Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Breimsbygda - Veitastrond 3-2

Det vart ikkje akkurat den serieopninga me hadde håpa på, då VIL-fotball i dag tapte 2-3 mot Breimsbygda på Byrkjelo Stadion. Me hadde i dag ein dårleg dag på jobben, og vart til sist kjempa i senk av eit godt heimelag. Kampen inneheldt nerver, mange mål, raudt kort og straffespark - alt ein thriller av ein fotballkamp skal innehalda, bortsett frå at gode thrillerar som regel endar med siger til Veitastrond. 

For fyrste gong i VIL-fotball si historie så reiste me til bortekamp i buss. Me kom oss avgarde ca 10 min etter skjemaet då Hildegunn Heggestad som hadde planlagt turen ikkje klarde å komma presis. Skal takast med at me fann bussturen meget sosial, og enkelta av spelarane fann seg ekstra til rette på heimturen når dei fekk leska seg litt.

Det var ingen endringar i hverken fyrsteellevar eller tropp frå det me annonserte i går. Sindre Mørkve gjennomførte ein "late fitness test" under oppvarminga, men denne bestod han med glans og han starta som planglagt på høgreback.

Kampen byrja noko nervøst, og begge lag sine prestasjonar bar preg av at dette var blant dei fyrste øktene på gras (for vår del var det aller fyrste). Bjørn Molland hadde VIL sin fyrste sjanse då han mottok eit innlegg på ca 14 meter, men diverre så fyrde han skotet sitt utanfor.

Etter at kampen vippa i byrjinga fekk me dagens fyrste mål etter 12 minutt. Sindre kom seg nydeleg fri på kanten og spelde igjennom til Frode Kvam som iskalt satte ballen i mål og ein draumestart for oss og 1-0.

Diverre så haldt me ikkje så veldig lenge på denne leiinga, og etter 19 minutt gjer Sindre ein stygg feil bak då han sender avgarde ein tverrsoverpasning som Breimsbygda sin kjappe ving snappar opp. Han spring heilt ned til dølinja, fintar seg inn mot midten og avsluttar til slutt i mål, og dermed 1-1 og like langt.

Etter dei to måla har Veitastrond to store sjansar. Fyrst når Frode Kvam headar over frå god posisjon, og etterpå når Richard blir spelt igjennom åleine med keepet av Emil, men diverre så lobba han ballen over keeper og utanfor mål.

Resten av omgangen skjedde det ikkje så mykje av interesse. Einaste så fekk dagens dommar Rolf Erling Lefdal anledning til å markera seg då han fekk gleda av å dra opp det gule kortet 4 gonger i fyrste omgang, 2 til kvart av laga. For vår del var det Even og Øivind som fekk merknad i boka. Etter vår meing er det kun det gule til Even som kan forsvarast, dei 3 andre er tåpelege markeringsbehov av dommar Lefdal, som ikkje tålte nokon form for kroppskontakt eller munnbruk.

Laga gjekk til pause med 1-1. Generelt sett var me ikkje særleg nøgde med denne omgangen. Det vart at for dårleg duellspel, og det vart liksom ikkje noko særleg trøkk i spelet vårt. I pausa valde trenar Emil å ta ut Bjørn og setta inn på Morten Hagen.

2.omgang opna som 2.omgangar brukar å gjera for VIL-fotball - altså rævva. Kun 2 minutt er spelt når Gøran står heilt åleine i 16-meteren og skal plukka ned eit framspel. Diverre så virka det her som at Gøran hadde smurt inn hanskane med såpe i pausen, og han glapp ballen. Ein oppmerksam byrkjeloar oppfatta dette og pirka ballen forbi Gøran og i mål til 2-1 leiing for heimelaget.

Etter denne scoringa så satsa VIL offansivt og me fekk trykka Breimsbygda litt i periodar. Richard fekk ein kjempesjanse då han fekk avslutta frå 10 meter, men diverre vart skotet for dårleg og keeper redda. Kurt var frampå og scora på returen, men denne vart korrekt avblåst for offside.

Me hadde spelt i 61 minutt når Veitastrond fekk lønn for strevet. Kurt kom seg fri i 16 meteren og sende avgarde ein susar i stanga, på returen var Frode frampå og kunne enkelt setta inn sin 2. for dagen. 2-2, og no lukta det VIL siger på Byrkjelo Stadion.

VIL-fotball haldt og fram med å produsera sjansar, og blant anna hadde Richard igjen sjansen då han fekk gå opp åleine på ein corner. Denne gongen traff han ikkje ballen skikkeleg, og den stussa utanfor buret.

