Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

        

Jåfk 3 - Veitastrond 20.september 2005.

Kampen starta dårleg for Veitastrond, laget vann ikkje ein einaste duell første 20 minuttane, og Jåfk gjekk fortjent opp i 1-0 etter ca 25 min. Etter dette vakna VIL-spelarane og skapte fleire halvsjansar. Og eit halvt minutt før pause drog Tarjei Nordtveit nokre lekre finter i Jåfk sitt straffefelt, og utlikna lett til 1-1.

2.omgang starta litt som første med Strondi litt på hælane. Men det var Strondi som skapte dei største sjansane. Og Richard Nes brende dei største. Tre gonger kom han åleine med keeper, og det må vel seiast at det ikkje var spesielt imponerande nokon av gongene ettersom han bomma på alle forsøka.

Og det var altså Jåfk 3 som skulle få det einaste målet i 2.omgang. Even Kvam takla ein Jåfk 3 spelar klokkereint utanfor sekstenmeteren, men ettersom Årdølen skreik som om nokon hadde slege han i håve med noko hardt, dømde ein for kvelden svak dommar Bordal frispark til Jåfk og gult kort til Even. Og godeste Bordal beviste vel i denne kampen at han ikkje har ambisjonar om å dømme høgre enn 6.divisjon. Men frisparket måtte takast, og det vart klistra heilt oppe i krysset bak ein sjanselaus Mollis.

Etter ca 30 min fekk Jåfk 3 straffe etter at Even Kvam takla ein Årdøl på veg vekk frå mål, men straffen tok Odd Einar seg av på ein glimrande måte og framleis 2-1. Strondi skapte mange sjansar etter dette, men kampen ebba ut med 2-1 siger til Jåfk 3.

Dette var altså siste kamp for sesongen, og det er nok like greitt for vår del. Haustsesongen har vore tung, og med mange skadar, samt ein del som slutta i løpet av sesongen vart ikkje kvaliteten på treningane god nok. Så det må nok bli ein større stall neste år. Strondi enda på fjerde plass med 14 poeng, noko som er litt skuffande, men me fekk iallefall Hafslo bak oss på tabellen!

Kampfakta:

Jåfk 3 - Veitastrond 2-1(1-1)

1-0 Jåfk 3 25 min

1-1 Tarjei Nordtveit 45 min.

2-1 Jåfk 3 68 min

VIL (4-2-3-1)

O.Molland - R.Nyborg(A.Heggestad 25 min), R.Sanden, E.Kvam, J.Ølnes - E.Heggestad, T.Berg(Ø.Heggestad 15 min) - Å.Hamrum, B.Molland, T.Nordtveit - R.Nes

Gult kort: E.Kvam og eit til Jåfk 3

Dommar: Knut Bordal (dårle)

      

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com