|
Hafslo - Veitastrond 0-1

Veitastrond drog i land ein skikkeleg sliteseier, då me i dag vann 1-0 borte mot vår argaste konkurrent Hafslo. Dagens matchvinnar vart Frode Kvam, men me må gje ei minst like stor takk til keeper Gøran Fimreite som var i det umoglege hjørne i dag og redda alt som Hafslo hadde å by på. Det er alltid herleg å vinna fotballkampar, men når me gjer det mot Hafslo er det ekstra herleg!
Emil vart som frykta ikkje med i dag, og dette gjorde då til at Geir starta sentralt på midten i staden for han.
Før kampen var det ellers meldt at heimelaget var ekstremt sugne på å tukta PR-kåte strendingar i dag, og det ryktast at 3-blad Hatlevoll ikkje hadde vore så oppgira sidan dei plukka seg til ny bær-rekord sumaren 2004 borte på Ornes. Denne tenninga merka me ikkje så veldig mykje til i starten av kampen i dag, bortsett frå eit par brøl frå Hafslo leiren under oppvarminga...
Kampen starta som venta tett og jamt. Det vart mykje duellar, og begge lag spelte kynisk noko som førde til mange ballar i bakrom. Allereie etter 1 min kunne faktisk Ole Petter Hatlevoll ha gjett heimelaget leiinga, men åleine med vår keeper Gøran Fimreite så la sitnevne lista for korleis han skulle opptre i dag!
Veitastrond torde etterkvar å ta ned ballen og spela meir fotball, og etter 7 minutt spel kjem kampens desidert flottaste angrep. Ballen blir spelt opp på Richard, som sender ballen vidare til Kurt på venstre. Kurt forserer med ballen, før han sler 45 til Frode inne i boksen, som enkelt kan putta inn 1-0 til Veitastrond. Eit alldeles nydeleg mål, og Frode viser nok ein gong si suverene målteft!
Igjen vart det mykje kriging på midtbana, og nerva låg heile kampen som eit tungt teppe over Moane i kveld. Kampen var jamnspeld, men det var Veitastrond som hadde dei fleste sjansane i 1.omgang. Etter 20 min fekk Richard ballen på 45 frå Frode, men skotet sklei av foten hass og ballen gjekk ein meter eller to utanom.
Etter 30 min vert Kurt lagt i bakken frå ca 20 meter. Morten tek frisparket, og plasserar den i nærmaste kryss, men der svevar Hafslo-keeper Alexander Loftesnes høgt og slår ballen til corner.
Veitastrond sin største sjanse utanom scoringa fekk kaptein og dagens bursdagsbarn Even Kvam. Morten slo ballen nydeleg inn frå venstre. Ballen gjekk forbi keeper, men på blank goal stupheada Even ballen over mål. Skal seiast at ballen kom noko bykst på, og trass i at det var ope mål var den ikkje så lett å scora på som ein skulle tru...
Kva så med Hafslo? vel dei hadde vel så mykje av spelet som Veitastrond, og kunne fort ha putta i løpet av omgangen. Blant anna hadde Erik Skorpen nokre farlege headingar på corner, Ole Petter Hatlevoll hadde ein susar av eit skot som gjekk like over og dei forsøkte seg heile vegen på å slå bakrom på sine raske spissar, men det vart mykje nesten for dei.
Deira største sjanse fekk dei etter 34 minutt. I ein duell inne i feltet dømmer dagens dommar Stian Holm straffe til Hafslo etter at Even vart for ivrig med armane på Hafslo sin Michael Labarca. Frå vår posisjon såg den forsåvitt grei ut, men Even meinte dette var tull. Straffe vart det i allefall, og Labarca insisterte på at denne skulle han ta sjøl då han visstnok alltid var sikker på straffe. Heldigvis for oss, for straffen var så elendig som den får blitt og Gøran berre la seg ned til høgre og holdt faktisk det lause og dårlege plasserte sparket!
Etter dette dabba det heile ut med 1-0 til Veitastrond etter 1.omgang. Omgangen kunne ha vippa begge vegar, og me var godt nøgde med å ha eit mål å gå på.
I frykt for å sleppa inn mål i starten av 2.omgang slik me har gjort i 3 av 4 seriekampar i år så valde me å byrja omgangen i ein 4-5-1 formasjon, og fokusera på kynisk fotball. Dette må me seia fungerte meget bra, og me slapp Hafslo fint lite til det fyrste kvarteret etter pause.
