Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Veitastrond - Sogndal 3 9.mai 2006

Strondi valsa til tider over eit svært ungt og urutinert SIL 3 tysdag kveld. Sogndal 3 var brukbart med det første kvarteret men etter at Strondi hadde putta ein og to null datt laget saman, og etter det var det berre eit spørsmål om kor stor seieren skulle bli. Spesielt artigt var det at kaptein Even Kvam som fekk ei dotter søndag sette inn eit mål etter kårner. Strondi varta opp med fleire fantastiske angrep, og nokre flotte mål.

Kampens merkelegaste situasjon oppstod når Frank Heggestad fekk gult kort for å spele med smykke av ein ellers ok dommar Marius Slinde frå Syril. Unødvedig av Slinde, som tydlegvis hadde eit behov for å markere seg tidleg.

Ellers varta Strondi opp med ny flott vaffelbu i kveld i Strondi sine fargar. Selfølgeleg laga av Veitastrond Møbel og Trevare-Direktør John Molland. Johannes "Jossn" Nes må og få skryt for flott arbeid med bana som var kjempegod i forhold til årstida.

Tre debutantar i kveld: Gøran Fimreite, Jon Arne Fimreite og Inge Mathias Tvinnereim

Kampfakta

Veitastrond - Sogndal 3 7-1 (4-0)

1-0 Frank Heggestad (str)
2-0 Geir Årdal
3-0 Even Kvam
4-0 Bjørn Molland
5-0 Jan Eirik Betelsen
6-0 Richard Nes
6-1
7-1 Richard Nes

VIL (4-3-3)

Gøran Fimreite - Gaute Olstad (Tor Olav Berge i 25 min), Even Kvam, Ronny Sanden, Bjarte Pedersen (Jonny Ølnes i 20 min) - Bjørn Molland, Frank Heggestad (Jon Arne Fimreite i 15 min), Roar Andre Hustveit (Inge Mathias Tvinnereim i 20 min) - Jan Eirik Bertelsen, Richard Nes (Øystein Heggestad i 10 min), Geir Årdal (Tarjei Nordtveit i 35 min)

Gule kort: Keeperen til SIL 3 og Frank Heggestad

Dommar: Marius Slinde, Syril

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com