Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Jølster 2 - Veitastrond 6-5

Det var ikkje godt å sjå at det var Jølster 2 som var botnlaget og Veitastrond som var topplaget i denne topp mot botn kampen i dag. I det som vart eit nytt målkalas vann til slutt Jølster 2 kampen 6-5, og opprykksdraumen til Veitastrond heng dermed i ein syltynn tråd. For fyrste gong denne sesongen er me avhengige av å få hjelp frå andre lag, og dersom Bjørn gjer jobben mot Kaupanger 2 kan gopninane feira opprykk allereie søndag. Eit ekstra skår i gleden i dag var at Even Kvam og Geir Aardal begge vart utviste, og er dermed uaktuelle til siste kampen.

Veitastrond starta som me hadde annonsert på førehand. Kan og ta med at det var eit betydeleg forsterka Jølster 2 som stilte til start i dag, og me trur ikkje det var så mange av dei som var med i dag som starta i vårkampen mot oss. Spesielt Rune Førde som spelte spiss på Jølster 2 var ei hard nøtt å knekka for oss, og me kan allereia no seia at han var kampens store profil.

Det heile byrja meget bra for Veitastrond. Me tok tak i frå start av og hadde bra kontroll på midtbana, og allereie etter 1 min er me nær scoring når Richard skyt utanfor frå ca 16 meter. Like etterpå prøver og Bjørn skotfoten, men heller ikkje han har finsikta foten heilt.

Ein som så til dei grader har hatt finsiktet inne denne sesongen er Frode Kvam, og etter 7 min er han frampå igjen. Ein lang ball frå Even i det bakre ledd treff Frode, som dreg seg forbi ein forsvarar før han enkelt set inn 1-0 til VIL og me har stor tru på at dette er dagen vår.

Etterkvart kom Jølster 2 meir med i kampen, og anført av råsterke Rune Førde på topp var dei konstant farlege. Etter 12 min viser han seg for alvor fram for fyrste gong, då han riv seg laus frå sin oppassar inne i VIL-boksen og nikkar enkelt inn 1-1.

Dette ga jølstringane ei solid vitamininnsprøyting, og VIL fall betydeleg nedpå. 4 minutt etter utlikninga er dei på ny frampå då dei etter litt klabb og babb inne i feltet får lirka ballen bak Gøran igjen og dermed 2-1 til Jølster 2, og det er kanskje på tide å vakna opp Veitastrond?

Diverre klarde me ikkje å summa oss heilt, og etter 21 minutt dømmer dagens uengasjerte dommar Rune Haugland straffe til Jølster 2 etter ein duell inne i feltet. Protestane frå VIL vert avfeia av dommaren, men til all lukke så viser Gøran sine ferdigheter når han meisterleg reddar straffen til Jølster 2 og me er framleis med i kampen.

Etter 29 minutt kjem Jølster 2 på farten igjen, men dei blir stoppa rett utanfor 16 meteren etter ein fantastisk takling av Even Kvam. Diverre så viser Haugland igjen at han ikkje er med, og dømmer frispark til heimelaget - tåpeleg avgjersle av dommaren. Frisparket vert slått kort ut på 16-meteren der Kåre Åmot får stå heilt åleina og lada kanona, eller kanon og kanon fru blom, skotet går rett fram og hadde nok blitt avberga hadde det ikkje vore for at Kurt er uheldig og stussar borti ballen slik at den landar heilt nede i hjørnet til Gøran, og dermed 3-1 til Jølster 2.

Omsider så vakna etterkvar VIL opp frå dvalen igjen. Fyrst er Helge nær når eit skot til slutt vert avverga av keeper, men etter 31 minutt sit ballen i nota når Kurt slår inn frå venstre og finn Frode som enkelt puttar sin andre for dagen og dermed 3-2.

Siste kvarteret av 1.omgang bølgjar fram og tilbake og begge lag har gode sjansar til å scora, men det heile ser ut til å gå til pause med 3-2. Så i omgangens siste minutt får Jølster2 innkast frå venstre og den treff Rune Førde. Han står med ryggen mot mål og skjermar ballen utan at nokon får den i frå han. Til slutt klarar han å venda opp og bankar ballen opp i nettaket og dermed kan heimelaget gå til pause med ei 4-2 leiing.

Alt i alt ein dårleg omgang av Veitastrond, som spelte utan glød og engasjement. Etter ei god opning let me Jølster 2 ta over kampen, og dei leiar fortent 4-2 til pause. Me vel å leigga om til 4-4-2 i pausen, og set Kim Andre inn for Øyvind.

2.omgang startar utan dei heilt store hendingane. Gøran avvergar eit Jølster 2 angrep etter 47 min, Richard skyt rett på keeper etter innlegg frå Frode i det 57.minutt og berre 1 minutt etterpå prøver Kurt seg med ein frekkis frå miden men keeper er med på notane.

