|
Veitastrond - Kaupanger2 7-5

Det vart nok eit ishockey resultat på Leikvoll i dag då Veitastrond vann toppkampen mot Kaupanger2 med 7-5. VIL leika kampen kofmortabelt 6-1 midtvegs i 2.omgang, men utruleg nok lot me kaupsingane få komma inn i kampen igjen på slutten. Heldigvis klarde me å ri av den verste stormen, og me tek med oss 3 utruleg viktige poeng. Me leiar no tabellen med heile 6 poeng føre KIL2 i det 4 seriekampar gjenstår.
Det vart gjort ein endring på laget som eigentleg skulle starta. Øivind ville ha seg ein tur på byen laurdagskvelden, men kom for seint til ølpolet. Han måtte då ta til takke med det som låg i botn av barskapet, og det gjekk som det måtte gå. Øivind møtte opp noko rusten i dag, og ville sjølv ikkje starta. Øyvind kom difor innpå laget på høgreving, Bjørn gjekk inn på sentralmidt medan Richard tok midtstoggarplassen for Øivind...
Leikvoll Stadion inviterte til folkefest i dag, og det var over 200 tilskodarar på bana i dag. Kioskdamene lokka med rømmegraut, og ingen fortener meir skryt enn dei i dag!
Veitastrond fekk ein skikkeleg kalddusj på kampen i dag. Allereie etter 2 min fekk KIL2 hol på byllen då dei heada eit frispark frå midtbana i mål. Dårleg markering på bakerste gjorde at Geir Ove Engebøe fekk gå åleine opp å heada ballen i mål og dermed 1-0 til grøntrøyene.
Etter denne dårlege starten reiste Veitastrond seg, og me tok over føringa i kampen. Frode var nære på etter både 4 og 6 min, men han kom ikkje nærmare enn ein heading i tverren. 12 min var spelt før det endeleg løysna for oss. Emil spela nydeleg igjennom til Kurt som finta ut keeper og satte inn utligninga 1-1, og full jubel på Leikvoll.
Kampen jevna seg no ut, og begge lag hadde gode sjansar. Anført av ein strålande Kurt på venstrekant hadde me dei største sjansane, men duoen Hjellhaug/Engebø på topp hjå KIL2 var eit konstant uromoment for VIL-forsvaret. Det såg lenge ut til at laga skulle gå til pause med uavgjort, men på slutten satte heimelaget inn eit ekstra gear som ikkje KIL2 klarde å henga med på. Fyrst leina me opp på høgrekanten etter 41 min, og Øyvind la nydeleg inn i boksen til Frode som fekk ein enkel jobb med å setta inn 2-1.
På overtid i omgangen fekk ei ny scoring. Kurt kom seg fri på venstre og la inn til Vidar som elegant heada ballen i mål og me kunne gå til pause med ei komfortabel 3-1 leiing.

Alt i alt ein god omgang av VIL der me skapar mykje og har brukbar kontroll bakover.
I pausa var det John Molland som sto for underhaldninga då han tok fram roperten og hadde eit lite innlegg om historikken til VIL i samband med 5-års jubileumet vårt. Det var redaksjon i Veitastrond.com som hadde skreve manus for John, og han lurde på korleis me hadde fått det til at me hadde spelt 65 kampar og sto med 30 sigrar, 12 uavgjorte og 22 tap - altså ein kamp i manko i forhold til dei 65. Her kan me opplysa om at denne feilen skuldast at me hadde gløymt å ta med 4-9 tapet i Firda Cupen mot Kaupanger i 2004. Me beklagar på det sterkaste denne feilen!
Veitastrond har hatt for vane å rota bort leiingar i det siste, men i byrjinga av 2.omgang viste me at me ikkje hadde tenkt å gå i den fella i dag.
52 min er spelt når Frode Kvam vert felt inne i 16-meteren og dommar Åmot gjer ein av sine få riktige avgjerslar i kampen og dømmer straffe. Den set Richard sikkert i buret, og Veitastrond leiar 4-1.
No fekk me verkeleg fart på maskineriet vårt og berre 3 minutt etter kjem kampens høgdepunkt. Kurt kjem seg nok ein gong fri på venstrekanten og legg inn på bakerste og der kjem Vidar og stupheadar ballen elegant i mål via stolpen. Ei praktscoring frå bautaspissen vår, og dermed 5-1!
Kaupanger 2 tok avspark etter scoringa, men fekk den rett i fleisen igjen. Kim Andre vinn ein duell på midten og får gitt til Kurt som skyt med utsida av venstrefoten frå 30 meter. Skotet er ikkje så veldig hardt, men den snik seg likevel inn i hjørna bak keeper og dermed leiar VIL heile 6-1, og sjølv ikkje Veitastrond burde vera i stand til å rota bort denne leiinga - men det er no lov å gjera eit forsøk.
I det me har 100% kontroll på kampen får KIL2 blod på tann når vår kaptein Even Kvam headar eit Kaupanger-innlegg nydeleg inn Gøran sitt lengste hjørna. Even prøvde å få skulda over på Gøran her, men her lyt nok syndaren ta all skuld for sjølvmålet på si eiga kappe! 6-2 på Leikvoll i det stadionuret som me ikkje har viser 64 minutt.
3 minutt seinare er det texas i VIL-forsvaret og ein av dei raske spissane til KIL2 kjem åleine igjennom og ekspederer ballen sikkert i mål, og dermed 6-3 og heimepublikumet kjenner at rømmagrauten er på veg oppover i systemet...

