Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Hafslo 4-4

Det vart ein ny thriller mellom Veitastrond og Hafslo på Leikvoll i kveld. I det som kanskje var det beste og mest intense lokaloppgjeret desse to laga imellom nokon gong så enda det til slutt 4-4. Hafslo scora kampens siste mål 2 minutt før slutt, og soleis må me seia at Hafslo i dag vinn 1 poeng medan me tapar 2 særdeles viktige poeng i kampen om opprykk. Ramma rundt dagens kamp var heilt fenomenal, og me er sikre på at dei nesten 200 tilskodarane storkosa seg på Strondi i kveld.

Det vart ikkje gjort noko endringar i startellevaren ifrå det som tidlegare var annonsert, men me fekk berre lov å ha 7 mann på benken slik at me diverre måtte vraka 3 mann frå troppen og dette var Gaute Olstad, Øivind Kristiansen og Helge Skjælaaen. Ein uheldig og ny situasjon for oss å vraka folk på denne måten, men me vonar alle 3 tok det som menn og til neste kamp borte mot Gaular er alle 3 høgaktuelle ifrå start...

Kanskje var det Arve Uglum og hass TV-team som var årsaka, men begge lag byrja iallefall nervøst på Leikvoll i dag. Det vart slått mykje langt frå begge lag og det vart skapt lite i opningsminutta.

Etterkvart festa VIL eit visst grep om kampen, og Kurt på vår venstreside var eit konstant uromoment for Hafslo forsvaret. Etter 15 minutt av kampen kom kveldens fyrste scoring. Frank slo langt frå sin høgreback til Vidar som stussa til Frode. Han kom åleine med keeper, bomma fyrst men returen setta han kontant i mål og dermed 1-0 til Veitastrond til ellevill jubel på tribuna.

2 minutt etter scoringa til VIL fekk Hafslo ein kjempesjanse som dei utruleg nok bomma på. Hans Petter Fardal la inn frå høgre og frå 5 meter fekk Erling Linde ein gyllen mulighet, men i staden for å setta ballen i mål såg det meir ut som han sikta på sommarhuset som bestemor-Ella har heime på Nes - og dermed langt over og utanfor buret vårt!

Dagens dommar Torstein Kvam markerte seg tidleg i kampen då han ga gult til både Hafslo sin Dag Ådne Hatlevoll og VIL sin Kim Andre Navarsete for begge lags fyrst forseelsar i kampen, og Kvam viste tidleg at han la lista lågt i dag. Ikkje lenge etter at Kimmy fekk sitt gule så noterte og Frank seg i boka til dommaren etter eit takling som han fullt fortent vart belønna med gult kort på.

Dagens mest soleklare gule kort kom då Erik Skorpen slakta ned Kurt ved cornerflagget til Hafslo, men av ein eller annan utruleg grunn så valde Kvam å ikkje gje gult kort. Spør du oss så var denne heilt på grensa til raud kjeks...

Etter 25 minutt fekk Hafslo si utligning. Hafslo har innkast og kastar den inn i 16-meteren vår. Ballen går over Richard og den dett ned i beina på Ole Petter Hatlevoll. Her står 2 VIL-spelarar og ser på i staden for å støyta opp i Hatlevoll, og sistnemde får ein enkel jobb med å setta inn 1-1 målet etter elendig markering frå Veitastrond...

Heldigvis så var det ikkje så lenge Hafslo var med i kampen. Berre minuttar etter utligninga deira så slår Frode ballen nydeleg igjennom til Kurt. Han spring ifrå Hafslo forsvaret, og får si hevn etter den stygge taklinga og plasserar ballen iskaldt i mål åleine med Hafslo keeper Alexander Loftesnes. 2-1 og kotelletten til Torodd Kvam vert kasta rundt på tribuna under dei ville jubelscenene!

Resten av omgangen så kontrollerte stort sett VIL kampen, og når me kom litt i utakt så redda ein god Gøran oss ved eit par høve mot slutten. Vår referent på sidelinga var så imponert over sisteskansen vår at han lurer på om han hadde hatt flaks hjå det motsatte kjønn i helga (?)

Me gjekk til pause med ei fortent 2-1 leiing. Dette er ein godt gjennomført omgang av oss der me har god defansiv kontroll og er heilt klart det mest farlege laget framover på bana. Hafslo på si side er bra med på notane, men dei skapar sjeldan noko så lenge det ikkje er på dødball - diverre ga me dei sjansen alt for ofte til dette ved å gi dei eit utall med unødvendige frispark!

I 2.omgang tok Veitastrond igjen kommandoen i kampen. Tidleg i omgangen så er Bjørn farleg frampå etter fint framspel frå Frode, men diverre redda Loftesnes forsøket og han slo ut til corner.

Redda gjorde han imidlertid ikkje eit par minutt seinare. Emil fekk ballen litt skrått på mål frå ca 20 meter. Han vende bort ein Hafslo spelar før han klinka til med venstrefoten. Ballen gjekk via eit Hafslo-bein og utagbart i målet bak keeper og Veitastrond er oppe i ein komfortabel 3-1 leiing som me aldri har for vane å sløsa vort...

Etter scoringa held me fram å produsera sjansar, og nærmast er me når Bjørn fyrst sender 3 Hafslo spelarar i grilltallerken-kø hjå Torodd, men diverre så snik avsluttninga hass seg ein halv meter utanfor - synd!

I og for seg har me utruleg god kontroll på kampen i denne perioden, men så etter ca 65 minutt skjer det som brukar å skje når me spelar kamp på Leikvoll. Ut frå ingenting reduserer Hafslo når dei spelar seg fint igjennom og Hans Petter Fardal gjer ingenting feil når han kjem åleine med Gøran i VIL-buret og dermed 2-3.

