|
Bjørn - Veitastrond 6-6
Det vart eit festfyrverkeri av ein fotballkamp inne Gaupne i kveld, som til slutt enda med utrulege 6-6. Begge lag hadde tak på sigeren undervegs, men det var nok Veitastrond som jubla høgast etter kampen då dei kom tilbake frå 4-6 til 6-6 på dei siste 5 minutta. Kveldens store helt vart Arne Nes som satte inn det siste målet, og som i toppoppgjeret mot KIL2 vart han og i dag hylla av sine lagkameratar for si avgjerande scoring. For tida pågår det eit meisterskap nede i Sveits/Austerrike, men me er ikkje i tvil om at for dei som såg kampen i Gaupne i kveld så vart kvartfinalen mellom Tyskland og Portugal eit realt antiklimaks.

Veitastrond starta som me tidlegare hadde annonsert, men som venta hadde me ikkje 11 spele klare menn på benken.
Dette var fyrste gong Veitastrond spelte kamp på grasbana i Gaupne, og i byrjina av kampen virka det som om at me måtte ha tid på oss for å finna oss sikkeleg til rette her. Heimelaget køyrde kampen frå start av, og allereie etter 4 min får dei utteling. Ein presis corner på bakerste frå Frode Kvalsøren treff hovudet til Joar Fossøy, og ballen går i ein boge over alle mann og den dalar ned i lengste hjørne. Dermed 1-0 til Bjørn, og det før Veitastrond knapt hadde vore borti ballen.
Etter 9 min fekk Even Kvam gult kort då han to gonger på rad takla ein gopning ufint.
Bjørn haldt fram med å styra kampen, og etter 20 min fekk dei ein ny stor sjanse. Nok ein gong er det ein dødball frå Kvalsøren, men denne gongen går frisparket hass i stolpen etter å ha gått igjennom heile feltet.
Etter ca halvspelt omgang fekk endeleg Veitastrond summa seg, og dei kom etterkvart meir med i kampen. Anført av ein god Kurt Heggestad på venstreving så vart me etterkvart farlegare og farlegare. Me fekk raskt betalt, då me fekk frispark frå ca 20 meter etter 22 min. Emil Heggestad har sett Thierry Henry på tv og tok frisparket før Bjørn fekk stilt opp muren, og medan dei raudkledde stod me røvi til så plasserte Emil enkelt ballen i nærmaste. Dermed balanse i rekneskapen og 1-1.
Veitastrond vakna for alvor etter utlikninga, og slutten av 1.omgang var me utvilsamt det førande laget. Utan at me skapte flust me sjansar må me seia at me var dødeleg effektive, og etter 36 min fekk me nok ein gong uttelling. Richard mottok ballen på høgre, slo tunell og sprang ifrå (?) backen til Bjørn, før han la eit presist innlegg på pannebrasken til Frode Kvam som på vakkert vis styrte ballen i bue over Olav Ugulen i Bjørn målet. Flott spel av VIL, og 2-1 leiing!
På slutten av omgangen fekk Kurt gult kort då han takla ein Bjørning bakfrå, og stort meir skjedde det ikkje i denne omgangen som me føler er verdt å ta me her. Laga hadde kvar sin halvdel av omgangen, og det var forsåvitt greit at me leia med 1 mål. Etter ein elendig start vakna me etterkvart, og me er nådelaude framfor kassa til Bjørn.
Etter knappa 15 min pause så blas Torstein Egil Kvam i gang 2.omgang, og for ein omgang dette skulle bli...
Veitastrond byrja 2.omgang med å trekka Richard ned på midten, og me starta i ein 4-5-1 formasjon. Dette for å unngå mål i mot av starten av omgangen som me har hatt ein lei tendens til å få i mot i tidlegare kampar. Dette trekket var forsåvitt vellukka i dag, og me ungjekk baklengs heilt i starten. I staden var det me som skulle få eit tidleg mål i 2.omgang. Etter at Kurt hadde hatt fleire gode raid etter kvilen, fekk me uttelling etter 50 min spel. Corner frå venstre vart slått innoverskrudd av Emil, og den traff Geir som vakkert nikka inn 3-1 til VIL. På dette tidspunktet følte me at sigeren var særs nær, utan å hugsa på at det enno var 40 min å spela.
