|
Veitastrond - Aurland/Lærdal 2 6.juni 2006 |
 |
Det vart altså uavgjort 6-6 mellom to lag som ikkje spelte fotball i det heile, men stod høgt og satsa på lange ballar. For Strondi sin del så er det den dårlegaste defensive kampen på lenge, og spelarane stod med lua i handa i alt for mange situasjonar. Laget leda 6-4 då det stod att eit kvarter, men klarar ikkje å tette att bakover, og rotar vekk seieren og tre viktige poeng på slutten. Einaste som kan få godkjent av Strondi sine spelarar i dag er Even Kvam og Jan Eirik Bertelsen som og skåra tre flotte mål.
Neste kamp er mot Balestrand tysdag.
Kampfakta:
Veitastrond - Aurland/Lærdal 2 6-6 (2-3)
1-0 Richard Nes 1-1 1-2 2-2 Jan Eirik Bertelsen 2-3 Johnny Turhus (Direkte frå avspark!) 3-3 Jan Eirik Bertelsen 3-4 4-4 Gaute Olstad 5-4 Jan Eirik Bertelsen 6-4 Bjørn Molland 6-5 6-6
Veitastrond 4-3-3
Gøran Fimreite - Gaute Olstad(Jonny Ølnes i 10 min), Even Kvam, Ronny Sanden, Bjarte Pedesen - Frank Heggestad(Geir Årdal i 5 min), Bjørn Molland, Åge Hamrum - Geir Årdal(Roar A. Hustveit i 35 min), Richard Nes, Jan Eirik Bertelsen
Gult kort: Gaute Olstad
Dommar: Torstein Kvam (Meget god)
|