Breimsbygda hadde og sine sjansar i 2.omgang, og i det 70.minutt er det nesten utruleg at dei ikkje scorar. Det oppstår møljespel inne i boksen vår, og me reddar ein 2-3 gonger på streken. Til sist får ein Breimsbygda-spelar skikkeleg klem på eit skot, men då ofrar Even Kvam seg slik som berre han kan og han stupheadar ballen ut til ufarleg område.

Kampen sitt avgjerande augneblink kom etter 75.minutt. Øivind er i løpsduell med ein Breimsbygda spelar, og sistnevnte fell i bakken like utanfor 16-meteren. Er noko vanskeleg å sjå for underteinka om Øivind hindrar motstandaren ulovleg eller ikkje, men sjølv hevda i allefal Øivind hardnakka på at det ikkje var i nærleiken av noko frispark (og Øivind er no ein ærleg kar). Dette var ikkje dommar Lefdal enig i og han drog opp Øivind sitt 2.gule, og dermed vart det raudt kort og rett ut for midtstopparkjempa vår. Endå verre vart det når VIL spelarane skulle til å stilla opp mur, for då hadde nemleg dommar bestemt seg for at det var innanfor 16-meteren, og dermed straffe til Breimsbygda. Ein meget tvilsam handtering i denne situasjonen av dagens dommar.

Straffen satte Breimsbygda sikkert i mål, og dermed 3-2 til heimelaget.

Trass i at me spelde med 10 mann siste kvarteret var det VIL som hadde trøkket på slutten, og me hadde plenty sjansar til å utlikna. Nærmast kom Frode då han heada mot mål frå 5 meter, men ein fantastisk redning frå keeper hindra scoring. Truleg såg samtlege på stadion denne inne, men må berre berømma keeperen her som nok hadde kampens prestasjon med denne redninga. Også Emil var nær heilt på slutten, men han traff ikkje skikkeleg på ei heading og det heile rann ut i sanden til 3-2 siger til heimelaget. Kampen sett under eit var forholdsvis jamnspelt, og det er ikkje så mykje å seia på at eit hardtarbeidane heimelag stikk av med alle poenga.

Alt i alt ei skuffande forestilling av oss. Me er så absolutt ikkje på høgde i dag, og har mykje å gå på både når det gjeld finspel og duellar. I bunn og grunn gjer me vekk 3 mål til Breimsbygda, og me sløser alt for mykje med våre eigne sjansar. Det er ikkje tvil i vår sjel i at me kan betre enn det me viste i dag, og forhåpentlegvis så slår me tilbake i neste kamp.

Dagens motstandar Breimsbygda var eit nytt bekjentskap for oss. Laget deira er fysisk sterkt, og dei spelar på dette så mykje dei kan. Dei slår mykje langt, vinn mange duellar og er leie å spela mot. Trass i at dei spelar fysisk tøft må me ta med at spelarane deira framsto som usedvanleg sympatiske. Arrangement messigt må me og gje dei skryt, og var imponert over å sjå heile 175 tilskodarar møta opp til kamp. Det var og ein meget fin gest å komma inn til 2 kartongar med juice i garderoben merka med Veitastrond. Alt i alt fekk me eit meget godt inntrykk av Breimsbygda, og me gler oss sjølvsagt til å ta i mot dei på Leikvoll til hausten...

VIL-STJERNA

I år som i fjor kjem ein av våre publikumarar til å få ær av å dela ut VIL-stjerner til dei spelarane dei tykkjer er best. Først ut er Silje Christine Indrebø Nygård, som var ein av våre ivrige bortefans i dag. Ho meinar at følgande personar har fortent utmerkinga i dag;

óóó Frode Kvam
óó Kim Andre Navarsete
ó Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

Gøran - Sindre (Ivar), Even, Øivind, Kim Andre - Bjørn (Morten), Frank, Kurt, Emil - Richard (Øyvind), Frode

Ubenytta reservar; Jon Arne, Jan Erik og Ole Kristian

0-1 Frode Kvam (Sindre Mørkve)

1-1 x

2-1 x (samme som fyrste)

2-2 Frode Kvam (Kurt Heggestad)

3-2 x str.

Gule kort; Even og Frank på VIL, 2 på breimsbygda

Raudt kort; Øivind

Dommar; Rolf Erling Lefdal (beklagar å måtte seia det, men etter vår meining får han karakter NG)

VIL-fotball rettar ei ekstra takk til våre bortesupportarar; Hildegunn Heggestad, Johannes Nes, Silje Christine Indrebø Nygård, Noah Heggestad og Linus Heggestad.

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com