Diverre er det nok ein gong Jølster 2 som får hol på byllen igjen, som fyrste lag i 2.omgang. Eit passivt VIL-forsvar let Jølster 2 få komma igjennom i boksen og dei scorar sikkert og dermed 5-2 til Jølster 2.

Dette såg mørkt ut for VIL, men me etterkvart blitt vandt med å både leia og ligga under med mange mål og me veit godt at ingenting er umogleg. Me gjer sjølvsagt eit forsøk, og etter 70 min får me fyrste ball i mål. Helge vert felt inne i boksen, og dommaren gjer VIL straffe. Denne set Richard sikkert i mål, og dermed er stillinga 5-3.

Like etterpå kjem VIL igjen og ballen vert spelt frå Frode (litt usikker på denne assisten??) til Richard som åleine med keeper til slutt får pirka ballen i mål til redusering til 5-4.

Kampen opna seg veldig på dette tidspunktet, og etter 80 min får Jølster 2 ein enorm dobbeltsjanse. Ballen smell i stonga og vert redda på streken, men VIL får utruleg nok avverga situasjonen. I staden går me rett i angrep, og Kurt spelar ballen nydeleg igjennom til Frode som åleine med keeper gjer ingen feil og set sikkert inn sitt 20. mål for sesongen og me har gjort det igjen og kommet tilbake frå håplaust utgangspunkt. 5-2 var no blitt til 5-5!

Hurra tenkte me. Jølster gjekk rett i angrep, men nok ein gong er det heilt utruleg at dei ikkje klarar å scora. Denne gongen gjekk skotet inne i boksen over mål. Regnet byrja og å øsa ned mot slutten, og kampen nådde sitt absolutte klimaks. Etter 86 min heng Even i skjurta til Rune Førde, og får sitt 2. gule kort og dermed marsjordre for vår kaptein.

Like etterpå utnytta Jølster 2 overtalsspelet sitt, og etter eit innlegg frå venstre scora dei sikkert inne i boksen og dermed 6-5.

Dramatikken var likevel ikkje over, og på overtid får me vår andre utvisning for kvelden når Geir er forholdsvis ufin i sin munnbruk mot dommaren og sistnevnte gjer Geir direkte raudt kort! Synd for Geir sin del som spelte ein meget god kamp i midtforsvaret til Veitastrond i dag - ein av dei få som verkeleg gjekk i krigen...

Sjølv med 9 mann får me ein kjempesjanse heilt på slutten når Frode spelar Richard fri på skrått hold åleine med keeper. Her har han ein gylden sjanse til å scora, men kan og senda ballen i midten der Frode og Bjørn står og ventar. I staden bankar Richard ballen ut i Jølstraskogen og fleire sjansar får me ikkje, og Jølster 2 vinn kampen 6-5.

Alt i alt ein dårleg gjennomført kamp av Veitastrond, og me tapar kampen fortent 6-5. Nok ein gong lek me som ei sil bakover, og me kan ikkje heilt sjå kor feilen ligg. Har prøvd mange spelarar og formasjonar no, men det går som regel i samme tralten med mange mål i begge endar. Ellers spelar me utan særleg glød og entusiasme, og alle dei marginane me hadde med oss i vårsesongen ser me at me no får imot oss i haust.

Me nyttar og sjansen til å gratulera Jølster 2 med sigeren. Kampen var vel så viktig for dei, og med dagens siger vil dei truleg unngå nedrykk får 5.divisjon. Me mistenkjer dei for å mobilisera til denne kampen (noko dei er i sin fulle rett til å gjera), og detta gav resultat for deira del. Veitastrond Fotball ynskjer Jølster 2 lukke til vidare i sesongen!

VIL-STJERNA

Vår alltids tilstedverande oppdama Hildegunn Heggestad fekk i dag ansvar for å dela ut stjernene, og ho gjer følgande honnør i dag;

óóó Geir Aardal
óó Helge Skjælaaen
ó

Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

0-1 Frode (Even)

1-1 Rune Førde

2-1 Vegard Flatjord

3-1 Kåre Åmot

3-2 Frode (Kurt)

4-2 Rune Førde

5-2 Kåre Åmot

5-3 Richard str.

5-4 Richard (Frode)

5-5 Frode (Kurt)

6-5 Vegard Flatjord

Gule kort; ingen (trur me...?)

Raude kort; Even og Geir for VIL

Dommar; Rune Haugland (Dømmar utan engasjement, og verkar til tider uinteressert. Ikkje nokon god dag på jobben tykkjer me)

Ingen bilder frå kampen i dag...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com