Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Veitastrond - Kaupanger 2 1-1

Det vart 1-1 i den første treningskampen for sesongen.

VIL spelte jamt med 5.divisjonslaget i Årdal laurdag. KIL stilte med 5 spelarar frå 1.laget som denne sesongen skal spele i 3.divisjon. Ser ein vekk i frå det siste kvarteret var me fullt på høgde med, og til tider betre enn KIL. Målet til KIL var eit sjølmål av Gaute etter ein corner. Medan VIL sitt mål vart sett inn av Bjørn Molland, ein kjempeskåring der han runda tre fire KIL-spalarar før han sette ballen kaldt og roleg ned i hjørna til ein god KIL-keeper Loven. Det var ellers få sjansar i kampen, men Richard Nes bomma åleine med Loven etter ca. 75 min, svak avslutning Richard! Den spelaren som imponerte mest på VIL var Rune Molland, som i fyrste omgang hadde full kontroll på Frode Kvam, som vart bytt ut i pausen.

Kampfakta:

VIL - KIL 2 1-1 (1-1)

0-1 Sjølmaol Gaute Olstad

1-1 Bjørn Molland

Gult kort: Even Kvam og Frank Heggestad 

Dommar Torstein Kvam

VIL (4-4-2)

O Molland-G.Olstad(T.Frækaland 10 min), R.Molland(P.Hågvar 15 min), E.Kvam, S.Haugen- T.Nordtveit, A.Nes( Å.Hamrum 30 min), F.Heggestad, B.Molland, G.Årdal(J.Ølnes 15 min), R.Nes(Ø.Heggestad 10 min)

              

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com