Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Breimsbygda 4-4

Det vart ikkje den opninga på haustsesongen me hadde håpa på då Veitastrond i dag spelte 4-4 mot Breimsbygda heime på Leikvoll Stadion. Kampen starta på verst mogleg vis og etter ca ein halvtime låg VIL under med 0-3. Trass i dette klarde me å kjempa oss tilbake i kampen, og kampen sett under eit er me slik halvnøgde med dagens kamp.

Jon Arne og Gaute vart ikkje med til dagens kamp slik at me hadde to mann mindre på benken enn venta. Bortsett frå dette så stilte me til start som me tidlegare annonserte.

Speleforholda må seiast å vera perfekte i dag med passeleg overskya vær og ei Leikvoll som ligg som eit golvteppe heime på Leirene. Ein fryd å spela på denne matta no, og det er liten tvil om at hadde me som spelte på graset vore like bra som graset sjølve så hadde me vore gode...!

Veitastrond opna kampen nervøst i dag, og me kom ikkje skikkeleg med. Breimsbygda fekk tidleg kampen inn i sitt spor, dvs lite finspel men desto meir lange ballar og duellering - ein stil dei meistrar særs godt, og særleg på Leikvoll får dei full utteling for dette.

Etter 10 minutt med ein nølande start så vakna breimingane for fullt. Even og Øiving i VIL-forsvaret klussa det til for seg på eit langt framspel og ballen datt ned til ein Breimsbygda spelar som enkelt lobba ballen over Gøran som sto på halvdistanse, og dermed 1-0 til bortelaget.

Medan Veitastrond framleis var ekstremt ufarlege så fekk Breimsbygda blod på tann. Dei ga alt i alle duellar og hadde kampen i si hule hånd. Etter 25 min så fekk dei på ny uttelling då ein Breimsbygda spelar vart felt inne i boksen og dagens dommar Marius Slinde gjorde diverre alt rett når han dømde straffe. Straffen vart satt kaldt og roleg til høgre for Gøran og dermed 2-0 til Breimsbygda.

Veitastrond held fram kampen i kvilemodus og etter 30 min har vår referant skreve at Veitastrond endå ikkje har skapt ein einaste sjanse!

34 minutt så kjem Breimsbygda på ny inne i boksen og ein breiming vart felt av Even og dommaren dømmer på ny straffe. Denne situasjonen er nok hakke meir diskutabelt enn den fyrste, men frå dommar Slinde sin posisjon let me tvilen gå i hass favør. Straffen vart teke av samme mann og han var like kald denne gongen og sette ballen i samme hjørne som sist. Dermed leia Breimsbygda 3-0 mot serieleiaren Veitastrond i deira eiga leikegrind. Heimepublikumet var mildt sagt i sjokk!

Med 0-3 i sekken kunne Veitastrond fort ha senka seg endå eit par hakk, dvs greve seg sjølve ned. I staden så skjerpa me oss heller, og gjekk direkte i angrep. Bjørn spelte ballen igjennom til Richard og han satte ballen forbi keeper og dermed 1-3. Så enkelt kunne det faktisk gjerast.

På slutten av omgangen fekk Veitastrond eit visst trykk på Breimsbygda, men fleire scoringar vart det ikkje. Me gjekk til pause med 1-3, og var framleis noko sjokka. I pausa vart me enige om å få ballen ned på bakken og få meir trykk framover. Senk skuldrane og få bort frykta for å tapa så kunne dette gå. Øyvind vart ofra i kvilen og me satte innpå Arne på høgreving.

2.omgangar byrjar som regel dårleg for Veitastrond, men i dag vart det andre bollar (som han sa bakaren når han dreit i ovnen).

Emil slår corner etter 47.minutt, og den nikka Geir mot mål. På streken sto Bjørn og fekk flikka ballen i mål, og dermed 2-3. Geir trudde han hadde scora her, og han jubla hemningslaust men vart noko slukøyra når han oppdaga at han kun fekk notert assist.

No satte Veitastrond eit solid trykk på Breimsbygda. Me skapte nokre halvsjansar, men dei heilt store sjansane uteblei. Til trass for bra tak på kampen så var Breimsbygda konstant farlege på kontringar.

