|
Vadheim/Høyang 2 - Veitastrond 1-4
Veitastrond overbeviste stort då dei i dag vann 4-1 borte mot Vadheim/Høyang 2 etter at det stod 2-0 til pause. Til tider så vart heimelaget utspelt av eit angrepsvillig VIL-lag, og hadde det ikkje vore for eit enormt sjansesløseri i 1.omgang ville nok sigeren vorte endå større.

Det vart ikkje noko fleire endringar på det laget som me annonserte tidlegare på dagen, og me stilte då med ein tropp på 14 mann. Mange forfall i dag, men sidan det er på ein onsdagskveld er det ikkje så mykje anna å vente, og i stunder som dette er me glade for å ha ein så brei tropp som me har.
Dei fyrste 10 minutta av kampen stod det og vippa, og heimelaget hadde kampens fyrste sjanse då dei avslutta frå 10 meter, men vår keeper Gøran Fimreite hadde full kontroll. Faktisk var dette einaste sjansen Vadheim/Høyang2 hadde før pausen, og resten av omgangen dreide det meste seg om Veitastrond sitt angrepsspel.
Fyrst ut til å prøva seg var Petter Fagerli som fekk to gode sjansar. Fyrst avslutta han svakt i nettveggen på blank goal etter 10 min, og berre 3 min seinare fekk samme mann sjansen frå ca 10 meter, men han bomma på ballen og sjansen rann ut i sanden.
Kurt Heggestad fekk æra av å setta inn kveldens fyrste mål etter ca eit kvarter av kampen. Ein lang ball vert spelt opp mot Richard som Høyang får avklart, men ballen sprett berre ut på 20 meter til Kurt Heggestad som dunkar ballen med utsida inn i nota via tverrliggaren. Ei skikkeleg perle frå Kurtn, og flottare scoring har vel sjelden vore scora på Sletta nokon gong...
Etter denne pangopninga heldt VIL fram med å produsera sjansar, men diverre klarde me ikkje å få ballen i nota. Her er noko av det som skjedde;
- 16 min; Frode kjem åleine med keeper, men lobba ballen over keeper og ein halv meter utanfor
- 19 min; nok ein gong er Frode igjennom, men nok ein gong utanfor mål
- 27 min; corner til VIL, som Richard stussar mot mål, men redning på streken
- 32 min; Frode er nok ein gong åleine med keeper, men denne gongen reddar målmannen
- 36 min; denne gongen er det Kurt som er åleine igjennom, men han brenn skotet over mål
- 37 min; like etter er det Frode sin tur igjen, men det vil seg ikkje
- 40 min; Richard i duell i 16 meteren, og han får lagt tilbake til Kurt som scorar, men dommaren annulerer då Richard får frispark i mot seg
- 42 min; Frode kjem seg ned på dølinja og legg 45 til Richard, men han bommar på ballen og nok ein renn det ut i ingenting
Etter dette sjansesløseriet så fekk me omsider hol på byllen igjen etter 44 min. Richard kranglar med seg ballen, og spelar igjennom til Frode, og denne gongen er kvamsingen sikker åleine med keeper. 2-0 til VIL, og det kunne ikkje vore meir fortent. Heldigvis fekk me den viktige andre scoringa før me gjekk til pause. Den kjende dommaren Kjetil Hov oppsummerte omgangen greit då han meinte det var ufortjent, og Veitastron burde ha leda 6-0...
Trass i at me scorar alt for lite er det egnetleg ein fantastisk omgang av Veitastrond. Me er stort sett betre enn motstandaren i alle kampens fasar, og me har eit enormt bra angrepsspel. Samanliknar me dette mot kampen mot Breimsbygda er det som natt og dag - heilt anna trøkk i spelet i dag.
Veitastrond har for vane å sleppa inn mål tidleg i 2.omgang, men i dag skjerpa me oss og hadde full kontroll også i starten av omgangen. I staden er det me som produserer nokre sjansar då Frode avsluttar rett på keeper, det samme gjer Richard då han skyt frå 20 meter og kanskje kunne Petter fått straffe etter 52 min då Sværen i Høyang målet låg å rulla seg inne i boksen.
Straffe skulle det likevel bli for Veitastrond etter 54 minutt. Frode vert klypt ned i feltet, og straffen er soleklar. Richard får æra av å ta straffen, og han scorar sikkert og dermed 3-0 til Veitastrond.
Etter 3-0 scoringa så roa kampen seg betrakteleg. Vadheim/Høyang 2 kom meir med i spelet utan at dei kom til dei heilt store sjansane, og heller ikkje VIL klarde å skapa så mykje.
I denne periode pådreg me oss 3 gule kort, fyrst Frank for ei takling, så Kim Andre som er involvert i 2 situasjonar på rappen også Kurt som vert snytt for straffe og svara dette med å kalla dommar Holm for ubrukeleg. Heimelaget fekk seg også eit par gule utan at me heilt hugsar korleis desse kom.
Etter ein tam andre omgang vart det brått litt spenning då heimelaget reduserte etter 81 min. Forsvaret til VIL fekk ikkje avklara ballen, og til slutt avsluttar ein Vadheim spelar frå 20 meter, og ballen fyk inn i krysset bak ein sjanselaus Gøran. Ei riktig så flott scoring frå heimelaget.
No kunne det sjølvsagt vorte spanande, men heldigvis klarer ikkje Vadheim å setta noko trykk på oss og det vert ikkje noko særleg med sjansar på slutten. I staden er det VIL som får ei siste scoring på overtid då Kurt spelar langt opp mot Bøys. Han er ikkje rask nok og forsvaret deira får sentra ballen tilbake til keeper Sværen, men diverre for han er det ei tue på den ellers så flotte Sletta, og ballen sprett over foten hass og dermed endar det 4-1 til Veitastrond.
Alt i alt ein meget god kamp av VIL-fotball, og det er utruleg godt å få denne 3 poengaren no. Me føler no at me verkeleg er på gang, og me gler oss allereie til neste kamp mot Kaupanger 2.
Til slutt kan me ta med at Kurt Heggestad dreit seg bra ut på ferja på heimreisa. Frank hadde akkurat henta seg ein kopp med kaffi, men berre sekundar etter slo lure Kurt koppen ned på golvet og søla kaffi både på ferjegolvet og på dei andre reisande som sat på nabobordet. Alle dei andre spelarane tykkte det var utruleg morosamt å sjå Kurt tabba seg så loddrett ut som han gjorde her...
VIL-STJERNA
Dagens stjerner vert delt ut av suspenderte Øivind Kristiansen. Han tykkte i dag mest om følgande spelarar;
| óóó |
Morten Hagen |
| óó |
Frode Kvam |
| ó |
Kurt Heggestad |
Kampfakta;
VIL; Gøran - Frank, Sindre, Even, Kim Andre - Petter (Øyvind), Morten, Emil, Kurt - Richard (Øystein), Frode (Jan Erik)
0-1 Kurt
0-2 Frode (Richard)
0-3 Richard str.
1-3 x
1-4 Sjølmål (Kurt)
Gule kort; Frank, Kim Andre og Kurt for VIL, eit par saman på V/H 2
Dommar; Stian Holm (god)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|