|
Balestrand - Veitastrond: 2.mai 2006. |
 |
Strondi vann fortjent 4-1 mot Balestrand tysdag kveld. Strondi starta forrykande, og køyrde over Balestrand dei første 20 minuttane, men det vart med det eine målet til Richard Nes etter ca. 5 min. Balestrand tok meir over utover i kampen, og dei var heldige med reduseringa då dei skrudde ein kårner rett i mål. Men Strondi svarde kjapt og Roar Andre Hustveit, som forøvrig hadde ein god debut, hedda eit kjapt frispark frå banas beste Jan Eirik Bertelsen kontant i mål.
2.omgang vart mykje kriging, og det stod lenge å vippa på 2-1, og det var befriande når Jan Eirik sette inn 3-1 målet etter ca 85 min. Richard Nes putta sitt andre for dagen 5 minutt på overtid etter kårner frå Jan Eirik.
Alt i alt ein fortjent siger til Strondi, sjølv om begge lag kunne skåra fleire mål. Positivt at vi har ein ståpåvilje og guts til å stå kampen ut. Negativt at berre 12 spelarar møtte til kamp, her må det prioriterast anleis frå enkelt framover. Eit anna skår i sigersgleda var det at Emil måtte ut med skade halvegs ut i 2.omgang, og blir tidlegast klar om 4 veker, men mest truleg er han ute heile vårsesongen.
Kampfakta:
Balestrand - Veitastrond 1-4 (1-2)
Veitastrond (4-3-3)
Sigbjørn Haugen - Gaute Olstad, Ronny Sanden, Tor Olav Berge, Bjarte Pedersen - Bjørn Molland, Emil Heggestad(Øystein Heggestad i 20 min), Frank Heggestad- Roar Andre Hustveit, Richard Nes, Jan Eirik Bertelsen
Gule kort: nr 2 Balestrand, Frank Heggestad VIL
Dommar: Jarle Andersen, Syril.
|