Etter 70.minutt satte Veitastrond innpå Vidar for Øivind.

To minutt etterpå er Breimsbygda på farten. Spissen deira vert felt av Even, men får likevel avslutta. Trass i dette så dømde dommar Slinde frispark - skal tru om han hadde dømt frispark dersom den fyrste avslutninga hadde gått i mål (?) Frisparket gjekk rett på keeper Gøran, men diverre så måtte han gje retur og denne var det kun ein Breimsbygda spelar som jaga og han fekk ein enkel jobb med å setta inn 4-2 til Breimsbygda. Akkurat i det me skulle ta kommandoen over kampen så er me plutseleg 2 mål under igjen.

1 minutt etter 4-2 scoringa får me ei uhyre viktig scoring. Frode gjer ein kjempejobb på venstrekanten og la ballen inn i boksen til Vidar. 3 minutt etter at han entra bana for fyrste gong i år så satte han ballen iskalt i mål. Han held dermed fram sin gode scoringsrate på antall spelte minutt, og her luktar det allereie tale på avslutningsfesten.

Med 4-3 var det nok ein gong kamp på Leikvoll, og denne gongen utnytta me situasjonen. Eit innlegg frå høgre ende på bakerste hjå Bjørn som sende avgarde ein susar i krysstanga. Ballen dala ned i beina til Richard som fekk ein enkel jobb med å setta inn 4-4 til ellevill jubel for Veitastrond. Endeleg hadde me klart å komma oss tilbake i kampen.

På slutten hadde me store sjansar til å avgjera kampen, men Vidar skaut rett på keeper når han var åleine igjennom og heilt på slutten så heada Bjørn i tverrliggaren frå corner. Synd for oss, men alt i alt må me seia at uavgjort var eit rettferdigt resultat i dag.

Det vart ein merkeleg kamp på Leikvoll i dag, der heimelaget bar preg av å vera uforberedte til haustsesongen. Me kom til kampen som serieleiar og storfavoritt, og kanskje var frykta for å tapa større enn lysta til å vinne i dag. Likevel tek me med oss at me klarar å ta poeng i ein kamp me låg under med heile 3 mål - dette er er ein sterk prestasjon uansett motstandar, og utvilsamt noko å ta med seg vidare.

Me har no kun fått med oss 1 poeng mot Breimsbygda på to kampar, og allereie no murrast det i gangane på Leikvoll om eit aldri så lite Breimsbygda kompleks. Trass i at dei leia kampen 3-0 virka dei til å vera meget godt nøgde med å få med seg eit poeng i dag. Det ordet som vart sagt flest gonger på Leikvoll Stadion i dag var utvilsamt "JEEENS", og dette vart etterfulgt av at Breimsbygda sin midtstoppar og kampen beste spelar Jens vann ein hovudduell, me trur han hadde 100% utteling med skjelta i dag!

Me står no med 2 uavgjorte på rad og ein målskilnad på 10-10. VIL-trenar Emil Heggestad oppsummerar dette med at me er særs gode til å scora mål samstundes som me og er meget gode til å slippa inn mål og - vise ord frå ein vis mann!

VIL-STJERNA

I dag var Edith Aardal med lett assistanse frå sin ektemann Asbjørn som delte ut stjerner. Dei to er begge ivrige VIL-fans, og er i tillegg stolte foreldre til VIL-legende Geir Aardal. Vala deira fall på følgande;

óóó Gøran Fimriete
óó Richard Nes
ó

Kim Andre Navarsete

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Geir, Øivind (Vidar), Even, Kim Andre - Øyvind (Arne), Emil, Morten, Bjørn - Richard, Frode

0-1 x

0-2 x str.

0-3 x str.

1-3 Richard (Bjørn)

2-3 Bjørn (Geir)

2-4 x

3-4 Vidar (Frode)

4-4 Richard (Bjørn)

Gule kort; Kim Andre på VIL, ingen på Breimsbygda

Dommar; Marius Slinde (g+)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com