Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kaupanger 2 - Veitastrond 2-3

I ein tøff og intens kamp der nervene var i høgspenn igjennom samtlege 90 minutt tok Veitastrond med seg alle 3 poenga frå Kaupangerskogen i dag. I dag var Veitastrond dødeleg effektive framfor mål, og til trass for at me spelemessigt ikkje var heilt på topp så kjempa me til oss sigeren. Dette resultatet er særs viktig for oss, og me er no for alvor med heilt der oppe. Dette var ein herleg siger, og ein herleg dag for Veitastrond Fotball! 

Laget som starta var som tidlegare annonsert. Einaste endringen var at Jan Erik ikkje hadde anledning til å møta, slik at me var 6 mann på dagens sterke benk. På motsatt halvdel venta eit slagkraftigt Kaupanger 2 lag med blant anna dei gamle slitarane Kenneth Teigen og Geir Erik Røysi på laget.

Kampen starta dårleg for Veitastrond. Det fyrste kvartert var KIL2 mest på hugget, dei vann dei fleste duellane og kom til nokre sjansar. Etter 12 minutt var Geir Ove Engebøe farleg frampå, men Gøran i VIL-buret redda meisterleg avslutniga hass. Berre 1 minutt seinare kunne diverre ikkje Gøran gjera stort, då ein KIL2 spelar fekk stå åleine på bakerste og enkelt knalla inn 1-0 til heimelaget.

Etter å ha fomla i 15 minutt kom omsider VIL meir med i kampen. Vår fyrste avslutning hadde Kurt, men diverre så gjekk skotet ca 26 meter utanfor. Kan hende KIL2 ikkje lot seg skremma av Kurtn etter dette, men 25 minutt ut i kampen skulle publikum få sjå kva som bur i han. Ivar kasta ballen til Emil, som passa vidare til Kurt som fekk ballen på ca 25 meter, og denne gongen mokka han ballen nesten heilt opp i krysset (Arne Scheie hadde nok sagt klin i krysset) og vakkert til 1-1. Espen Borlaug i KIL2 buret var etter ballen, men han strakk heldigvis for oss ikkje heilt til...

Veitastrond i lykkerus er som regel dårleg buisness, og 1 minutt etter utlikninga angrip heimelaget på høgresida. Kim Ande ser ut til å ha bra kontroll, men så kjem keeper Gøran brasande ut og klipper ned Kaupanger spelaren heilt ved ut ved linja på 16-meteren. Unødvendig av Gøran, og dommaren kan ikkje gjera mykje anna enn å dømma straffe. Straffesparket tek spelande trenar Geir Erik Røysi, men diverre for han så reddar Gøran meisterleg skotet hass og han gjer dermed opp for seg. Glimrande av vår keeper, som skreik ut eit Hiawata-jubel-brøl i det han redda!

33 minutt og Veitastrond rullar opp på si venstreside. Kurt avanserar med ballen, og slår eit nydeleg innlegg knallhardt inn i boksen. Der kjem Richard på eit flott løp og han stangar ballen knallhardt i mål frå ca 5 meter. Eit flott angrep av VIL, og ei nydeleg scoring. Dermed 1-2.

På slutten av omgangen hadde KIL2 ein bra sjansa då Ørjan Hjellhaug kom åleine med keeper, men han somla bort sjansen. For VIL hadde Richard to gode sjansar, først når keeper redda ei heading og like etterpå avlslutta han eit innlegg svakt utanfor.

Me gjekk til pause med 2-1 leiing. Etter ein svak opning kom me sterkt tilbake, og det var ikkje mykje å seia på at me leia kampen.

No skulle me sjølvsagt trakka til frå fyrste spark på ballen i 2.omgang, men dette er liksom ikkje heilt oss. Heilt oss er å byrja nervøst og helst sleppa inn mål i løpet av dei fyrste 5 minutta etter pausen, og så vart det og i dag. Etter eit KIL2 frispark vart det mykje klabb og babb inn i feltet, og eit skot frå ca 16 meter er innom ein 3-4 spelarar før ballen dalar ned i målet bak ein utspelt Gøran, og dermed 2-2 og like langt.

