne Nes som enkelt kunne setja ballen i mål, 2-2!

Etter ca 35 min av andre omgang kom Thomas Svardal åleine igjennom og Even Kvam mosa han ned i klar skåringsposisjon, den gode dommar Torstein Kvam hadde ingenting anna å gjere enn å gje Even raudt og straffe til SIL 3. Jostein Mo tok den, og skaut den svakt over mål.

Kveldens siste, og kanskje kampens største sjanse fekk Tarjei N. på overtid, da han mottok ballen på bakerste stolpe og skulle berre plassere den bort i lengste hjørne, men traff heilt feil på ballen og den trilla utanfor.

Kampen slutta 2-2, eit rettferdig resultat etter spel og sjansar. Kveldens beste VIL-spelar var nok Tarjei Nordtveit som herja noko frykteleg med SIL-forsvararane, og hadde mange gode innlegg og skot, hadde fortjent ein skåring i kveld Tarjei!

Må og ta med nokre gode kommentarar frå Leikvoll i kveld:

"Du ha sitt før mykje på TV mann!" Ein oppgitt SIL 3 trenar Årethun etter den håplause straffa til Jostein Mo.

"Eg skulde f*** meg ha skåra minst fira mål i dag"! Tarjei Nordtveit frustrert etter kampen

Kampfakta:

Veitastond - Sogndal 3 2-2(0-1)

0-1 Mads Andre Therkeldsen

1-1 Richard Nes

1-2 Jostein Mo

2-2 Arne Nes

Veitastrond (4-2-3-1)

O.Molland - T.I.Kvam, E.Kvam, R.Sanden, J.Ølnes(A.Nes i 20 min) - E.Heggestad, T.O.Berge - G.Årdal(Å.Hamrum i 45 min), T.Nordtveit, G.Olstad - R.Nes

Gult kort: G.Årdal

Raudt kort: E.Kvam

Dommar: Torstein Kvam       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com