Berre 2 min etter scoringa til Geir så kjem Bjørn inn i boksen til VIL. I ein duell inne i feltet så går ein Bjørn spelar i bakken etter å bli felt av Even. Dommar Kvam dømmer straffe, men til store protestar frå VIL-leiren. Her luktar det skodespelarpresasjonar som best høyrer heime i gymsalen i Gaupne på Palmelaurdag, men så lenge det er godt nok til å lura dommar Kvam er det meir enn nok for Bjørn. Frode Kvalsøren tok straffen, og trass i at Gøran var etter ballen så gjekk den i mål og dermed 2-3 og ny spaning i kampen.
Etter denne pangopninga av omgangen så byrja og temperaturen og stiga på bana. I løpet av 2 minutt fekk både Geir og Frank kvar sitt gule kort for munnbruk.
5 minutt etter reduseringa til Bjørn så får dei corner, som nok ein gong blir slege frå herr Kvalsøren. Ballen duppar ned i feltet, og etter litt klabb og babb får til slutt ein Bjørn spelar beina ballen i mål med strak rist og plutseleg har me gått frå ei komfortabel 2-måls leiing til 3-3.
Me trudde ikkje det kunne bli stort verre, men den gang ei. Etter 60 min spel, altså berre 3 min etter utlignina, så har Bjørn frispark ute på høgre. Nok ein gong er det Kvalsøren som slår inn, og etter elendig markeringar inne i boksen så får ein Bjørn-spelar stå heilt åleina og enkelt setta inn 4-3 til heimelaget. 4 mål i mot på 8 minutt, og me følte det mest som at heile Jostedalsbreen hadde falt i hovudet på oss...
Trass i denne elendige perioden så visste me og at i denne kampen var det rom for å scora fleire mål. Me ga aldri opp, og me prøvde så best me kunne å trykka Bjørn bakover. Dette klarde me og bra, men etter 70 min spel får me eit nytt mål rett i fleisen. For 5.gong i kveld så kjem målet på ein dødball frå Kvalsøren, då han la ein corner på hovudet til Joar Fossøy som nikka inn sitt andre for kvelden og dermed 5-3 til heimelaget. Skal seiast at trenarduoen til VIL må ta på deg denne etter elendige markeringar!
Med 2 mål bak, og ei tid som var i ferd med å renna ut så vart det litt henging med hovudet for VIL no. Heilt til me hadde passert 80 minutt - Emil slo ballen ut til Kurt på venstre. Kurtn forserte med ballen nokre meter før han la ballen inn mot Bjørn sitt mål. Ballen fekk ein nydeleg boge, og dalte inn bak ein forfjamsa Bjørn-keeper og dermed 4-5 og eit nytt håp var tent hjå strendingane. Om dette var meint som ein innlegg, eller om det faktisk var eit skot veit ikkje me (men forsåvitt så gir me ein god f... i det så lenge det enda med nettsus)
Jadda, no skulle Bjørn pressast - trudde me. I staden går Bjørn rett i angrep og under 1 minutt etter scoringa til Kurt så scorar dei igjen og dermed 6-4 til Bjørn. Einaste "posistive" med denne scoringa er at den ikkje kjem på ein dødball...
Me skreiv tidlegare at me aldri ga opp, men dette stemmer vel kanskje ikkje. På 4-6 og 10 minutt igjen å spela var det vanskeleg å mobilisera seg på ny, og me var i ferd med å gje opp håpet om poeng.
