Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Veitastrond - Hafslo: 17.august 2006.

Veitastrond trekte altså det lengste strået i kveldens kamp mot Hafslo. Kampen starta jamt, med eit lite overtak til Hafslo. Og det var ikkje ufortjent då dei utnytta eit sovande Strondilag, og skåra frå kloss hald etter eit kast. Men Veitastrond kjempa seg attende i kampen, og Bjørn Molland nikka nydeleg inn 1-1 etter eit flott overlegg frå Bjarte Pedersen. 1.omgang ebba ut med 1-1, som og var eit greitt resultat til pause. Strondi var heiltennte, noko som og skulle visa seg att i kortstokken. Heile fem gule kort gav dommar Torstein Kvam til Strondi, utan at alle var like korrekte. Litt tøft spel må ein tåle i eit lokaloppgjer.

I 2.omgang var Strondi framleis aggressive, og med debutant Erlend Siem ute av spel var det duka for Arne Nes-comeback. Han tilførte angrepet både fart og styrke, og var involvert i 2-1 målet som Richard Nes sette inn frå kloss hald. Rett etter tok Strondi eit arrogant Hafsloforsvar på senga, og Geir sette inn 3-1 heilt inne ved stolpen. No var det att berre 15 minutt og Strondi hadde tre poeng i lomma. Men Hafslo kjempa seg tilbake og skåra like etter på ein nydeleg lobb over ein sjanselaus Gøran i målet. Llike etter kom kveldens mest omdiskuterte situasjon. Even Kvam og ein Hafslospiss er i løpsduell inne i feltet, og spissen kastar seg ned i håp om å få straffe av dommar Kvam, noko han og får... Hafslo takkar og bukkar, og set ballen heilt borte ved stolpen, og 3-3. Og no var det nok Hafslo som trudde mest på tre poeng etter å ha fått eit psykisk overtak på strendingane etter innhentinga. Men Richard Nes ville det annleis. Arne kjempa til seg ballen på midten og krangla den med seg framover, og fekk den til slutt til Richard som sette ballen elegant over keeper, og dermed 4-3. Strondi kjempa som løver dei siste minutta, og drog i land ein fortjent 4-3 siger, og leiar tabellen med fire poengs forsprang på Hafslo, som har ein kamp mindre spelt.

Dagens beste spelar var utan tvil Emil Heggestad. Han takla, sprang og var involvert i fleire av Strondi sine mål. Også Richard Nes fekk sin revansj i dag etter kampen mot Aurland/Lærdal 2.

Kampfakta:

Veitastrond - Hafslo 4-3 (1-1)

0-1 Hafslo 20 min
1-1 Bjørn Molland 30 min
2-1 Richard Nes 70 min
3-1 Geir Årdal 73 min
3-2 Hafslo 77 min
3-3 Hafslo 80 min (str)
4-3 Richard Nes 88 min

Veitastrond (4-3-3)

Gøran Fimreite - Pelle Hågvar, Ronny Sanden, Even Kvam, Bjarte Pedersen - Emil Heggestad, Frank Heggestad, Geir Årdal - Bjørn Molland, Richard Nes, Erlend Siem (Jonny Ølnes i 15)(Arvid Heggestad i 10)(Arne Nes i 45)

Gule kort: Frank Heggestad, Emil Heggestad, Even Kvam, Per Helge Hågvar, Geir Årdal VIL.
To til Hafslo

Dommar: Torstein Kvam (middels)

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com