|
Bjørn - Veitastrond: 25. april 2006. |
 |
Det vart siger 4-1 til Strondi over Bjørn i generalprøven tysdag kveld. Kampen vart aldrig velspelt, og ei humpete bane må ta litt av skulda for det. Bjørn stod svært høgt i første omgang noko som Strondi utnytta maksimalt. Det første målet stod Emil for då han klinka ballen i krysset frå 18 meter, vakker skåring. Bjørn spelte stort sett mlange ballar mot Geir Hauge på topp, men skapte berre halvsjangsar. Det andre målet til Strondi kom etter glimrande spel. Jan Eirik Bertelsen kom seg ned på dødlinja å slo presist inn på hovudet til Richard, som sette ballen kontant i mål. Det tredje målet var ein vakker prestasjon av Bjørn som sende Tor Hauge bort på Pyramidekiosken med ei vakker finte før han sett ballen kontrollert forbi Bjørnkeeperen. Laga gjekk til pause med 3-0 leiing til Strondi, som var effektive i 1.omg.
2.omgangen vart ein kjedeleg affære. Bjørn fekk samla midtbana si lit betre, og kontrollerte meir deffensivt. Men det var Strondi som fekk det første målet i omgangen. Richard Nes sende Jan Eirik i gjennom, og han sette ballen enkelt forbi keeper. Etter dette tok Bjørn meir over, og det virka som Strondi var ferdige med kampen. Men når dei først fekk reduseringa si måtte dei ha hjelp frå Strondi. Gaute vart pressa av ein Bjørnangripar og sette ballen vakkert i krysset bak ein god vikarkeeper Espen Borlaug.
Resten av omgangen var kjedeleg, og sluttresultatet vart 4-1 til Strondi. Det positive med kampen er at me vinn på ein dårleg dag, men andre omgangen er alt for dårleg av oss og me må heve oss fleire hakk til seriepremiera mot Balestrand tysdag.
Kampfakta:
Bjørn - Veitastrond 1-4 (0-3)
0-1 Emil Heggestad
0-2 Richard Nes
0-3 Bjørn Molland
0-4 Jan Eirik Bertelsen
1-4 Gaute Olstad (sjølmaol)
VIL (4-3-3)
Espen Borlaug - Roar Hustveit(Åge Hamrum i 45 min), Gaute Olstad(Jonny Ølnes i 15 min), Even Kvam, Bjarte Pedersen(Tarjei Nordtveit i 25 min)- Bjørn Molland, Frank Heggestad, Emil Heggestad - Geir Årdal, Richard Nes, Jan Eirik Bertelsen
Dommar: Jan Arild Rømmen
|