Etter 51 minutt får VIL frispark frå ca 20 meter. Kurt tek dette, og skur ballen nydeleg over mål og rett i tverrliggaren. Fleire VIL-spelarar er på returen, men diverre sprett ballen over alle og Hafslo får avklart. Synd!
4 minutt seinare var samme mann på ferde på ny, då han prøvde seg på ein lur kjipp over Loftesnes i Hafslo buret. Diverre for oss så var keeperen akkurat så høg som han skulle vera og han fekk snappa ned ballen.
Etter 60 minutt kom Arne inn for Geir.
Utover i 2.omgang så la Veitastrond seg litt for langt nedpå og heimelaget hadde mykje av trykket på slutten av kampen. I denne perioden vert me alt for lite trygge på oss sjølve, og me torer diverre ikkje å ta inn ballen og spela den. Dette fører til at det vert slått ein del langt opp, som ofte fører til at den kjem i retur og kampen vert ikkje særleg velspelt.
Det vart og mykje duellar utover i kampen, og det vart etterkvar litt temperatur både på bana og på tribuna. Me må nytta anledningen til å takka våre tilreisande supportarar i dag. Til trass for at me spelar på Hafslo var det stort sett VIL-fansen med John Molland i spissen me kunne høyra ute på bana. Å ha fansen i ryggen på denne måten er sjølvsagt gull verdt for oss! ;)
Ute på bana vart det delt ut nokre gule kort til begge laga. For vår del kom Kurt, Arne, Kim Andre og Even i dommaren si bok - sistnemde fekk sitt 3. for sesongen og må dermed sona neste kamp.
Me gjorde fleire byter; Øyvind kom inn for ein skada Morten, og det fryktast her ribbebeinsbrot. Ivar kom inn for Frank, og Øivind fekk seg nokre minuttar for Frode.
Hafslo hadde som sagt mykje av spelet i siste del av kampen, og dei fekk og sine sjansar. Største var det Ole Petter som fekk, men frå ca 10 meter klarde han ikkje å overlista dagens mann Gøran Fimreite som denne gongen varta opp med ein nydeleg beinparade.
Heilt på slutten så vart Ole Petter stoppa på uregelmentert vis av Even på ca 18 meter. Etter det me forsto så meinte Ole Petter at Even burde fått raudt kort her, men Stian Holm gjer sjølvsagt det einaste rette og gjer heimelaget eit frispark og Even eit gult kort (får vera nøgde med) Frisparket skaut Erik Skorpen ca 15 meter utanfor, og dermed ebba kampen ut og Veitastrond kunne jubla for sin fyrste 3.poengar på Hafslo sidan me vann 8-0 tilbake i 2006!

Det var ikkje finspelet me vann denne kampen på. Dette vart ein skikkeleg slitesiger, og den gjer utruleg godt for både kropp og sjel. Spesielt godt er det at me for fyrste gong i år, og for andre året på rad på Hafslo, held 0`en - dette er særs mykje takka vera ein god Gøran i mål og eit solid forsvar.
Eit lite skår i gleden i dag er at Morten muligens er skada for ein periode, Even må sona karantene neste kamp og Sindre spelte sannsynlegvis sin siste kamp for Veitastrond. Likevel kan me ikkje bruka tid på å fokusera på dette, og me gler oss over 3 herlege poeng i dag.
* Aller siste nytt om skaden til Morten er at han har pådrege seg eit ribbebeinsbrot. Han er sjukmeldt ut denne veka, men han reknar med å vera attende til neste kamp heime mot Jølster 2!
VIL-STJERNA
Sidan vevansvarleg gløymde å få nokon til å dela ut VIL-stjerna i dag måtte Øystein Heggestad trø til frå VIL-benken. Han fekk oppdraget i pausen, og han var ikkje i tvil om kven han meinte fortente heder og ære i dag;
| óóó |
Gøran Fimreite |
| óó |
Sindre Mørkve |
| ó |
Frode Kvam |
Kampfakta;
VIL; Gøran - Frank (Ivar), Sindre, Even, Kim Andre - Petter, Morten (Øyvind), Geir (Arne), Kurt - Richard, Frode (Øivind)
Ubenytta reservar; Vidar, Gaute og Jan Erik
0-1 Frode (Kurt)
Gule kort; eit par på Hafslo, Kim Andre, Kurt, Arne og Even på VIL.
Dommar; Stian Holm (god)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|