Berre 3 minutt før slutt, og dommar Kvam er så smått byrja å tenka på kva ferja han kan klara å nå innatt til Årdal, så får Veitastrond frispark nett innpå Bjørn sin halvdel. Kurt slår ballen inn i boksen, og der ragar Richard høgast og han får stussa ballen inn mål. Dermed 5-6 og nok ein gong så er håpet om noko stort tilbake hjå VIL.

Og stort skulle det bli - eit par minutt på overtid så får Veitastrond frispark ute på venste. Emil slår ballen inn i boksen, men Bjørn får avklart. Ballen havnar på midten til Kurt som spelar vidare til Richard, han spelar ballen vidare til Arne som plutseleg er heilt igjennom. Åleine med keeper gjer han ingen feil, og snauskolten plasserar pina deg ballen til side for keeper med venstra(!). Ei heilt utruleg fantastisk herleg scoring, og eit comeback ein knapt har sett makan til før. Veitastrond spelarane jubla som galne, medan Bjørn sto slukøyrde tilbake.
30 sekundar etter scoringa så blas dommaren av kampen, og toppoppgjeret inne i Gaupne enda med utrulege 6-6. Mykje har tidlegare vorte sagt om lokaloppgjera våre mot Hafslo, men etter kveldens kamp er me redd at gjetorda fyrst om fremst kjem til å dreia seg om denne kampen. Kampen hadde det meste som eit lokaloppgjer skal innehalda - mykje mål, høg temperatur og ei spaning som var til å ta og føla på igjennom samtlege 90 minutt. 24.september møtest desse to laga igjen, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at årets siste kamp og vert avgjerane om kven som rykker opp til 4.divisjon. Publikum kan berre byjra å gle seg til denne kampen.
Dersom me skal sjå bort ifrå underhaldningsverdien i kampen, og heller sjå på vår eigen innsats er det sjølvsagt mykje å setta fingeren på. Fyrst og fremst er me i dag mildt sagt erke-rævva på dødballar i mot. Riktignok har Frode Kvalsøren ein god fot, men at me skal la 5 ballar gå inn bak oss tyder på dårleg markering og duellering inne i eigen boks. Framover går det mykje betre for VIL, og me lagar i dag 6 flotte mål. Skal og seiast at kampen vart utruleg open, og det var farleg neste kvar gong dei to laga gjekk i angrep i dag.
Uansett ein meget begivenhetsrik kveld for VIL-fotball. Trass i at me "berre" spelar uavgjort så føler me oss som vinnarar etter at me utlikna heilt på tampen.
VIL-STJERNA
I dag var det VIL-bestefar Arvid Heggestad som delte ut stjernene. Då me snakka med han etter kampen så sto han framleis og skolv etter å ha vore vitne til ein framifrå kamp, men han klarde likevel å få fram at følgande spelarar fortene ekstra honør i kveld;
| óóó |
Geir Aardal |
| óó |
Even Kvam |
| ó |
Emil Heggestad |
Kampfakta;
VIL; Gøran - Frank (Ivar), Geir, Even, Kim Andre - Bjørn (Arne), Petter, Emil, Kurt - Richard, Frode
Ubenytta reservar; Jon Arne, Ole Kristian, Øyvind, Morten, Øystein og Jan Erik.
1-0 Joar Fossøy
1-1 Emil
1-2 Frode (Richard)
1-3 Geir (Emil)
2-3 Frode Kvalsøren
3-3 x
4-3 x
5-3 Joar Fossøy
5-4 Kurt (Emil)
6-4 x
6-5 Richard (Kurt)
6-6 Arne (Richard)
Gule kort; Even, Geir, Frank og Kurt for VIL. EIt par for Bjørn
Dommar; Torstein Egil Kvam med Per Barsnes og Irmelin Skjerven på linjene (GOD - det vart ein tett og tøff kamp som baud på fleire utfordringar for Kvam & co, men alt i alt kan dei gå med heva hovudet etter innsatsen i dag)
Sjå fleire bilder frå kampen HER (dårleg kvalitet og få bilder...)
|