Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Veitastrond - Aurland/Lærdal 2 19.september 2006

Av Buridl

Veitastrond – Aurland/Lærdal 2 9-3

Sidan ingen av laga kunne forandra sin tabellposisjon var det på førehand ikkje knytt spesielt stor spenning rundt avslutningsrunden i årets 6.divisjon mellom VIL og A/L 2. I eit skikkeleg budleregn var det likevel ein underhaldande kamp med masse mål og til tider oppløftande spel frå VIL publikum fekk sjå.

Heimelaget stilte med ein tropp på 13 stk der alle fekk rikeleg med speletid. Verdt å merka seg var at Emil Heggestad debuterte som keeper i denne kampen, ei oppgåve han løyste framifrå.

Veitastrond gjekk offansivt til verks anført av ein glitrande Bjørn Molland på midtbana, og det var nettopp ”berry mollis” som fekk gleda av å setta inn 1-0 på kanskje dagens vakraste scoring der han dunka ballen opp i krysset frå 16 meteren etter ein kort corner frå Tor Olav. A/L 2 utlikna så på ein av deira sjeldne visittar framfor Emil i VIL buret. Gleda vart kortvarig for bortelaget, for like etterpå stod Arne i ro og heada eit innkast frå Tor Olav i buret medan ein 3-4 forsvarspelarar febrilisk prøvde å klatra oppå den digre snauskolten. Resten av omgangen var det kun eit lag på bana og 3-1 vart sett inn av Even etter møljespel på nok ein dødball frå Tor Olav, medan 4-1 kom på dagens flottaste angrep der Arne kom seg ned på dølinja og la inn til Richard som enkelt kunne stupheada ballen i tom kasse frå 1 meters hold, og dermed omsider stå a-poeng med Jan Eirik om toppscorartittelen.
Etter dette gjorde VIL ein del bytter og omrokkeringar og stillinga til pause var fullt fortjent 4-1 til heimelaget.

I pausen fekk me ein kort pep-talk av Leif Inge, berra avbrutt av ein overivirg banemann som svært gjerne ville fortelja spelarane kor godt nøgd han var med 1.omgangen.

2.omgang starta i kjend VIL-stil, og alt etter ca 16 sekund spelte bortelaget seg gjennom forsvaret vårt og reduserer til 4-2. Veitastrond skapte deretter eit hav av sjansar og hadde fortsatt det meste av spelet. Likevel var det bortelaget som nok ein gong reduserte, då vingen deira fekk ballen nesten midt på VIL sin banehalvdel heilt ved borte ved sidelinja der han sleiva ballen i mål bak ein fortumla Emil som var på veg ut i feltet for å plukka innlegget.
I staden for å bli usikre å detta nedpå forsatte VIL sitt offansive spell og dei skapte mange sjansar før Geir sette inn det forløysande 5-3 målet etter fine kombinasjonar på høgrekanten med Bjørn. 6-3 kom etter at Richard stussa eit utspel frå Emil gjennom til Bjørn som dunka ballen bak ein forfjamsa keeper i A/L2 buret. 7-3 kom på straffe frå Richard etter at han sjølv hadde blitt felt, med denne scoringen kunne han endeleg innkassere toppscorartittelen åleine etter å brent eit utall sjansar i 2.omg. Resten av kampen vart ein rein parademarsj for strendingane, og Geir kunne enkelt sette inn 8-3 etter nok eit samarbeid med Bjørn, medan Richard sette inn dagens definitive kistespikar med venstrefoten 5 min før slutt.

Alt i alt ein god kamp frå VIL der dei viste tæl og innsats som har vore mangevare i enkelte viktige seriekampar tidligare i år. Dagens spelar var ein strålande Bjørn Molland tett etterfulgt av Geir Aardal, som for øvrig var einaste på heimelaget som fekk gult kort etter ein skikkeleg sklitakling der han tok alt anna enn ballen mot slutten av kampen.

Kampfakta:
1-0 Bjørn Molland
1-1 x
2-1 Arne Nes
3-1 Even Kvam
4-1 Richard Nes
4-2 x
4-3 x
5-3 Geir Årdal
6-3 Bjørn Molland
7-3 Richard Nes str
8-3 Geir Årdal
9-3 Richard Nes

Veitastrond (4-3-3):
Emil Heggestad – Bjarte Pedersen, Even Kvam (k), Ronny Sanden, Per Helge Hågvar – Geir Aardal, Tor Olav Berg, Bjørn Molland – Arne Nes, Jonny Ølnes, Richard Nes
Benken; Øystein Heggestad og Jon Arne Fimreite (alle fekk rikeleg med speletid)

Dommar:
Marius Slinde (så lenge me vinn er dommaren alltid god!)

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com