|
Veitastrond - Jølster2 7-1
Det vart akkurat den folkefesten me hadde håpa på i dag. Mykje takka vera det flotte været så møtte folk opp i hopetal, og det var langt over 100 personar på tribuna i dag. På bana så brukte Veitastrond lang tid før dei kom i gang i dag, men etterkvar byrja maskineri å gå og då stoppa me ikkje før det sto 7-1 i protokollen. Det vart og dramatisk ute på bana i dag, då Øivind Kristiansen vart køyrt til Førde med broten nase.
Laga som starta var som tidlegare annonsert.
Jølster 2 ligg på botnen av tabellen, og det burde vera overkommeleg for Veitastrond å ta 3 poeng i dag. Likevel var gjestene med på notane i 1.omgang, og det var ikkje så mykje som tyda på at dette var ein topp mot botn kamp.
Etter ein jamn start på kampen så fekk Jølster 2 corner etter 9 min. Ballen vart slått inn i feltet, og der fekk ein jølstring gå opp heilt åleina og nikka ballen i mål til 1-0 leiing for bortelaget. Her var det mildt sagt elendig markering og duellering frå Veitastrond si side.
Veitastrond satsa no alt framover, og me skapte mykje sjansar gjennom heile omgangen. Likevel var det nok ein gong Jølster 2 som kom på farten igjen. Etter omlag 20 min spelt så fekk dei frispark frå 20 meter som gjekk rett i muren, eller det vil seia rett i handa til Kurt Heggestad. Her kan ein nok seia at Kurt forsvarte andletet sitt, men uansett gjekk ballen i handa og dommar Frode Ølmheim hadde dommarregalne på si sida når han dømde straffespark. Jumbolaget Jølster 2 fekk då ein framifrå sjanse til å komma 2 mål framfor, men i staden for å skyta ballen i mål valde dei å plassera straffesparket ut på kveane til han Harald Skagen. Dette er det 3. straffesparket på rad som motstandaren ikkje har klart å scora på i mot oss.
Etter dette så vakna omsider Veitastrond spelarane. Me tok over banespelet, og skapte etterkvart mykje framfor Jølster-keeperen sitt mål. Det tok 25 minutt før det endeleg skulle løysna, og det var trenarduoen som tok saken i sine eigne føter. Emil Heggestad slo eit frispark rett inn på Jølster sin banehalvdel, og i feltet ruva Richard Nes høgast og han fekk skalla ballen i mål og dermed 1-1 framfor eit ellevilt heimepublikum.
Dagens mest dramatiske hending fekk me etter at det var spelt ca ein halvtime. Midt innpå vår banehalvdel så gjekk Øivind Kristiansen i duell med ein jølstring. Her sa det pang, og i neste augneblink ligg Øivind og vrir seg i smerte på grasteppe medan blodet fossar ut av nasen. Her kunne me umiddelbart konstantera nasebrot, og Øivind vart køyrt til Førde for oppattretting.
Gaute kom inn i midtforsvaret for Øivind.
Skrekkslagne VIL-spelarar prøvde å halda motet oppe, og etter mykje sjansesløseri fekk me endeleg uttelling etter 36 minutt. Emil slo ein corner som Frode Kvam nikka i mål på fyrste stolpe, og endeleg VIL leiing på Leikvoll. Som ein hyllest til Øivind så jubla Frode ved å halda ein handa over nasa medan han peika opp mot himmelen med den andre handa. Ein fin gest frå storscoraren vår.
Ingen av laga klarde å scora noko meir i 1.omgang, og me gjekk til pause med 2-1 leiing. Greit nok etter sjansar og spel, men bortelaget var så absolutt med på notane og me følte oss langt frå trygge på 3 poeng i pausen.
Veitastrond har for vane å byrja 2.omganane dårleg, men i dag tok me kommandoen frå start. Me dominerte banespelet totalt, og skapte mykje framfor Jølster-buret. Bortelaget på si side skapte nesten ingenting i 2.omgang, før heilt på slutten då dei satte inn på ein kar med dagens største hedna. Han hadde blant anna eit skot i stanga, og skaut hårfint over direkte frå avspark.

Trass i eit solid overtak så brukte me over eit kvarter før me klarde å setta inn den forløysande 3-1 scoringa. Emil slo ein lang crossar frå høgre til Bjørn, som frå spissen av 16-meteren dunka ballen vakkert i lengste hjørne.
Eit par minutt etterpå kom Kurt åleine igjennom, men vart felt på kanten av 16-meteren og dommar Frode Ølmheim hadde ikkje mykje anna val enn å dra opp det raude kortet.
Med 3-1 leiing, og spel 11 mot 10 så vart det kattens leik med musa den siste halvtimen i dag.
Frode scora sitt andre mål for dagen etter 66 min då han fekk ballen utepå venstresida, drog seg innover i bana og fekk pirka ballen mellom beina på keeper, og dermed 4-1 til Veitastrond.
3 minutt etterpå var det Emil sin tur. Han vann ballen på ca 20 meter, vende bort eit par fortumla jølstringar før han plasserte ballen utagbart ned i hjørna, og dermed 5-1.
Utover i omgangen gjorde me fleire byter; Ole Kristian kom inn for Frank, Øyvind kom inn for Geir og Jan Erik kom inn for Frode.
Ein av innbyttarane skulle komma i fokus etter 75 min. Gaute sende avgarde ein langpasning frå bakerste ledd, og omtrent ut av det blå var Jan Erik heilt åleine igjennom. Dei fleste, Jan Erik inkludert, trudde først det var offside, men det var det ikkje og Bøysen kom åleine med keeper og la ballen elegant mellom beina hans, og dermed 6-1.
Etter 82 minutt så fastsetta Kurt sluttresultatet til 7-1. Frå omlag 25 meter fekk Kurt ballen, og han fyrte av eit skot som gjekk klink i vinkelen bak ein forfjamsa Jølster-keeper. Eit alldeles nydeleg mål, og ei fin avslutning på ein kjempe dag for Veitastron Fotball.
Veitastrond brukte lang tid før dei kom skikkeleg i gang i dag, og heilt til det 60.minutt var det spenning i denne kampen. Etter det var det einvegskøyring, og me vann til slutt komfortabelt. Til veka ventar Bjørn i siste kamp for vårsesongen, ein kamp som vert eit ulideleg spanande lokaloppgjer.
Me må og takka publikum i dag som møtte mannsterke opp. Truleg har det aldri vore så mykje folk som i dag på Leikvoll, og me er glade for å sjå at bygdafolket og folk nedanfor støttar opp om laget. Me vonar det kjem att til hausten når nye feidar skal utkjempast på Leikvoll.
VIL-STJERNA
I dag er det smoltringen Jan Heggestad som får æra av å dela ut stjernene. Han fall for følgande trio i dag;
| óóó |
Emil Heggestad |
| óó |
Kurt Heggestad |
| ó |
Frode Kvam |
Kampfakta;
VIL; Gøran - Frank (Ole Kristian), Øivind (Gaute), Geir (Øyvind), Kim Andre - Bjørn, Petter, Emil, Kurt - Richard, Frode (Jan Erik)
Ubenytta reservar; Ivar, Jon Arne og Øystein
0-1 x
1-1 Richard (Emil)
2-1 Frode (Emil)
3-1 Bjørn (Emil)
4-1 Frode (Kim Andre)
5-1 Emil
6-1 Jan Erik (Gaute)
7-1 Kurt (Kim Andre)
Kort; Ingen på VIL, eit raudt kort og eit eller to gule på Jølster.
Dommar; Frode Ølmheim (god)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|