|
Sogndal 3 - Veitastrond 20. juni 2006 |
 |
Det var ingen stor fotballkamp på treningsfeltet til Hafslo tysdag kveld. Fyrste omgang var eit einaste langt gjeesp, der Strondi ikkje produserte noko som helst, og der SIL 3 var det beste laget.
2.omgang var litt friskare, og Strondi klarde etter kvart å ta inn ballen å etablere litt spel på midtbana, og det var fortjent då Even Kvam kjempa inn 1-0 på ein retur frå skotet til Bjørn. 2-0 kom ikkje lenge etter på eit flott angrep der Jan Eirik sler inn til Bjørn som heilt umarkert set ballen i mål frå kort hold. Utover dette var det ikkje mykje å nevne i denne kampen, der Strondi vinn ein jobbeseier på ein dårleg dag. Til slutt nokre poeng i kampen.
- Dagens heldigaste: Even Kvam. Slapp unda det raude kortet etter ein stygg takling av ein SIL 3 spelar.
- Dagens mest patetiske: Sogndal 3 trenar Jan Morten Loftesnes som bar seg som ein dritunge kvar gong nokon var borti juniorane hans. Og som kvar gong Strondi hadde muligheit til å ta kjappe frispark/kast, stoppa kampen for å byte spelarar. Dette var og for dårleg av ein ellers god dommar Per Barsnes, som tillot SIL 3 trenaren å gjere dette gong på gong.
- Dagens vemodige: Jan Eirik Bertelsen som mest truleg spelte sin siste kamp for Strondi. Me takkar Jan Eirik for ein fantastisk jobb for Strondi, som vart ståande med 12 mål på seks kampar.
Kampfakta
Sogndal 3 - Veitastrond 0-2 (0-0)
0-1 Even Kvam 0-2 Bjørn Molland
Veitastrond (4-3-3) Gøran Fimreite - Gaute Olstad(Jonny Ølnes i 15 min), Even Kvam, Ronny Sanden, Bjarte Pedersen - Geir Årdal, Frank Heggestad, Emil Heggestad - Bjørn Molland, Richard Nes(Jon Arne Fimreite i 10min), Jan Eirik Bertelsen(Øystein Heggestad i 5 min)
Dommar: Per Barsnes, Fjøra
Gult kort: Even Kvam, VIL + 1 til SIL 3
|
|
|
|