Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Vadheim/Høyang2 5-4

Publikum fekk full valuta for pengane då Veitastrond i dag vann 5-4 over Vadheim/Høyang2. Etter at bortelaget leia 1-0 til pause så eksploderte kampen i 2.omgang og det enda til slutt med 5-4 siger til oss der me avgjorde kampen på overtid. Med dette resultatet har me no satt oss i ein meget bra posisjon når det gjenstår 5 kampar i 5.divisjon avd.1... 

Frå troppen som vart annonsert dagen før fekk me eit fråfall, då Arne for anledninga hadde fått innvilga ein velferdspermisjon.

Det nykomponerte forsvaret til VIL fekk seg ein real kalddusj allereie før det var spelt 1 minutt av kampen. V/H2 storma framover mot eit vidopent VIL-forsvar, men til all lukke enda avslutninga i stolpen og me fekk til slutt avverga situasjonen.

Etter den gode opninga til bortelaget så jamna kampen seg ut, og begge laga hadde gode sjansar i 1.omgang. Veitastrond fekk sin fyrste store etter 10 minutt, då Geir sende ein nydeleg stikkar til Frode som elegant runda keeper men avslutninga hass vart diverre redda på streken. På den påfølgande corneren er me nok ein gong særs nær scoring, men headinga til Geir vart redda på streken av Frank (?)

5 minutt seinare får me nesten ein tilsvarande situasjon då Frode nok ein gong vert spelt igjennom og han rundar keeper på ny. Denne gongen kjem han litt skrått på mål og han legg inn til Emil, men han får ikkje stokka beina sine på blank goal og det heile renner ut i den store sanden.

Like etterpå viser Veitastrond nok ein gong sin inneffektivitet då Frode legg inn frå venstre til Lien som hoppar over ballen, men på nærast blank goal klarar heller ikkje Kurt å putta og V/H2 får til slutt avverga situasjonen.

Bortelaget sitt unge mannskap var og farlege når dei kom i angrep, og med sine raske spissar var dei eit uromoment for det bakre ledd hjå VIL. Etter 35 minutt så leina dei opp på høgresida, men vart her kontant stoppa av kvelden ventreback Frank. Her lyt me vel seia at Frank fekk sitt klaraste gule kort så langt i sesongen, og det var ikkje ein gong antydningar til protestar frå Frank (..og det skulle vel seia sitt) På det påfølgande frisparket la dei ballen på bakerste stolpe der ein 2-3 Vadingar sto mukk åleina og banas minstemann kunne enkelt heada ballen i mål og dermed 1-0 til Vadheim/Høyang2. Ein såkalla markeringssvikt frå vår si side...

Rett før pause kunne det fort ha stått 2-0 til bortelaget. Dei kjem på ei hurtig kontring og berre flaksen gjer at dei set ballen utanfor mål og ikkje i det.

Me gjekk til pause med eit mål under. Ein omgang som var forholdsvis jamn, men me hadde flest store sjansar og det er for dårleg å ikkje setta nokon av dei 100% sjansane me hadde i denne omgangen.

Etter kvilen var det eit skjerpa VIL-lag som entra bana. Kurt viste verkeleg sin storhet i dag, og etter 48 minutt spelar han Frode igjennom og han dunkar lett inn utligninga til 1-1. Dette var berre starten på kveldens Fronaldo show!

2.min etter er det samme visa på ny. Vidar slår ei nydeleg pasning til Kurt som gjer ballen vidare til Frode og nok ein gong er det easy peasy japanese for goalgettaren vår, og i løpet av 5.minutt av 2.omgang har me snudd kampen til 2-1 leiing.

Den som trudde at leiken no var over trudde feil, for berre nye 3 minutt var gått når VIL-forsvaret bryt eit V/H2 angrep. Ballen havnar på midten til Geir som slår ei krempasning igjennom til Frode. Heldigvis for oss var Frode ennå ikkje lei av å scora mål, og han satte inn 3-1 til Veitastrond og dermed ekte hattrick på 6 minutt - ERKE IMPONIRANDE!

I denne perioden køyrer me over gjestene frå Vadheim og det er synd og skam at me ikkje for alvor punkterar kampen. Frode har eit par gode sjansar til, men denne gongen lukkast det ikkje for han. I staden så gjer me noko me er ekspertar på, nemleg å rota bort leiingar. Etter å ha hatt full kontroll på kampen i fyrste halvdel av 2.omgang så får bortelaget ein soleklar starffe etter at Ole Kristian taklar for seint. Starffen vart enkelt satt i mål og dermed 2-3 og ny spaning i kampen. Me hadde på dette tidspunktet spelt i 68.minutt.