Etter denne pangopniga av heimelaget daua underhaldningsnivået på kampen noko, og det vart mykje stillingskrig på midten der KIL2 hadde eit lite overtak. Det vart etterkvart mykje duellar, og utan at det vart direkte stygt såg det til tider ut som dagens dommar Stian Aaland mista noko av kontrollen på kampen. Spesielt heitt var det bakerst hjå oss der Even og Sindre i dag viste seg som to bautar i VIL-forsvaret, og temde spissduoen Hjellhaug/Engebøe med sine mest effektive midlar. Dei to spissane fekk til lite, og dei surna meir og meir etterkvart som midtstopparane våre viste dei kven som var sjefane.

I denne perioden fekk me to gule kort. Fyrst ute var Emil for kjeftbruk, medan Even fekk årets klaraste gule kort då han regelrett sprang ned ein KIL2 spelar heilt nede ved dølinja.

Me hadde som tidlegare nevnt ein meget sterk benk i dag, og me gjorde vårt fyrste bytte etter 67 minutt når Arne kom inn for Petter. Berre 3 minutt etter at snauskolten frå Øyna hadde entra bana byrja det å skje ting på kunstgraset på Kaupanger. Emil vann ballen på venstreside, forserte nokre meter før han slo ein glimrande tverrsoverpasning til Arne som plutseleg var åleine med keeper. Arne gjorde absolutt ingen feil, og knalla ballen utagbart inn bak Borlaug i KIL2 buret og dermed 3-2 og ny leiing for VIL. Etter at me nesten ikkje produserte nokonting i 2.omgang var denne scoringa ekstra forløysande herleg.

Bjørn entra bana etter 75 minutt for Richard, og me la då om til 4-5-1.

Etter 82 minutt kom Øivind inn for ein skada Frode. Då Frode låg nede spelde sjølvsagt KIL2 ballen ut av spel, men Ørjan Hjellhaug nytta likevel anledningen til å syna prov på høg intelligens då han oppfordra om å ikkje spela ballen utover sidelinja. Dette førde til ein del kommentarar tilbake og litt småknuffing, men Geir Ove Engebøe (av alle) fekk roa ned gemyttane...

Geir fekk sine fyrste minuttar for sesongen då han erstatta Ivar etter 88 minutt. Berre 2 minutt etterpå fekk han også sitt fyrste gule kort for sesongen då han klyppte ned Kenneth Teigen. Øivind ville ikkje vera noko dårlegare, og han sparka bort ballen og dermed to fluger i ein smekk og rett i dommaren si bok på båe to.

KIL2 prøvde å trenga igjennom VIL-forsvaret på slutten av kampen, men me klarde å ri stormen av og dermed tek me med oss 3 utruleg viktige poeng i dag. Er fantastisk herleg å trekka det lengste strået i tøffe kampar som dette, og me viste med dette at me kan hamla opp med kven som helst i avdelinga. No skal me nyta sigeren så lenge som muleg, før Gaular ventar til årets fyrste kamp på Leikvoll Stadion neste torsdag.

VIL-STJERNA

I dag er det sjølvaste guren blan VIL-fansen - John Molland, som tek seg av stjernene. Valet hass falt på følgande;

óóó Emil Heggestad
óó Kurt Heggestad
ó

Even Kvam

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ivar (Geir), Sindre, Even, Kim Andre - Petter (Arne), Morten, Emil, Kurt - Richard (Bjørn), Frode (Øivind)

Ubenytta reservar; Øyvind og Ole Kristian

1-0 x

1-1 Kurt (Emil)

1-2 Richard (Kurt)

2-2 x

2-3 Arne (Emil)

Gule kort; Emil, Even, Geir og Øivind for VIL, hugsa ikkje om KIL2 fekk nokon.

Dommar; Stian Aaland (so som so)

Så fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com