|
Veitastrond - Lærdal 13.september 2005 |
 |
Veitastrond fortset å sleppa inn billege mål, og tysdag kveld stoppa ikkje Lærdølene før dei hadde putta seks stk. bak Odd Einar i Strandamålet. P.g.a. eit kollosalt buddleregn under heile kampen fekk eg ikkje skrive referat, men måla kom nokonlunde slik.
0-1 Veitastrond-spelarane står apatiske å ser på at ein lærdøl får stå heilt åleine på fem meter, etter ein duell, og pirkar ballen enkelt i mål.
1-1. Kårner til VIL som Richard sler kort til Emil som legg eit godt innlegg, ein lærdøl klarar på merkeleg vis å rote ballen i eige mål.
1-2. Lærdalsspelaren spring åleine igjennom og set ballen enkelt forbi Odd Einar. Men her dommar Lie hadde du ikkje oversikt, lærdølen var minst to meter offside, og skulle vore avblesen. Svakt av dommar Lie, som ikkje hadde nokon stor kveld på Leikvoll tysdag.
1-3. Nesten identisk med 0-1 skåringa. Eit frispark blir slått i tverrliggaren, ballen dett ned på tre meter, der står ein lærdalsspelar åleine, og med så god tid at han kan bestille seg ei vafle hjå Rakel, ete den opp, og drite den ut igjen før han set ballen i mål. Slett forsvarspel igjen av Strondi!
2-3. Richard stussar eit kast frå Gaute som dalar fint ned i lengste hjørne for keeper.
3-3. Kveldens skåring! Emil legg eit frispark frå 35 meter, og ballen sit klistra i vinkelen bak ein sjanselaus Borlaug.
3-4. Lærdalskåring, har fortrengt skåringa.
3-5. Lærdal rundspelar Strondi, og ballen blir hedda i mål etter flott angrepsfotball.
3-6. Lærdalskåring, hugsar ikkje korleis den var.
4-6. Richard Nes heddar enkelt inn ein god kårner frå Emil Heggestad.
Kampen sett under eitt, så var Lærdal det beste laget og vann fortjent. Strondi må slutta å sleppa inn 4-5-6-7 mål i kvar kamp, blir banskeleg å vinna då! Neste og siste kamp for sesongen er borte mot Jåfk 3. Dei har vore ustabile i det siste, vann 4-2 mot Fjøra 2 forrige veke og tapte heile 12-0 mot SIL 3 tysdag.
Kampfakta
Vaitastrond IL - Lærdal IL 4-6(1-3)
0-1 Lærdal
1-1 Sjølmål
1-2 Lærdal
1-3 Lærdal
2-3 Richard Nes
3-3 Emil Heggestad
3-4 Lærdal
3-5 Lærdal
3-6 Lærdal
4-6 Richard Nes
VIL (4-2-3-1)
O.Molland - T.O.Berg, R.Sanden, T.O.Kvam, J.Ølnes(F.Heggestad i 35 sekund) - E.Heggestad, R.Nyborg(A.Nes i 45 min) - G.Olstad(Ø.Heggestad i 20 min), B.Molland, T.Nordtveit - R.Nes
Gule kort: Tom Idar Kvam og Bjørn Molland
Dommar: Vegard Lie (middels)
|