Scoringa ga sjølvsagt bortelaget blod på tann medan me fekk den store skjelven. Dette utnytta dei til det fulle og etter 73 minutt får dei eit merkeleg mål. Eit frispark på midten vert slått høgt inn i feltet bak alle mann. Keeper Gøran kjem for seint ut og han kolliderar berre med Even. Ballen dett ned i beina på ein 2-3 Vadingar som står på blank goal, og dermed utlignar dei til 3-3.

Etter 70.minutt får Geir gult kort for holding. Han må no stå over neste kamp mot Kaupanger2 på søndag...

Bjørn og Morten kom innpå etter ca 75 minutt for Ole Krisitan og Øyvind. Dei fekk ikkje akkurat ein pangstart på kampen, for berre 1.minutt etterpå kjem V/H2 på høgresida vår, og legg inn til spissen som er fyrst på ballen og utruleg nok har bortelaget snudd kampen frå 3-1 til 3-4. Hverken publikum eller spelarane til VIL kunne knapt tru sine eigne auger...

Her var det berre å satsa framover dei siste 10 minutta og me la om til 3-4-3, der me satte Richard opp på topp. Øivind kom innpå for Frank.

Det lakka og lei utan dei heilt store sjansane før det var spelt 87 minutt av kampen. Keeper til Vadheim har ballen i nevane, men finn ut at han skal venta med å sparka ut til eine medspelaren har knyta skoen. Sidan vedkommande brukte langt meir enn 6 sekund på å knyta fekk me inndirekte frispark frå 14 meter. Bortelagaet leina opp mur medan Kurt leina opp venstrefoten sin. Emil trilla ballen 10 cm tilbake til Kurt som dundra ballen opp i krysset og dermed 4-4. Eit skikkeleg kanonskot av Kurt!

Me satsa sjølvsagt alt på 3 poeng og 1 minutt på overtid skjer det utrulege. Kurt slår ballen frå venstre inn i midten til Richard. Frå ca 20 meter avsluttar han på halvspretten og ballen går i ein boge over keeper på halvdistanse. Keeperen er nett på ballen, men det kan ikkje beskrivast med ord når ballen sakte dett inn i kassen og dermed 5-4 til Veitastrond. Ei utruleg letting for både spelarar og publikum som ga oss eit jubelbrøl me sjeldan har høyrt på maken til på Leikvoll før.

Minuttet etterpå bles dagens dommar Torstein Kvam av kampen, og me tek med oss 3 utruleg viktige poeng. I denne kampen viser me dei to tinga me er blitt så utruleg gode på i det siste - nemleg å rota bort leiingar og ta igjen leiingar. I tillegg scorar me og slepp inn som vanleg mange mål. Målskilnaden på dei siste 3 er no 15-14...

Naturlegvis vanvittig moro å vinna slike kampar med scoring på overtid, og då klarar med nesten ikkje å tykkja synd i det unge V/H2 mannskapet som kjempa tappert og fort kunne stukke av med både 1 og 3 poeng i dag. Heldigvis for oss så er det nok ein gong me som dreg det lengste strået i jamne kampar, og me har no ei luke på 3 og 4 poeng til Kaupanger 2 og Bjørn + ein langt betre målskilnad. Det ser unektleg bra ut for Veitastrond om dagen, men no må me rista av oss sigersrusen så fort som råd og gjera oss klare til toppoppgjer mot KIL2 på søndag!

VIL-STJERNA

Ørjan Aardal kom eins ærend frå Øvre Årdal for å sjå kamp i dag, og det minste han kunne få i belønning då er å få dela ut VIL-stjernene. Han meinte desse var best i dag;

óóó Frode Kvam
óó Kurt Heggestad
ó Even Kvam

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Ole Kristian (Bjørn), Richard, Even, Frank (Øivind) - Øyvind (Morten), Emil, Geir, Kurt - Vidar, Frode

Ubenytta reservar; Jan Erik, Øystein og Helge

0-1 x

1-1 Frode (Kurt)

2-1 Frode (Kurt)

3-1 Frode (Geir)

3-2 x str.

3-3 x

3-4 x

4-4 Kurt (Emil)

5-4 Richard (Kurt)

Gule kort; Frank og Geir på VIL, muligens eit par på V/H2 og (hugsar ikkje heilten i farten....)

Dommar; Torstein Egil Kvam (god kamp - dømmer korrekt i dei avgjerande situasjonane til begge lag i dag)

Diverre ingen bilder frå dagens kamp...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com