No skjedde det mykje på Leikvoll Stadion og berre 1 minutt etterpå er det Veitastrond sin tur igjen. Frode kjem seg fri på høgrekanten og legg inn framfor mål. KIL2-keeperen feilbereknar innlegget og den havnar på bakerste hjå Vidar, som får ein enkel jobb med å setta inn 7-3 frå ca 3 cm! Ei viktig scoring for Veitastrond, som no kunne pusta letta ut - trudde me...
Kaupanger 2 hadde no skjønt at å scora mål på Leikvoll ikkje er så vanskeleg. Dei går rett i angrep igjen, og i ein duell mellom Hjellhaug og Even inne i 16-meteren vår dømmer dommar Åmot ein feilaktig straffe. Sjølv Hjellhaug sa at dette ikkje var straffe. Geir Ove Engebø satte straffen hardt ned i hjørna, og kveldens 11. scoring er eit faktum.
2 minutt etterpå, dvs etter 76 minutt er det nok ein gong tid for ei scoring for grøntrøyene. Nok ein gong spelar dei seg lett igjennom VIL-forsvaret, og dei set inn 7-5 - det 8 målet på ein halvtime i 2.omgang.
Med berre 2 mål føre og eit kvarter igjen så fekk Veitastrond plutseleg ein dårleg følelse på at nok ei leiing var i ferd med å bli rota bort. Heldigvis så klarde me å ta oss saman mot slutten, og me fekk samla troppane våre. KIL2 kom til få sjansar på slutten, og me kunne ri inn i solnedgangen til ein sikker 7-5 siger.
Utruleg herleg med 3 poeng i dag, og med 6 poeng føre KIL2 i det 4 kampar gjenstår så burde dei no vera hekta av i tetstriden. Me ligg 7 p føre Bjørn, men dei har ein kamp mindre spelt og skal ut mot Hafslo på fyrstkommande tysdag. Dette var utvilsamt ein særs viktig siger for oss i kampen om opprykk, men endå er det 4 kampar igjen og me reknar ikkje med å få noko gratis mot slutten.
Kan ellers ta med at dagens dommar Ragnar Åmot var å dømde oss for fyrste gong. Han var mildt sagt på bærtur i samtlege 90 minutt, og det er nesten som ein mistenkjer Åmot om å fucka opp stemningen med vilje. Han dømmer i hytt og gevær, overser klare frispark men dømmer gjerne når det er reine duellar. Døme på dette fekk me i fyrste omgang når Kurt vart meia ned av Hjellhaug midt på vår banehalvdel. Eit soleklart frispark og på grensa til gult kort, men dommar Åmot valde å dømma innkast til KIL2. Rett etterpå viste han at han i det minste er ein konsekvent dommar når Emil meia ned ein kaupsing bakifrå, og vart belønna med frispark til seg sjølv - heilt ufatteleg å sjå. Til trass for hårreisande dømming var stemninga mellom dei to laga aldri dårleg, og det vart som at dei 2 laga var på lag imot dommaren...
Heilt til slutt så takkar me publikum for suverent oppmøte i dag, og vonar de blir med oss mot slutten av sesongen og i vår kamp mot 4.divisjon!
VIL-STJERNA
I dag er det bergensar-strendingen Nils Tore Heggestad som fekk dela ut stjernene. Han var klokkeklar på kven som skulle ha bestemannsprisen, men var meir i tvil om dei 2 siste plassane. Valet hass fall til slutt på desse;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Kim Andre Navarsete |
| ó |
Vidar Vadseth |
Kampfakta;
Gøran - Frank, Even, Richard, Kim Andre - Øyvind (Jan Erik), Emil, Bjørn, Kurt - Frode, Vidar
Ubenytta reservar; Ole Kristian, Øystein, Arne, Helge og Øivind
0-1 x
1-1 Kurt (Emil)
2-1 Frode (Øyvind)
3-1 Vidar (Kurt)
4-1 Richard str.
5-1 Vidar (Kurt)
6-1 Kurt (Kim Andre)
6-2 x
6-3 x str.
7-3 Vidar (Frode)
7-4 x
7-5 x
Gule kort; Ingen på VIL !! 2 på Kaupanger2
Dommar; Ragnar Åmot (rævva)
Tilskodartal; ca 200
Sjå bilder frå kampen HER (takk til superfotograf Gaute Olstad)
|