Ikkje akkurat fyrste gongen me let motstandaren vår få komma inn i kampen og sjølvsagt ga dette Hafslo blod på tann. Det skal og nemnast at me ga dei ekstra mykje blod på tann ved å gje bort enormt med unødvendige frispark rundt midtbana. Dette ga dei mange gode sjansar til å setta fram sine hovudsterke spelarar og me fekk aldri skikkeleg tak på deira dødballar.

Og sjølvsagt var det på ein dødball i mot at utligninga skulle komma 15 minutt før slutt. Etter eit frispark inn i boksen vår vart det mykje klabb og babb og ballen enda til slutt opp hjå ein Hafslo spelar som stod åleine på 5 meter, og dundra ballen i mål og dermed 3-3. Nok ein gong hadde me klart å skufla bort ei komfortabel 2-målsleiing.

Hafslo var no tydeleg nøgde med resultatet og dei satsa alle kluter på defansiv organisering. Veitastrond på si side ville vinna kampen, og dette ga uttelling etter 80 minutt. Frode er inne i boksen til Hafslo då han vert felt og dommar Kvam dømmer heilt korrekt straffe til VIL. Straffen set Richard sikkert i buret når han sender keeper til høgre og ballen til venstre og dermed var me på ny i føring. 4-3 leiing, men dette skulle vel og vera mogleg å rota bort...

Me gjorde eit godt forsøk berre 2 minutt etterpå. På endå eit Hafslo frispark får utruleg nok deira beste hovudspelar Lars Bruhaug stå spint åleine på 5 meter, men heldigvis for oss så skyt han eit par meter over. Like etterpå er samme Bruhaug, som no var satt opp som spiss, på farten igjen. Inne i VIL-boksen vert han takla av Kim Andre, og dette såg ut som eit soleklart straffespar frå vår posisjon, men utruleg noko vinka dommar Kvam spelet vidare til vår lukke...

Hafslo held fram med å skapa trøbbel på sine dødballar og etter ca 89 minutt er det på nettopp det at dei får sitt siste mål for kvelden. Even vinn hovudduellen i boksen, men ballen går ut til ein umarkert Ole Petter Hatlevoll. Frå ca 18 meter skyt han ballen vakkert ned i hjørne via stolpen og i mål. Hafslo er i lykkerus medan Veitastrond er knekt - 4-4!

Dei som no trudde at dramaet var over måtte nok tru om igjen. Veitastrond gjorde på ny eit forsøk på å komma tilbake og satsa alt framover. Me fekk frispark ute på høgre som Kurt la innoverskrudd i Hafslo-boksen. Her vinn Arne hovudduellen og ballen går i ein nydeleg boge bak Loftesnes i Hafslo-målet. I ca 3 sekund trur VIL at me har vunne kampen, men dommar Kvam meinar Arne er ufin i duellen og dømmer frispark til Hafslo. Utvilsamt ein omdiskutert situasjon dette, og me har prata med mange folk etter kampen utan å bli overtydde om at dette er korrekt eller ei. Arne hevda i allefall at det ikkje var frispark, men dette hjelp oss lite når det er Torstein Kvam som bestemmer og like etterpå blas han for full tid og dermed enda det 4-4.

Sett utifrå sjansar og spel var forsåvidt dette eit ok resultat. Likevel er det sjølvsagt utruleg bittert å fyrst rota bort ei sikker 3-1 leiing, for så å ikkje klara å halda på 4-3 på slutten heller. Kan og sei at det er surt å få siste målet annulert, men på ei anna side skal me og vera sjelegalde for at Hafslo ikkje får straffe så me føler det går litt opp i opp. No vert det utvilsamt eit rotterace av dei sjeldne om å klara opprykket, men framleis er me i den posisjonen at me kan avgjera dette på eigahand.

Må og ta med at det var eit glimrande arrangement på Leikvoll i kveld. Utvilsamt stor stas at NRK og Arve Uglum vel å setta fokus på denne kampen, og truleg vert det ein reportasje i anten Sportsrevyen eller Norge Rundt (me snakkar altså nasjonalt) - me gler oss. Nok ein gong er det og flott å sjå at folk møter opp i hopetal og i dag var det rundt 180 stk som kosa seg med topp underhaldning og god mat. Til samanlikning ser me at i eit anna lokaloppgjer i regionen mellom Fjøra og Sogndal 2 var det ca 110 stk, og det er grunn til å tru at Veitastrond er blant dei klubbane i fylket med størst publikumsoppslutnad rundt kampane - rett og slett imponerande!

VIL-STJERNA

I dag var det Lars Solnes som fekk dela ut stjernene. Han er både sponsor og ivrig VIL-fan, og vart i dag mest imponert av følgande;

óóó Frode Kvam
óó Kurt Heggestad
ó

Even Kvam

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Frank, Richard, Even, Kim Andre - Bjørn, Geir (Øyvind), Emil, Kurt - Vidar (Arne), Frode

På benken; ein heil skokk

1-0 Frode (Vidar)

1-1 Ole Petter Hatlevoll

2-1 Kurt (Frode)

3-1 Emil (assist ?)

3-2 Hans Petter Fardal

3-3 x

4-3 Richard str.

4-4 Ole Petter Hatlevoll

Gule kort; Kim Andre og Frank på VIL, Dag Ådne Hatlevoll og Erik Skorpen på Hafslo.

Dommartrio; Torstein Egil Kvam, Frode Ølmheim, Stian Aaland (noko variabelt...)

Tilskodarar; ca 180

Sjå mange fleire bilder frå kampen HER (takk til superfotograf Gaute Olstad)


 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com